Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 29. november 2004

Sist oppdatert 18. mai 2020

Kategori

Rå-data

1905 - Folketalsutvikling i Sogn og Fjordane dei siste 100 åra



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar folketalsutviklinga i Sogn og Fjordane frå 1900 til 2001.

Florø kring 1965. I åra før 1865 opplevde Florø svært sterk vekst i folketalet. Det rike sildefisket gav gode tider. Florø har og makta å halda jamn vekst i næringsliv og folketal. 
Fram gjennom tidene har Florø vore ei av dei viktigaste hamnene i fylket for Fylkesbaatane. Mang slags last har passert over kaiane. Her er vi på Fylkeskaia ein marsdag i 1965. Ei last med for til buskapen på øyane står klar til innlasting.

Florø kring 1965. I åra før 1865 opplevde Florø svært sterk vekst i folketalet. Det rike sildefisket gav gode tider. Florø har og makta å halda jamn vekst i næringsliv og folketal. Fram gjennom tidene har Florø vore ei av dei viktigaste hamnene i fylket for Fylkesbaatane. Mang slags last har passert over kaiane. Her er vi på Fylkeskaia ein marsdag i 1965. Ei last med for til buskapen på øyane står klar til innlasting.

Eigar: Fylkesarkivet, SFFf-1997174.0001

Datering: 1965

Fotograf: Stavang, Harald J.

Levebrød i 1891

I folketeljingane i 1891 og 1900 finn me alle innbyggjarane i Sogn og Fjordane med namn, alder, yrke o.s.v. Folketeljinga i 1900 ligg på Internett på Fylkesarkivet sine nettsider. For 1891 har me tal som viser kva alle personar over 15 år hadde som levebrød. Samla folketal var då 87.552 og 57.395 var over 15 år. Levebrøda deira fordelte seg slik:

1. Offentligt arbeide og privat immaterielt erhverv - embedsmænd, bestillingsmænd og private selvstændige næringsdrivende er 677 = 1.18 %
2. Jordbrug og fædrift, havedyrkning, gartneri m.m. 24.142 = 42.06 %
3. Skogdrift, jagt, fiskeri m.m. 1.947 = 3.39
4. Gruvedrift, bergværksdrift 7 = 0.01 %
5. Fabrikindustri, haandværksindustri, smaaindustri 3.789 = 6.60 %
6. Anlæg og vedligeholdelse af kommunikationer m.m. 135 = 0.24 %
7. Handel og pengeomsætning, herbergering og beværtning m.m. 841 = 1.47 %
8. Jernbanedrift, sjøfart, skibsfart, baadfart 277 = 0.48 %
9. Havnevæsen, lodsvæsen, fyrvæsen, flødningsvæsen 17 = 0.03 %
10. Post -, telegraf- , og telefonvæsen 28 = 0.05 %
11. Huslig arbeide 18.485 = 32.21 %
12. Formuesindtægt, føderaad, pension og ubestemt arbeide = 5.142 = 8.96 %
13. Uden erhverv, privat forsørgende, offentlig understøttede, betlere og liredreiere m.m. og uopgivet 1908 = 3.32 %

Folkerike kommunar i 1900 og i 2001

Kring 1900 var det fåe stader i fylket som me kan kalla tettstader. Florø var einaste byen, og me fann fortetta buområde mellom anna på Lærdalsøyra, Vikøyra og Sogndalsfjøra. Ser me på folketalet i dei ulike prestegjelda i 1900, så hadde Førde (med Naustdal) flest innbyggjarar (6708) og deretter Kinn (med Florø 5760), Selje (med Vågsøy 5457) og Gloppen (5181). Dette er rekna etter dei faktiske grensene i 1900. Tek me utgangspunkt i grensene i 2001 og ser kva dei same hadde av folk i 1900, får me dette biletet: Luster (6819), Stryn (5781), Flora (5707) og Gloppen (4975). Førde med dagens grenser (utan Naustdal) hadde berre 3276 innbyggjarar i 1900 og Gulen etter dagens grenser hadde 4198, mot 2478 i 2001. På ein måte så representerer Førde og Gulen ytterpunkta i utviklinga.

Utviklinga i landet og i grannefylka

Folketalet i Noreg har på overflata auka jamt og trutt frå 723.618 menneske i 1769 til 4.520.947 menneske i 2001. Me passerte 1 million nordmenn mellom 1815 og 1825. Me vart 2 millionar kring 1890, 3 millionar mellom 1930 og 1946, og me passerte 4 millionar mellom 1970 og 1980. Mellom 1900 og 2001 auka folketalet i landet vårt med vel 100 % frå 2.240.032 til 4.520.947 menneske . No kan me spørja oss om utviklinga drog alle fylke med seg i ein jamn straum, eller om me finn store skilnader.

Den store vinnarfylket i denne tidsbolken er ikkje Oslo, men Akershus. Her auka folketalet med 411 % frå 1900 til 2001. I Oslo by auka folketalet litt meir enn snittet i landet, 104 %. Andre område med folkeauke langt over landssnittet er Trondheim by (220 %), Stavanger by (202 %), Rogaland elles (193 %), Bergen by (146 %) og Finnmark fylke (125 %). Resten av Hordaland hadde ein folkeauke på kring 112 %. Grannefylket vårt i nord, Møre og Romsdal, auka folketalet med kring 80 %.

Sogn og Fjordane - den store taparen

I Sogn og Fjordane budde det 89.038 menneske i 1900, 5 år før oppløysinga av unionen med Sverige. Dersom fylket hadde hatt ein folkeauke lik snittet for landet, skulle her ha budd kring 180.000 menneske i 2001. Me veit at slik gjekk det ikkje. I 2001 var folketalet i Sogn og Fjordane 107.261. Me skal sjå nærare på tidsrommet frå 1900 til 2001.

Sogn og Fjordane auka folketalet med kring 20 % i dette tidsrommet. Dette plasserer Sogn og Fjordane klårt på botnen mellom alle fylka i landet. Nærast kjem Aust-Agder med 28 %, medan dei andre fylka har langt sterkare vekst, og så dei nordlege fylke.

Tek me eit noko lenger tidsspenn, 1865-2001, får me mykje same biletet. Sogn og Fjordane auka folketalet med berre kring 23 % i denne tidsbolken. Dette er langt dårlegare enn noko anna fylke i landet. Fylka som ligg nærast i svak folkeauke er Oppland, Nord-Trøndelag og Hedmark. Dei hadde likevel dobbel så stor folkeauke, mellom 48 % og 56 % i same tidsrommet. I denne tidsbolken er også Sogn og Fjordane den store taparen.

Dette biletet er så klårt at me må spørja oss korleis dette heng saman. Kva krefter har verka her for å parkera Sogn og Fjordane, medan mest alle dei andre fekk vera med på folkeveksten? Me skal ikkje svara, men sjå nærare på fylket for å avdekka mogeleg lokale eller regionale variasjonar.

Sogn taper - Sunnfjord vinn

Det er naturleg å halda fast ved gjennomsnittleg folkeauke i landet som var kring 100 %. Dette kan vera ein bra målestav. I Sogn og Fjordane auka folketalet berre med kring 20 % eller kring 1/5 av snitte for landet. Me ser først på dei gamle regionane Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Me reknar Bremanger kommune som ein del av Sunnfjord sjølv om delar av kommunen klårt høyrer til Nordfjord.

I 1900 er Sogn den klårt mest folkerike regionen med vel 37.000 menneske. I Sunnfjord budde det kring 1900 om lag 29.000 menneske etter vår reknemåte og i Nordfjord kring 22.000. I 2001 er dette biletet mykje endra. Sunnfjord har teke att og gått forbi Sogn som den mest folkerike delen av fylket. Sogn har stått mest stille med ein auke i folketalet på 1.1 %. Auken i Sunnfjord har vore kring 30 % og Nordfjord kring 26 %. Me minnest utviklinga for landet som var på kring 100 % og ser at ingen av dei gamle fogderia er i nærleiken av dette. Det samla biletet på regionnivå er at Sunnfjord og Nordfjord låg over snittet for fylket og Sogn stagnerte heilt i denne tidsbolken.

Kysten

Det er og interessant å sjå nærare på andre inndelingar. Kystkommunane Gulen, Solund, Askvoll, Flora, Bremanger, Vågsøy og Selje hadde ein folkeauke i denne tidsbolken på vel 21 %. Dette er soleis svært nær snittet for fylket. Ser me nærare på dei ulike kystkommunane, finn me også her store skilnader. Flora (98,9 %) og Vågsøy (66 %) auka mest. Me ser at Flora nådde svært nær gjennomsnittet for landet. Kommunar som Gulen (-41 %), Solund (-2 %) og Askvoll (-9.5 %) hadde sterk nedgang, medan Bremanger (5.2 %) og Selje (8.6 %) hadde svak auke. Me ser klårt at det er Flora og Vågsøy som held kysten oppe på fylkessnittet.

Kommunar som Gulen og Solund har dramatisk folketalsutvikling i denne bolken. Folketalet i Gulen fall frå 4198 menneske i 1900 til 2478 i 2001 når me reknar det geografiske området som utgjorde Gulen i 2001. Det er klårt at desse tala pregar utviklinga samla for Ytre Sogn medrekna Høyanger. I ytre Sogn fall folketalet i denne bolken med 16 %. Held me Høyanger utanfor, er fallet på heile 42 %.

Sogn

Folketalet i Sogn auka med 1.1 % i perioden 1900-2001 men det er Sogndal, Årdal og delvis Leikanger som syter føre at folketalet ikkje fell. Held me desse kommunane utanfor, viser tala ein nedgang på kring 9 % i indre Sogn. Vik (-23 %), Aurland (-34 %), Lærdal (-26 %) og Luster (-27 %) og Balestrand (-21 %). Her ser me klårt korleis Årdal med industri, Sogndal med utdanning og industri og Leikanger med administrasjon fekk ta del i folkeveksten. Dei kommunane som ikkje makta dette, fall av lasset i kampen om nye innbyggjarar. Sysselsetjinga i dei gamle næringane går dramatisk attende, og folk flytter frå desse bygdene.

Kommunane i Sunnfjord og Nordfjord

Folkeauken i heile Nordfjord var kring 26 %, men Vågsøy stod for mykje av dette. Deler me i indre og ytre Nordfjord og reknar Eid til ytre Nordfjord, vert auken i ytre 38 % og i indre berre 14 %. Alle kommunane i Nordfjord har likevel positiv folkevekst. Det var ikkje slik i Sogn og Sunnfjord. Nordfjord har soleis den jamnaste utviklinga på kommunenivået. Sterkast vekst har Eid og Vågsøy medan kommunane i indre Nordfjord ligg mellom 7 og 14 prosent.

Veksten i Sunnfjord var samla på 29 %. Her var og skilnaden mellom kommunane stor. Askvoll, Fjaler, Gaular og Naustdal hadde alle negativ folkevekst. Størst var nedgangen i Gaular med ein reduksjon på kring 22 %. Førde var den store vinnaren med ein auke på 227 %. Dette tilsvarar i prosent veksten i t.d. Trondheim by, og er ein prosentvis sterkare vekst enn Stavanger i same tidsrommet.

Oppsummering

Me hugsar att folkeveksten i snitt for heile landet var kring 100 % i tidsrommet frå 1900 til 2001. Den store vinnaren i vårt fylke, rekna i prosent, er Årdal med ein folkeauke på heile 340 % frå 1900 til 2001. Førde, Flora, Sogndal, Høyanger og Vågsøy hadde alle ein folkeauke på over 66 %. I grannefylka våre auke folketalet i snitt mykje sterkare enn hjå oss. I Møre og Romsdal var auken samla for heile fylket på kring 80 %.

Desse tala gir oss mange spørsmål. Sogn og Fjordane, det vakre fylket, er den store taparen. Folk valde heller Troms og Finnmark enn Sogn og Fjordane. Me har sett korleis eit nærare søkelys viser svært store regionale og lokale skilnader. Kommunar som har makta å skapa nye arbeidsplassar innan industri, handel, utdanning og sørvis har klart seg bra. Kommunar som ikkje har fornya næringsstrukturen sin, har tapt. Årdal og Høyanger fekk industri mellom anna fordi dei hadde vasskraft. Men kvifor makta ikkje t.d. Gulen og Solund noko liknande som Vågsøy og for så vidt og Selje? Dette er eit sentralt spørsmål. Låg dei rett og slett for nær Bergen og slik hamna i vekstskuggen frå byen?

Eg trur at me og må gå mykje djupare i dette og sjå på utviklinga i mindre område og i korte bolkar over tid. Kanskje kan me då finna mønster som set oss betre i stand til å skjøna kva som skjedde og kvifor. Hovudkonklusjonen står likevel støtt: I dei 100 åra som har gått sidan unionen med Sverige har landet vårt utvikla seg med nye næringar og sterk folkeauke. Når unge familiar skulle velja buplass, plasserte dei Sogn og Fjordane på botn av ynskjelista si.

kjelder:

Statistisk Sentralbyrå. Offisiell statistikk. Folketeljingar 1769, 1865, 1900, 1910, 1920, 1930, 1946, 1950, 1960, 1970, 1980, 1990, 2001.

PERMANENT IDENTIFIKATOR