Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 22. januar 2004

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Dei gamle stølsvegane til Stordalen



Folk og fe har i uminnelege tider ferdast til og frå Jostedal i nord, - til Gudbrandsdalen over fjellpartiet Handspiki, og til Nordfjord over storbreen. Det vart etter kvart også mykje ferdsle på begge sidene av elva til og frå dei tre stølane i Stordalen - øvste delen av Jostedalen.

Fåbergstølen i Stordalen, namnet på øvste delen av Jostedalen. To km lenger nordover (framover) ligg stølen Øy og kring to km lenger heime ligg den tredje stølen i Stordalen, Bjørnestegane.

Fåbergstølen i Stordalen, namnet på øvste delen av Jostedalen. To km lenger nordover (framover) ligg stølen Øy og kring to km lenger heime ligg den tredje stølen i Stordalen, Bjørnestegane.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2003.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Tre stølar i Stordalen

Fyrste stølen i Stordalen er Bjørnstegane som ligg like ved bilvegen, ein snau kilometer etter fyrste brua på vegen Fåberg - Styggevatnet. Dette var fjellstølen eller sommarstølen til gardsbruk i Mjølvergrendi, og dei buforte frå gammalt på vestsida.
To kilometer lenger framme ligg Fåbergstølen som var støl for Fåberg-gardane.
Stølen på Øy ligg nye to kilometer lenger nord, på austsida av Fåberggrandane der Sjursdalen (Sprongdalen) kjem ned. Buforingsvegen til begge desse stølane gjekk på austsida av elva.

Gamlevegane synlege frå begge sider

Midt mellom Fåberggrendi og Fåbergstølen gjer dalen ein sving gjennom eit trangt gjel. Den nye anleggsvegen, som vart bygd på 1980-talet, kryssar elva like etter tunnell gjennom ryggen opp mot Haukhammar. Frå tunnellopninga held gamlevegen fram over ryggen, og på det høgaste her, er stølsvegen på vestsida av elva godt synleg i terrenget. Og frå vestsida er det eit langt stykke godt utsyn mot det som er att av vegtraseen på austsida.

Gamlevegen på austsida

Framover dalen frå Haukhammar-ryggen er fleire bratte parti med mykje stein og ur. Vegen her vart rekna for å vera både stygg og vanskeleg. Framme på Fåbergstølen var det bruer over elvane til stølsområdet på vestsida.

På 1930-talet vart det sett i gang utbetring av vegen til Fåbergstølen og Øyastølen. Målet var å koma fram til begge stølane med hjulreiskap. Arbeidet vart for ein stor del finansiert med særlege statsmidlar til nødsarbeid. I kommunestyret si møtebok har prosjektet nemninga ''Setervegen Fåberg - Fåbergstølen - Øy.'' Nyevegen kryssa elva lenger heime enn gamlevegen, på ei bru lagd på høge, oppmura brukár på kvar side.

I 1957 var det råd å køyra fram til Fåbergstølen med bil, men alt i 1956 vart det oppretta mjølkerute til meieriet i Sogndal. På Fåbergstølen var det stølsdrift heilt fram til 1985.
Køyreveg fram til stølen på Øy vart det derimot aldri noko av, og stølsdrifta her var slutt etter sommaren 1964.

Stølsvegen på vestsida

Vegen på vestsida gjekk frå Mjølvergrendi til Liastølen og herifrå vidare framover til Bjørnstegane. Her var og fleire vanskelege parti, - grøver og rasområde, sva og galdar.
Fleire stader i det tronge partiet lengst inne måtte vegen steinsetjast over sva og murast opp forbi bratte hamrar.
Med betre veg på Fåberg-sida på 1930-talet og bru nett heimom Bjørnestegane , slutta dei å bufora på vestsida. Det vart meir lettvint å bruka vegen på austsida. Den gamle stølsvegen frå Mjølver til Bjørnestegane har med åra vore mindre og mindre nytta, men er framleis ein svært interessant turveg.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Øvregard, Kåre: Stølar og stølsliv i Luster kommune. Leikanger 1999.
Kommunearkivet i Luster. Jostedal kommune. Formannskapet. Møtebok 1838-1875.

PERMANENT IDENTIFIKATOR