Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 29. november 2004

Sist oppdatert 19. mai 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

1905 - Gloppen kommune



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Gloppen.

Reed Skysstasjon kring 1910. Her var og landhandleri, postopneri og rikstelegrafstasjon i 1905.

Reed Skysstasjon kring 1910. Her var og landhandleri, postopneri og rikstelegrafstasjon i 1905.

Eigar: Per Rune Vereide, Gloppen

Datering: Ca 1910.

Gloppen kommune i 1905

Det som i dag er Gloppen kommune var to kommunar i 1905: Gloppen og Breim. Breim kommune var identisk med kyrkjesoknet Breim. Gloppen kommune omfatta kyrkjesokna Hyen, Gimmestad og Vereide i 1905. Gloppen prestegjeld omfatta dei fire kyrkjesokna Hyen, Gimmestad, Vereide og Breim. Gardane på strekninga Lote - Hennebygda tilhøyrde i 1905 Gloppen kommune.

Mangesysleri

I 1900 var folketalet 5054. (3153 i Gloppen og 1901 i Breim) Landbruk var den viktigaste næringa både i Gloppen og i Breim. Men i svært mange familiar - ja i nesten alle - var det ein eller fleire som hadde attåtnæringar av ulikt slag. Mange dreiv med fiske, anten fjordafiske eller deltaking i dei større fiskeria ute ved kysten, t.d. torske- og sildefiske. I 1900 er det registrert 36 personar som var involvert i båtbygging, anten som hovudyrke eller som attåtnæring. Vidare var det mange som dreiv med tilverking av reiskap, husgeråd, husbygging, skreddar-, smed- og skomakararbeid. Kvinnene dreiv med korgbinding, veving og spinning. Per Sandal reknar med at bygningsmenn og snikkarar er den største yrkesgruppa utanfor landbruket på denne tida.

Sandane vert tettstad

Det var sparebank i Gloppen - Gloppens Sparebank på Sandane. Det var fire postopneri i Gloppen: Ryssfjøra, Sandane, Hestenesøyra og Hyen . I Breim var det postopneri på Re og i Våtedalen. Det var rikstelefonstasjonar på Byrkjelo, Reed, Sandane og Lote. (Lote var i 1905 ein del av Gloppen kommune). På Sandane var det og telegrafstasjon. Den første telefonstasjonen i Gloppen var i dåverande Breim kommune, og låg på Bjørnarheim. Det var ein privat telefonstasjon som vart teken i bruk 1892/93.

Fylkesbaatane hadde seks stoppestader i Gloppen. Det var Anda, Lote, Hestenesøyra, Hyen, Rygg, Sandane og Vereide. Men det var enno ikkje komen fast motorbåtrute på Breimsvatnet. Det kom først i 1909. I åra kring 1905 var Sandane i ferd med å vekse fram til ein tettstad. Konjunkturane var gode, og optimismen stor. Mange næringsdrivande starta opp eiga verksemd i desse åra. På Sandane var det i 1905 urmakar, fotograf, båtbyggjar, røyrleggjar, slaktar, boktrykkar, skomakarar, avis og fleire til.

Næringsliv og samferdsle

Det var fleire som dreiv med landhandleri i mindre omfang. Størst i 1905 var Gloppens og Bredheims Handelsforening på Sandane. Men det var og eit handelslag på Hestenesøyra - Gloppens Spare og forbrugsforening. Den viktigaste handelsstaden i Brem var på Re. Industriverksemda var lite utvikla i Gloppen og Breim i 1905. Dei største industrianlegga var Evebøfoss Mølle og Shoddyfabrikk med 11 tilsette. Elles var det på Sandane ein tønnefabrikk. Det var to større båtbyggjarar - Austreim Båtbyggjeri og Sande Båtbyggjeri.

I Gloppen og Breim var det mange meieri i 1905. Dei fleste var relativt små: Sandane Meieri, Årdal Meieri, Nedre Breim Meieri, Eggedalen Meieri, Hjelledalen Meieri, Kandal Meieri. Dessutan var det ei rekkje mindre grendemeieri og ysteri, særleg rundt Breimsvatnet. Det klårt største meieriet i Gloppen var Breim Meieri på Byrkjelo. Det var og det største i fylket i 1905, målt etter mjølkemengd. Det var eit topp moderne meierianlegg for si tid, - eit mønsteranlegg.

Det var fire hotell i Gloppen: Egge Hotel, Gordon Hotell (Re), Sivertsens Hotel (Sandane), Hotel Gloppen (Sandane). I 1905 starta Lars Klakegg opp kafe og pensjonat på Sandane.
Vegbygginga hadde teke ny fart i 1890-åra. I 1905 kom vegsamband Våtedalen - Byrkjelo - Sandane. Dette var hovudvegen mellom Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Dessutan var det hovudveg Byrkjelo - Utvikfjellet. I tillegg var det ei rekkje bygdevegar.

".. i spændt Forventning.."

Unionsoppløysinga var den store politiske saka i 1905, og dominerte avisspaltene både lokalt og i riksavisene. På Sandane var det ei nystarta lokalavis. Bygdebladet "Nordfjord" vart skipa opp av ei gruppe som hadde ønskje om å gje ut ei "moderat, konservativ" avis. Ole Jensson Nyhagen var redaktør i 1905. Men her var stor konkurranse om avislesarane i Nordfjord på denne tida. Den radikale avisa "Fjordenes Blad" som kom ut på Nordfjordeid, hadde mykje stoff frå Gloppen. Etableringa av "Nordfjord" må sjåast som eit mottrekk mot den radikale avisa til Haakon Aasvejen (1862-1919) på Nordfjordeid. Aasvejen var lærarutdanna, men han var og ein kjend målmann og republikanar.

Harde diskusjonar om republikk eller monarki

Debattane var mange og ofte intense. Det kan vi sjå av referat frå møte og tilskipingar i Gloppen og Breim for dette året. Første og fremst galt det spørsmålet om styreform, republikk eller monarki. I Gloppen var det eit stort mindretal av republikanarar. Den "republikanske" avisa "Fjordenes Blad" omtalte eit politisk møte på Breim den 8. november 1905 slik:

Søndag politisk møde i Breim. Intet hus kunde rumme tilhørerne, hvorfor mødet var i det fri. Hr. Movinckel holdt foredrag om kongedømme eller republik. Tal.[eren] forherligede kongedømmet. Foredraget fik ynkelig medfart. Livlig og skarp diskussion. Resultatet blev stor seier for republikanerne. Det blir antagelig ikke mange ja-stemmer

Andre saker og hendingar enn unionsoppløysinga

Men mange andre saker var også oppe i tida. Målsaka - arbeidet for meir bruk av nynorsk -, engasjerte mange, og utvandringa til Amerika. Lodalsulukka 17. januar gjorde eit særleg sterkt inntrykk i nabobygdene utover Nordfjorden.

Avisene - "Nordfjord" og "Fjordenes Blad" melde om små og store hendingar rundt frå Gloppen og bygdene omkring. Men dei hadde og stoff frå fylket, andre stader i landet og ute i verda, - gjennom smånotisar og i større oppslag. "Fjordenes Blad" - til dømes - rapporterte i august 1905 at det såg ut til å bli eit kronår, "laderne fyldes dog lidt etter lidt, og høets kvalitet er vistnok meget god. Kornet staar gjennomgaaende pent."

"Underet i Gloppen"

Mangt og mykje opptok folket i Gloppen og Breim i 1905. Ei sak som fekk mykje merksemd var "Underet i Gloppen". Hendinga vart omtalt i Dagbladet, med denne innleiinga:

Et veritabelt under eller overnaturligt syn er for en tid siden iagttatt af nogle veiarbeidere i Gloppen". I samband med legging av postveg langs Breimsvatnet, vart det lagd ei brakke for vegarbeidarane. Her var mest arbeidarar frå Breim, men det var og nokre svenskar med. Ein kveld oppunder jul 1904 mens dei prata og skåla, utvikla det seg heftige diskusjonar og "kvast munnhuggeri.

Nokre trakk kniven og "svor, at de skulde få juling, nogen og hver." Så hendte det: "Midt på gulvet [...] stod en skikkelse som en mands, der var saa stor at hele overkroppen saaes ovenfor beten [beten er ein horisontal bjelke oppe på veggen som ein mann med hatt kunne gå under]. Han stod med korslagte arme og støttet albuerne paa beten idet han sa: "Nu ma de være stille gutter!" Vegarbeidarane fart fælne og forlit brakka same kveld, og ingen ville bu der meir. Kort tid etter brann dei brakka ned. "Hver mand i Gloppen ved, at dette er sant".

Målstrev i kyrkjene

Ingen kyrkjer i Gloppen hadde orgel i 1905, og Sandane Hornmusikk måtte ofte akkompagnere kyrkjesangen ved dei større høgtidene. I ei lesarbrev i "Nordfjord" den 10. mai 1905, vert det stilt spørsmål om ikkje musikkorpset bør få økonomisk stønad for å halde fram sin ueigennyttige innsats. Sandane Hornmusikk var det første amatørkorpset i Sogn og Fjordane.

Som i mange andre kommunar var det kamp om skriftmålet. I fleire av kyrkjene vart det røysting om å gå over til å nytte Elias Blix sine salmar på nynorsk i kyrkjene i 1905. Nynorsken vann fleire viktige sigrar dette året. Både på Vereide og i Breim vann målsaka fram.

Fjordenes blad meldte i august at turiststraumen var omtrent som i fjor. I tillegg til mange turistar frå utlandet, var det mange faste besøkande på hotella, særleg bergensarar. Sivertsens Hotel på Sandane hadde vore vertskap for to prinsar frå Siam og deira attachear. "Fjordenes Blad" skriv: "Alle - de kongelige - de fine, mindre fine og de simple har kun lovord om det herlige Gloppen og dets gode hoteller - med rette."
Same avis rapporterte og om at 1905 såg ut til å bli eit kronår, "laderne fyldes dog lidt etter lidt, og høets kvalitet er vistnok meget god. Kornet staar gjennomgaaende pent."

Nokre nøkkelpersonar

I 1905 var kaptein Jakob J. Myklebust (1851-1922) ordførar i Breim. Han hadde då vore ordførar sidan kommunen vart oppretta i 1996, dvs. 19 år. Myklebust hadde og ei rekkje andre offentlege verv. Han var m.a. amtsrevisor og sat på Stortinget i ei årrekkje.


I Gloppen var Jakob M. Jakobson Lothe ordførar. Han var offiser ("Furér"), og sat som ordførar i åra 1902-1913.


Soknepresten i Gloppen i 1905 var Anton Frederik Winter Jakhelln Prytz. Han var fødd i Alstadhaug i 1853, og kom til Gloppen som sokneprest 1904. Han sat i stillinga i 8 år. Lensmann var Peder J. Støve. Han sat i stillinga fram til 1884-1918. Lensmannsdistriktet omfatta i 1905 både Breim og Gloppen.

Anton Olson Skarstein (1855-1935) var forretningsmann og gründer på Sandane. Han var styrar ved Gloppen og Bredheims Handelsforening. Saman med Elling Viken bygde han Evebøfoss Mølle og Shoddyfabrikk med 11 tilsette. Han bygde eit stort forretningsbygg på Sandane. Skarstein engasjerte seg mykje i offentleg styre og stell. Han var styremedlem i Fylkesbaatane, og sat i kommunestyret for Gloppen i 1905. Nemnast må og Ole Jensson Nyhagen (1867-1946) Han var redaktør og disponent i Bygdebladet "Nordfjord" i 1905.

Lag og organisasjonar

Lag- og organisasjonslivet i Gloppen opplevde ein sterk vekst rundt hundreårsskiftet. Ungdomslagsrørsla stod sterkt både i Gloppen og Breim. Ei rekkje lag vart skipa i perioden 1890 - 1902. Det er registrert heile 12 ungdomslag frå denne tida: Heimlid Ungdomslag (Breim), Nordstrand Ungdomslag, Sandane Ungdomslag, Indre Gloppen Ungdomslag, Årdal Ungdomslag, Eggedalen Ungdomslag, Bukta Ungdomslag, Hyen Ungdomslag, Sudstranda Ungdomslag, Straume Ungdomslag og Breim Ungdomslag. Mange av dei frilynde ungdomslaga engasjerte seg sterkt i spørsmålet om unionsoppløysinga, Ungdomslaga utgjorde på mange måtar eit radikalt og progressivt innslag i bygdesamfunna. Slik var det både i Gloppen og Breim. Medlemane deira var ofte agitatorar for norsk sjølvstende, målsak og andre profilerte venstresaker.

17. mai 1905

Det var ekstra stor oppslutning om 17. mai i 1905. Mange oppfatta 17-mai feiringa i 1905 som spesiell. Bygdebladet "Nordfjord" kom i 17. mai reportasjen sin inn på akkurat dette:

Det hvilte over hele høitideligheden et alvorspreg, man fik indtryk af at de tilstedeværende forstod, at frihedsdagen iaar var lidt andet, end det før har været.

I Gloppen starta dagen med salutt frå Høgenausen kl 0700. Seinare heldt Sokneprest Prytz gudsteneste i Gimmestad kyrkje. Det var ein "meget høitidelig stund, som de tilstedeværende sent glemmer". Klokka 2 på ettermiddagen starta folketoget frå "Øikjeflaaden". Avisa refererer: "Toget havde en anselig størrelse og tok sig meget godt ud med alle de nationalklædte jenter, med smaagutternes flag og foreningernes faner." Etterpå var det talar og "idrætslege for børn og voksne".

Oppslutnaden om fridomsdagen var ekstra stor også i Breim. "Fjordenes Blad" melde om at dei aldri hadde sett større oppslutnad. I kyrkja var det gudsteneste: "pastor Eckhoff, som er ein varm fedrelansven, heldt so ei god og tankjevekkande tale for dagen, som me som høyrde på lenge vil ha godt av." Seinare på dagen var det fest med talar, leik og matstell fleire stader, på Re, Flølo og i Kandal.

7. juni 1905

7. juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var ein onsdag og vanleg kvardag, men folk venta i spaning på siste nytt frå hovudstaden og Stortinget. Etter kvart som nyhendet vart kjent, heiste folk flagget og somme stader sende dei helsingstelegram til styresmaktene. Stortinget sende ut ei kunngjering om unionsoppløysinga. Kyrkjedepartementet sende oppmoding til prestane om å lesa opp kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag, den 11. juni, eller seinare. Svært truleg skjedde dette i Gloppen og.

Folkerøystingane - røysterett og valstyre

Det var to folkerøystingar i 1905:
Søndag 12. og måndag 13. november då folket skulle svara ja eller nei til om Stortinget skulle utkåra ein konge. I røynda var dette eit val mellom kongedømme og republikk.

Gloppen valsokn tilsvara dåverande Gloppen kommune og Breim kommune. Valstyret var samansett av: lensmann Peder J. Støve (formann), Jacob Lothe (ordførar i Gloppen), Jakob Myklebust (ordførar i Breim) og Anton Skarstein, Kristina Eikenæs, Jens Andenæs, Rasmus Løsæt, Rasmus Bogstad, Kristen Reed, Ivar Seime, Arne Hjemsæter og Ole Ryg. Alle medlemer i kommunestyret.
Ved begge røystingane var det tre røystestader:
a) i Vereide kyrkje, b) i skulehuset på Straume, Hyen, c) i kommunehuset på Reed. Oppteljinga føregjekk i Vereide kyrkje, med heile valstyret tilstades.

Folkerøystinga i august - ja eller nei til unionsoppløysinga

Resultatet for Gloppen valsokn: Av 1129 som hadde røysterett, røysta 1073 (95 % ). Alle røysta ja. 11 stemmer vart forkasta.
Resultatet for Sogn og Fjordane: 16 819 hadde røysterett. Det vart avgjeve 16 718 (88,7 %) godkjende røyster. Berre tre røysta nei.
Resultatet for heile landet: 435 376 hadde røysterett, 368 392 godkjende røyster (368 208 ja, 184 nei).

"Varme og sterke var Ordi som Pryz tala fyre Avrøystingi. "

Den unge studenten Martin Birkeland fortel om sine inntrykk frå denne dagen i Gula Tidend 25. august. Han startar med å fortelje at sokneprest Prytz "gjorde sværande mykje til aa faa Folk til aa møta". Han rosar presten for sin gode innsats. Birkeland fortel at "det er eit venlegt syn aa sjaa desse fagre Strenderne med vene hus, store Aldehagar og Flagd på kvar gard.". Gudstenesta i Vereide kyrkje søndag 13. august gjorde eit sterkt inntrykk:

Varme og sterke var Ordi som Pryz tala fyre Avrøystingi. Og daa Hornmusikken spela og heile Lyden standande sang "Gud signe vaart dyre Fedreland" var alle gripne og mange Augo vaate." Frå sjølve avrøystinga fortel Birkeland at "Det var høgtidsamt og gildt aa sjaa heile denne Lyden - fraa unge 25-aaringar til gamle kvite Gubbar rusla fram og skulde røysta, leggja sitt "Ja" i Urna.

Privat kvinneunderskriftsaksjon

Kvinnene hadde ikkje statsborgarleg røysterett i 1905. Men kvinnene ynskte å gje sitt ja, tilliks med mennene. Fleire kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein landsomfattande underskriftsaksjon, og den 22. august overleverte dei over 250 000 underskrifter til Stortinget.Truleg var kvinner i Gloppen og med på underskriftsaksjonen, utan av vi veit det sikkert.

Folkerøysting i november - kongedømme eller republikk

Resultatet av folkerøystinga i november for Gloppen valsokn: Av dei 1134 som hadde røysterett, røysta 887 (78, 2%) 8 stemmer vart forkasta. 596 (67, 8 %) røysta ja (for kongedømme), 283 (32, 2 %) røysta nei (for republikk).

Resultatet for Sogn og Fjordane: 18 278 hadde røysterett, 14 315 (78,3 %) godkjende røyster. 11 507 (80,4%) røysta for kongedømme, 2 808 (19,6%) røysta for republikk.
Resultatet for landet: 331 833 hadde røysterett, 244 124 godkjende røyster (73,5%). 194 189 (79,5%) røysta for kongedømme, 49 935 (20,5%) røysta for republikk.

Den nye kongefamilien

Den 18. november valde Stortinget prins Carl av Danmark til Norges konge. Han var gift med prinsesse Maud frå England og sonen deira heitte Alexander. Prins Carl tok namnet Haakon 7. og Alexander sitt namn vart endra til Olav. Den nye kongefamilien kom til Kristiania med det norske marinefartyet "Heimdal" om kvelden 25. november der tusenvis av feststemde menneske venta.

I mange bygder vart det skipa til festar i høve Norges nye kongefamilie. Ofte var det ungdomslaga som arrangerte tilstelningane. Med så mange ungdomslag i Gloppen, er det svært truleg at det var slike tilskipingar her og.

kjelder:

Statsarkivet i Bergen: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, utskrift frå valstyra, folkerøystinga 13. august og folkerøystinga 12. og 13. november.


Avisa Fjordens Blad.1905.


Avisa Bygdebladet "Nordfjord".1905.


Avisa Søndfjords Avis.1905.


Aaland, Jacob: Gloppen - Breimn. Kommunesoga 1838-1937. Sandane 1937.


Avisa Gula Tidend.1905.


Gjerde, Anders: "Kommunane i Sogn og Fjordane, grenseendringar gjennom tidene". I: Kjelda nr. 3 2002.


Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Prosjekt lagsarkiv. Rapport, Gloppen kommune. 1993.


Helland, Amund: Nordre Bergenhus Amt. Del 2. Kristiania 1901.


Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. . Band II Sandane 1979.


Hansen, Odd: Korps i Gloppen 100 år.Sandane 1937.


Vereide, Per Rune: "Posten i Gloppen", i: Ljøren. Sogeskrift for Gloppen.1999


NRK Sogn og Fjordane: Fylkesleksikon.2005

PERMANENT IDENTIFIKATOR