Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Kyrkjebø kyrkje



Kyrkjebø kyrkje er ei treskipa langkyrkje i tre som står i bygda Kyrkjebø i Høyanger kommune. Kyrkja, som har 500 sitjeplassar, vart vigsla 7. oktober 1869. Arkitekt var Eilert Christian Brodtkorp Christie (1832-1906). Kyrkjebø kyrkje er soknekyrkje for Kyrkjebø sokn i Lavik prestegjeld. 1. januar 1997 vart grensene til kyrkjesoknet endra, og soknet vart delt i tre.

I dei fruktbare bakkane ved Sognefjorden har det stått kyrkjer lenge før dagens staselege kyrkje vart reist - det er namnet på staden og kyrkja eit godt vitnemål om.

I dei fruktbare bakkane ved Sognefjorden har det stått kyrkjer lenge før dagens staselege kyrkje vart reist - det er namnet på staden og kyrkja eit godt vitnemål om.

Eigar: Høyanger kyrkjekontor.

Datering: 2000.

Fotograf: Ukjend.

Christie-kyrkje

Kyrkjebø kyrkje er bygt som ei treskipa langkyrkje, inspirert av stavkyrkjestilen, med eit høgt skip i midten og to lågare sideskip. Kyrkja er typisk for arkitekt Christie og ein kjenner att mykje av stilen frå dei andre kyrkjene han utforma på denne tida. Men det heilt særmerkte for Kyrkjebø kyrkje skal vere at inspirasjonen til koret er henta frå langkoret i Nidarosdomen. Og det kan gjerne vere sant, sjølv om dimensjonane er svært ulike. Øvst på veggene i hovudskipet er der vindauge i farga glas. Sideskipa har berre vindauge på dei vestre sideveggene. Interiørfargane er uvanleg friske. Alle søylene har turkis farge, og elles er blått og raudt gjennomgangsfargar.

Bygd utan offentleg lån

Kyrkja er plassert ganske nær fjorden, ettersom dei fleste av kyrkjefolket frå gammalt har komme roande eller siglande. Den røffaste kyrkjevegen hadde dei som budde på sørsida og måtte krysse Sognefjorden, fram til midten av 1920-talet frå Ortnevik og til 1997 for folk på Strendene.
I samband med byggjearbeidet i 1869 fekk bygdefolket ei kontantutgift på 5000 spesidalar, fordelt som skatt på bøndene. I tillegg til innleigd arbeidskraft, vart den den staselege kyrkja reist med hjelp av bønder og husmenn som gjorde pliktarbeid: "Gaardbrugerklassen, yder et lige Antal Dage Pligtarbeide pr. Mand .. hvorimod Husmandsklassen vil komme til at yde Haandrekningsarbeide omtrent det halve Antal Dage .." Det vart ikkje teke opp offentleg lån for å reise kyrkja, og dette gjorde eit stort inntrykk på samtida. Kyrkjebø fekk ord på seg for å vere eit av dei best styrte herada i fylket.

Endringar og oppussing

Frå den fyrste tida er det fortalt om ymse målararbeid inne og ute, og dette tyder på at kyrkjeinnreiinga var mykje den same som i dag. Taket var frå fyrst av lagt med firkanta steinheller, men desse tetta ikkje skikkeleg. I 1920 vart det lagt nytt tak med med vossaskifer. I 1957 fekk kyrkja nytt panel på veggene, det vart sett inn plater i himlingen, og for å gjere kyrkja varmare vart det også montert inn nye glas og nytt golv. Før hadde kyrkja vore både kald og trekkfull, men no fekk ho oljeomnar som endra på det. Innvendig fekk ein del av inventaret nye fargar. Frå 1966 fekk kyrkja elektrisk oppvarming. I 1967 vart det utført eit stort arbeid med reparasjon av tårnet, som var i nokså dårleg forfatning. Taket har vore skifta, og kyrkja er oppattmåla fleire gonger. I 1986-1987 fekk kyrkja nytt tilbygg på nordsida, med toalett og bårerom. Dette erstatta eit mindre tilbygg som stod der før.

Kunst og inventar

På alteret står to lysestakar i messing frå 1600-talet, eit krusifiks i metall frå 1969 og eit antependium frå 1869. Nattverdutstyret er ein kalk med innskrift, ein disk i sølvplett, ei brødøskje frå 1926 og ei vinkanne frå 1969.
Den sekskanta døypefonten av tre, med messingfat, er frå 1600-talet,. Preikestolen er frå 1869, og ei tolvarma lysekrone i messing er frå 1600-talet. Lysekrona med seks armar er nemnd i inventarlista frå 1675, ifølgje bygdeboka er det den same som heng i kyrkja den dag i dag.
Her er tre kyrkjeklokker: Ei stor frå 1200-talet, har innskrifta "Ave Maria gra tia plena" (Ver helsa, Maria, du som er full av nåde (Luk. 1,28), ei lita frå 1988, laga av Olsen Nauen, med innskrifta "Til Guds Ære", og ei skada frå 1200-talet, som er utstilt i våpenhuset.

Steinkrossar

Ein dag i 1958 kom eine sonen til Hjørdis Frivik (f. 1914) på Kyrkjebø heim og fortalde at no låg krossane nede i flomålet i fjøra. Guten visste godt om krossane og kvar dei eigentleg høyrde heime. Hjørdis varsla Edvard Kyrkjebø, bonden som eigde grunnen. Då han kom til, var den eine krossen borte. Den andre drog han opp til kyrkjegarden med hest og slede.
Bygdeboka fortel at dei to steinkrossane, ifølgje segna, stod over gravene til to sjømenn som drukna. Slike steinkrossar er vanlegvis tidfesta til tidleg kristen tid. Steinkrossen heng i dag på veggen i våpenhuset. Dei gamle i bygda brukar nemninga Olavskrossen. Hjørdis Frivik hugsa at han stod utanfor kyrkja, saman med ein annan som såg nesten likeins ut. Gjennom alle år stod dei to steinkrossane der, og verken Hjørdis eller andre eldre menneske i bygda veit sikkert kva som førte til at dei vart tekne vekk. Men dei hugsar at kommunen sine folk arbeidde på kyrkjegarden fleire gonger utover på 1950-talet. Truleg har dei ikkje skjøna kva kulturminne dei hadde med å gjere, og det kan vere forklaringa på at krossane hamna i fjøresteinane, meiner Hjørdis Frivik.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.
Kyrkjebø kyrkje 100 år. Kyrkjebø sokneråd, 1969.

PERMANENT IDENTIFIKATOR