Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 26. november 2004

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

1905 - Korleis folkerøystingane vart administrerte



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om korleis dei to folkerøystingane i august og november vart administrert lokalt.

Folkerøysting i Eid kyrkje, 13. august 1905. Kyrkja var pynta med flagg og riksvåpen. Fjordenes Blad skreiv at inngangen til dei to røysteavlukka var dekka med flagg.

Folkerøysting i Eid kyrkje, 13. august 1905. Kyrkja var pynta med flagg og riksvåpen. Fjordenes Blad skreiv at inngangen til dei to røysteavlukka var dekka med flagg.

Eigar: I Eid kyrkje 150 år.

Datering: 1905.

Fotograf: Isak Hellebust.

Rettleiing til valstyra

Den 28. juli 1905 vedtok Stortinget at det skulle haldast folkerøysting søndag 13. august, (ja eller nei til unionsoppløysinga). Med ein frist på berre to veker måtte det handlast "paa hurtigste maade", både sentralt og lokalt. Same dagen som Stortinget gjorde vedtaket sende Justis- og politidepartementet ut rundskriv til dei lokale valstyra om folkerøystinga med instruks i 14 punkt om korleis folkerøystinga skulle gjennomførast.
Ei tilsvarande rettleiing vart send ut til folkerøystinga i november (ja eller nei til å velja konge).

Som stortingsval

Folkerøystinga 13. august (og folkerøystinga 12./13. november) skulle haldast i samsvar med Lov om manntal og stortingsval av 24. februar 1900, med tillegg av 10. mars 1903 (Vallova). Røysteretts-manntalet ved stortingsvalet i 1903 skulle oppdaterast av ei manntalsnemnd med lensmannen som manntalsførar. Valstyret var etter vallova samansett av manntalsføraren og formannskapet. Særskilde reglar galdt der valsoknet omfatta meir enn ein kommune.

Ja eller nei

Innkalling til val (røysting) måtte ordnast straks. På røystesetlane - trykte eller handskrivne - skulle stå Ja eller Nei. Røystesetlar der det stod meir, skulle forkastast. Straks røystinga var avslutta, skulle valstyret telja opp røystene og føra resultatet inn i valboka, og "derpaa uopholdelig paa hurtigste maade, om muligt ved telegraf" senda melding til justisdepartementet.

Røystestad - vallokale

Med omsyn til valstad var bestemt at røystinga som hovudregel skulle haldast på dei same stadene som ved stortingsvalet i 1903, men elles var det opp til valstyret å ta avgjerd om dette. I Sogn og Fjordane var kyrkja vallokale dei fleste stadene, slik det hadde vore vanleg ved stortingsval.

Prestane fekk pålegg om, at dei stadene der røystinga skulle haldast i kyrkja, måtte alle kyrkjelege handlingar tilpassast dette. "Ministerielle forretninger" måtte ein prøva å unngå denne dagen, men sjølve gudstenesta skulle haldast som vanleg. I valsokn der kyrkja ikkje var røystestad, og gudstenesta kunne vera til hinder for å delta i røystinga, vart det oppmoda om i staden å halda ei kort gudsteneste i røystelokalet.

Ein eller fleire røystestader i kvart valsokn

Det var opp til valstyret å fastsetja om det skulle vera meir enn ein røystestad i valsoknet. Hovudmønsteret var val eller røysting i kvart kyrkjesokn, men det er fleire unntak. Vik valsokn (tilsvara prestegjeldet og kommunen) med tre kyrkjesokn hadde ein valstad, likeeins kystkommunen Askvoll med to kyrkjesokn.

Kunngjering

Valstyra hadde ansvar for å kalla inn til valting, til røysting. "Administrator" og formann i valstyret var til vanleg lensmannen. Offisielt vart det gjort på fleire måtar: ved kunngjering på kyrkjebakken, pr. post, ved oppslag på stader der folk ferdast og gjennom annonser i lokalblad. Referatet i møteboka for valstyret i Jølster er eit godt vitnemål om korleis valstyret der kalla inn til folkerøystinga i november. Særleg merkjer ein seg at det vart ordna med oppslag på meieria. Jølster er kjend som kommunen "med dei mange meieri."

Det står: "Administrator bemerkede, at efterat ordre om nærværende folkeafstemnings afhold modtoges, ikke har været afholdt gudstjeneste ved Aalhus kirke, hvor han gjennem særskildte breve til de stemmeberettigede i dette sogn har søgt at gjøre disse bekjendt med dagen for afstemningen og om at de nærmere indkaldelser har været opslaaet paa handelsstederne og meierierne i sognet. For Helgheims sogns vedkommende har indkaldelse været kundgjort ved læsning fra kirkebakken og opslag paa handelsstederne og meierierne."

Oppteljinga

Oppteljinga føregjekk samla for heile valsoknet. I valsokn med fleire røystestader hadde dei særskilde røystestyra ansvar for å frakta røystesetlane i forsegla urne eller pakke og valprotokollane til oppteljingsstaden.

Valmanntalet for stortingsval viste kven som hadde røysterett. Sum avgjevne røyster kom fram ved røyster avgjevne ved
1) personleg frammøte og
2) innsende eller innleverte røyster (røyster ved forfaldsmelding) frå folk som av ulike grunnar ikkje kunne møta fram i røystelokalet. Forfallsrøystene kunne sendast inn til valstyret eller leverast på valtinget (røystestaden).

Fyrst vart forfallsrøystene talde opp og kontrollerte. Sjølve røystesetelen skulle liggja i attlimd, offisiell konvolutt som igjen skulle liggja inni ein annan konvolutt saman med eit fylgjeskriv. Fylgjeskrivet skulle innehalda ei rekkje fastsette punkt. Det skulle til dømes vera ei erklæring frå veljaren at han sjølv hadde lagt setelen i røystekonvolutten og sjølv limt att konvolutten utan at nokon andre hadde sett på. Underskrifta hans skulle vera attestert av to personar. Det var alt i alt mange ting å passa på, og dersom ikkje alle formalia var i orden, vart røystesetelen forkasta. Ein stad vart t.d. ei forfalls-røyst forkasta fordi valstyret meinte røystaren ikkje hadde god nok grunn til å røysta på denne måten. Dei visste han var heime, og i god nok stand til å ta seg fram til røystelokalet.

Dei godkjende forfallsrøyst-konvoluttane vart så blanda med dei personleg avgjevne røystekonvoluttane. Det neste steget var å opna kvar røystekonvolutt, kontrollera sjølve røystesetelen, og telja opp dei godkjende røystesetlane. Det skulle berre stå ja eller nei. Stod det noko anna, skulle røystesetelen forkastast.
Ved røystinga 13. august vart t.d. ei røyst i Hafslo forkasta fordi det stod utropsteikn etter ja, og i Sogndal ei fordi det stod: "Unionen er ugjenkaldelig opløst!"

Det endelege oppgjeret vart då: Avgjevne røyster minus forkasta røyster = godkjende røyster. Deretter fylgde resultatet - kor mange ja og kor mange nei.

Innføring i føreskrivne protokollar

Røystinga (valet) skulle førast "til protokolls" etter føreskrive mønster. I valboka vart t.d. ført inn stad, tid, namn på dei som styrde valet, kunngjeringar, kontroll og oppteljing, og resultat. Det skulle og førast valbok for dei særlege røystekrinsane. Dei som ikkje røysta ved personleg frammøte skulle førast inn i bok for "forfaldsanmeldelser."

kjelder:

Heiberg, J.V.: Unionens opløsning. Kristiania 1906.
Statsarkivet i Bergen: Utskrift av valbøker frå fleire valsokn.

PERMANENT IDENTIFIKATOR