Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Innvik Ullvarefabrikk



Wald P. Skaaden og Andreas R. Svarstad stod bak skipinga av Indvikens Uldspinderi. Den fyrste bygningen stod ferdig i 1890. Han har seinare vorte utvida fleire gonger og skal vera den største fabrikkbygningen av tre i Norden og mellom dei største i Europa. I 1993 tok stiftinga "Gamle Innvik Ullvarefabrikk" over den gamle fabrikkbygningen.

Indvikens Uldvarefabrik i 1914. Dette året vart bygningen utvida med ein ny fløy. Grunnflata i bygningen vart no 950 m² og samla golvflate for første og andre høgda pluss loftet var i alt på 2500 m². Bygningen er mellom dei største trebygningane i Europa.

Indvikens Uldvarefabrik i 1914. Dette året vart bygningen utvida med ein ny fløy. Grunnflata i bygningen vart no 950 m² og samla golvflate for første og andre høgda pluss loftet var i alt på 2500 m². Bygningen er mellom dei største trebygningane i Europa.

Eigar: I boka Indvikens Uldspinderi 1890 - Innvik Ullvarefabrikk 1990.

Datering: 1914.

Fotograf: Ukjend.

Wald P. Skaaden og Andreas R. Svarstad

Idéen til skiping av ein ullvarefabrikk i Innvik har Wald P. Skaaden (1862 - 1943) æra for. Han kom attende til Innvik i 1889 etter fire år i Amerika. Etter ein tur til eit møte i partiet Venstre i Sogndal, der han nytta høvet til å sjå på Sogndal Ullvarefabrikk, vart han overtydd om at ei slik verksemd kunne høva i Innvik.


Andreas R. Svarstad (f. 1870) var både syskenbarn og svoger til Wald P. Skaaden. Han fekk ansvaret for organiseringa av produksjonsliner og prosess i den nye bygningen - samt opplæringa av dei tilsette.

Indvikens Uldspinderi

Verksemda fekk ein god start sjølv om konjunkturane var i mot dei på 1890-talet. Eit godt kontaktnett vart etablert med kommisjonærar og kundar over store delar av amtet - og andre stader på Vestlandet. Dei tok også i mot filler som kunne rivast opp og blandast med ulla - slik vart dei resirkulerte. Ulla som bøndene leverte på førjulsvinteren var spunne ferdig på etterjulsvinteren. Då kom bøndene attende og henta garnet. Kvinnene kunne så til å veva og strikka gjennom resten av vinteren.

Vasskraft og litt damp

Indvikens Uldspinderi vart bygt på vestsida av Storelva slik at ein lett kunne nytta vasskrafta til å driva maskinene i fabrikken. Dei fyrste åra vart maskinene drive både med handemakt og med direkte overføring av drivkraft frå vasshjul i elva. Ei 70-80 meter lang trerenne førte vatnet frå elva til ein innebygd turbin i kjellaren i fabrikken. Seinare vart trerenna skifta ut med eit 300 meter langt jernrøyr.
I 1905 tok fabrikken i bruk ei kolfyrt dampmaskin, som skaffa kraft i tillegg til vasskrafta. Krafta vart overført ved hjelp av reimar og drivkraft på det same akslings- og utvekslingssystemet som vasskrafta. Dampen frå dampmaskina vart også nytta til oppvarming etter same prinsippet som for sentralvarmeanlegg. Det var svært kaldt inne i den store fabrikkbygningen og det var trong for skikkeleg oppvarming.
Seinare bygde fabrikken eige kraftverk. Det fyrste stod ferdig i 1914, men synte seg å vera for lite. I 1919 stod eit nytt ferdig, men same dagen som det vart opna, brast demninga og vatnet som strøymde nedover gjorde store skader. Men alt året etter stod eit nytt kraftverk ferdig med ein betre damkonstruksjon.

Indvikens Uldvarefabrik

Både i 1898 og 1900 vart fabrikken utvida og dei fyrste vevemaskinene vart installerte. Verksemda endra namn til Indvikens Uldvarefabrik. No kunne ulla foredlast ikkje berre til garn men òg til tøy og teppe. Ein tok til med kjøp av ull til produksjon for den frie marknaden og kundekrinsen vart stendig større etter kvart som kjennskapen til verksemda voks. I dei næraste 6-7 åra vart produksjonen dobla og arbeidarane måtte arbeida på skift for å halda tritt med etterspurnaden. Arbeidsstokken var i byrjinga på 15 til 20 tilsette, men alt ved århundreskiftet var den oppe i 40 til 50. Fabrikken var den største i sitt slag i amtet (fylket).

Arbeidarane

I byrjinga var arbeidsdagane lange på fabrikken. Klokka halv sju om morgonen starta dagen og varte til klokka halv åtte om kvelden. Dei hadde tre matpausar på til saman tre timar. Frukostpause frå halv ni til ni, middag frå tolv til eitt og nons frå halv fem til fem. Laurdag slutta dei klokka to om ettermiddagen og søndag hadde dei fri. Den lange arbeidstida tærte på kreftene, ikkje minst hjå dei yngste jentene. Etter nokre år vart arbeidstida korta ned. Tekstilarbeidarane i Noreg fekk sett ned arbeidstida frå 64 ½ t til 60 t i veka i slutten av 1890-åra. I 1915 kom lova om maksimum 10 timars arbeidsdag og i 1919 vart den sett ned til 8 timar.

Skaaden vart eineeigar

Skaaden overtok våren 1912 Svarstad sin part i fabrikken for 73 000 kr, og vart eineeigar. Etter at det i lang tid hadde vore usemje mellom dei to eigarane, skilde dei no lag.
Fabrikken hadde dette året 50 tilsette. Det vart m.a. investert i nye tyske vevstolar. I 1914 vart bygningen utvida med ein ny fløy. Grunnflata i bygningen vart no 950 m² og samla golvflate for første og andre høgda pluss loftet var i alt på 2500 m². I fabrikkbygningen var det fire sett kardemaskiner, fire spinnemaskiner, ni vevstolar og mykje utstyr til bruk ved farging, stamping og overskjering. Endå fleire maskiner var tinga og ville verta monterte så snart som verdskrigen var over.
I mellomkrigstida var det vanskelege kår for mange og Indvikens Uldvarefabrik sine resultat svinga mellom underskot og overskot. Men korkje dårlege tider eller naturkatastrofar klarte å ta knekken på verksemda.

Skaaden døyr

Under den andre verdskrigen fekk fabrikken problem med dei tyske okkupasjonsmaktene. Skaaden nekta å etterkoma tyskarane sine krav om å blanda ulla med andre stoff for å dryga ho ut. 23. september 1943 døydde Wald P. Skaaden, nær 81 år gamal. Dei fire borna hans overtok fabrikken, men også dei fekk bråk med tyskarane som ville stenge fabrikken om dei ikkje følgde ordren om redusert kvalitet.
Etter krigen låg fabrikken tre år på etterskot med produksjon og levering. I tillegg var etterspurnaden stor. Økonomien betra seg, men fabrikken vart ilagt ei bot for for høg produksjon under krigen.
I 1949 vart Indvikens Uldvarefabrik omgjort til aksjeselskap med dei fire syskena som aksjeeigarar.

Møbelstoff

Omstillinga til produksjon av møbelstoff på 1960-talet vart ein stor suksess. Møbelindustrien på Sunnmøre vart den største kunden. I 1971 flytta fabrikken inn i ein ny fabrikkbygning.
På 1970- og 1980-talet hadde verksemda år med både underskot og overskot, men ho var så godt inne i bransjen at ho har klart å overleva. I 1986 bygde dei eit tilbygg til den nye fabrikkbygningen. Då var talet på tilsette kome ned i 22.
Då den nye bygningen til Norges Bank vart bygd leverte AS Innvik Ullvarefabrikk møbelstoff til kontoret til banksjefen. I 1987 leverte dei framleis mykje av stoffet som vart nytta i norsk møbelindustri.

Nye eigarar - ny satsing

I 1991 gjekk verksemda frå å vera familieeigd til å få inn nye eigarar, såkalla strategiske investorar, saman med dei tilsette i verksemda. Etter dette vart det satsa endå sterkare på design og kvalitet. Som følgje av dette investerte fabrikken i topp moderne design- og produksjonsutstyr. Verksemda vart i 1995 også ISO-sertifisert. (ISO: International Organization for Standardization).
På same tida byrja dei å sjå på om det var mogleg å auka eksportdelen ved verksemda. Dette har ført til at Innvik Ullvare AS per i dag har stor eksport og framleis legg vekt på å vidareutvikle denne.

Den gamle bygningen

Gamlefabrikken stod lenge utan vedlikehald før nokon tok initiativet til å restaurera han. I 1990 sende Vikaneprosjektet ein førespurnad til kommunen om å ta opp forhandlingar med ullvarefabrikken om overtaking av den gamle fabrikkbygningen. Etter eit møte der også fylkeskommunen tok del vart det konkludert med at bygningen var verneverdig og måtte takast vare på.
Sidan 1991 har det vore drive restaureringsarbeid. Heile 1400 glasruter er skifta og taket er reparert. Stiftinga Gamle Innvik Ullvarefabrikk står bak restaureringa og dei kan tilby omvising i bygningen. Her står framleis mange av maskinene som vart brukte fram til 1971. Dei kan òg syna fram mange av dei produkta som har vorte framstilte i den tida det vart drive produksjon her.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Nygjerd, Gunnar: Indvikens Uldspinderi 1890 - Innvik Ullvarefabrikk 1990.
Avisa Fjordingen 09.07.1990.
Avisa Fjordingen 21.07.1997.
Heimesida til Innvik Ullvare AS.

PERMANENT IDENTIFIKATOR