Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 31. august 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Island - Fire maleri i Reykjavik



Artikkelen handlar om fire maleri på Island med tilknytning til Sogn og Fjordane, - tre Anders Askevold-bilete og eitt av Karl Straume. Alle var gåver til Island, - Askevold-bileta i 1880-åra og Straume-biletet i 1954.

Det eine islands-maleriet viser bygda Dale med utsyn frå garden Yksnebjør vestover Dalsfjorden. Maleriet er signert "A.Askevold.1887".

Det eine islands-maleriet viser bygda Dale med utsyn frå garden Yksnebjør vestover Dalsfjorden. Maleriet er signert "A.Askevold.1887".

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2004.

Fotograf: Foto frå Alltinget, Island.

Påtenkt gåve til tusenårsjubileet i 1874
I 1874 feira Island tusenårsjubileum for den fyrste faste busetjinga. Under eit "Amtsmøde" i Førde sommaren same året, kom tanken opp om å senda ei minnegåve. Det vart oppretta ein komite med Andreas Aabel som formann. Andreas Aabel var distriktslege i Sunnfjord og busett på Falkenstein i Førde. Gåva skulle vera eit stort landskapsmaleri med motiv frå fjorden dei to fyrste landnámsmennene (innvandrarane), Ingolv Arnarson og Herleiv Rodmarsson frå i 874.

Basar til inntekt for maleriet
Komiteen sette straks i gang med innsamling, og Aabel sende opprop til avisene. Oppglødd som han tydelegvis var, og utstyrt med diktarevner, skreiv han minst to islandmaleri-dikt. Det eine er teke med nedanfor. Ved eit høve vart kvinnene i Nordre Bergenhus Amt særleg utfordra til innsats. I fleire annonser utover våren 1875 vart dei oppmoda om å senda inn "gjenstandar" til ein basar i Førde til inntekt for maleriet.

Lukkast ikkje heilt
Trass stor iver og innsats i byrjinga, let jubileumsgåva venta på seg. Dei to avisene Nordre Bergenhus Amtstidende (Florø) og Fjordenes Blad (Nordfjordeid) hadde begge ein kortfatta notis om resultatet av maleri-basaren, men deretter høyrer me ikkje meir om jubileumsgåva før i april året etter. Då hadde begge avisene ein statusrapport, signert A. Aabel. Av stykket går det fram at han skal flytta frå "distriktet", at det har kome inn kring 300 spesidalar, og at komiteen har vore i kontakt med kunstmålaren Anders Askevold. Askevold kunne levera "Islandsmaleriet" i løpet av to år for eit honorar på 500 spesidalar. Aabel fortel at komiteen har ein konto i Førde Sparebank og at det óg står ein sum i Ytre Holmedal Sparebank (Fjaler).

Gåve i 1885
Kjeldematerialet hjå Fylkesarkivet teier om korleis det gjekk vidare. Det einaste me har å halda oss til er kontoen i Førde Sparebank og nokre få opplysningar frå nasjonalmuseet på Island. Beløpet på kontoen Islandsmaleriet ved Doctor Aabel pr. 31.12.1875 på 125 spesidalar stod urørd til 1885. Då vart pengane tekne ut og kontoen avslutta. Det går ikkje fram kven som tok ut pengane.

Det ligg nær å slutta at pengane vart nytta til ei sterkt forseinka jubileumsgåve, eit maleri av sunnfjordkunstnaren Anders Askevold, om enn ikkje med motiv frå Dalsfjorden. Nasjonalmuseet har eit Askevold-maleri med fylgjande knappe opplysningar: Anders Askevold. "Til Sæters", 86 x 153 cm, 1885, gåve frå nordmenn i Fjordane.

Dalsfjordmotiv i 1887
Det laga seg likevel som Komiteen for Islandsmaleri hadde planar om i 1874, å få laga eit maleri med motiv frå Dalsfjorden. Fylkesarkivet sitt kjeldemateriale har ikkje noko om korleis det bar til, men i 1887 vart det sendt ikkje berre eitt, men to maleri av Anders Askevold til Island, begge med motiv frå Dale, og begge var gåve frå kunstnaren.

2. "Dale i Sunnfjorden", 1887, olje, 45 x 81, utsyn vestover frå Yksnebjør, gåve til Islands Nasjonalmuseum i 1887 frå Anders Askevold.
3. "Dale i Sunnfjorden II", 1887, olje, 48 x 83, utsyn mot Laukelandsfossen, gåve til Islands Nasjonalmuseum i 1887 frå Anders Askevold.

Kort om Anders Askevold
Anders Monsen Askevold, norsk målar, fødd 1834 i Askvoll, son til klokkar og stortingsmann Mons Andersen Sørebø (Askevold) og Johanne Johannesdotter Grav, døydde i Dusseldorf 1900. Gift med Cathinka Gran. To born. Elev av landskapsmålarane H. Reusch, J.C. Dahl og H. Gude. Budde lenge i Dusseldorf, i Paris i fire år, og i Bergen 1866-1880. Best kjend for landskaps- og dyrebilete i seinare dusseldorfstil. Altertavle i Askvoll kyrkje. Representert i Nasjonalgalleriet, Bergens Billedgalleri og Trondheims Kunstforening.

Dikt om Islandsmaleriet
Dokter Andreas Aabel skreiv eit dikt til aksjonen for jubileumsgåve i 1874-75. Diktet skildrar Dalsfjorden, "perlen" Dale og dei to utvandrarane.
Merknad: I dei islandske sogekjeldene går det ikkje eintydig fram kvar i Fjordane Ingolv Arnarson og Herleiv Rodmarson budde. Dale og Rivedal har knivast litt om dette. Andreas Aabel ser ut til å vera på Dalebygda si side.

 

Islandsmaleriet fra Dale
Tone: Sole gaar bak Aasen ned.

Bredved Norges bratte Fjeld
med sin Alvorstale
ligger blide Bakkeheld
i de dybe Dale -
som en knoklet kjæmpearm
om en Kvinde væn og varm.
 

Aldrig laag i Fjeldets Trygd
ved de Bølger svale
bedre Bild af Blom og Blygd
end i - selve "Dale" -
Perlen mellem Dalsfjord Guld
minderig og yndefuld.
 

Leif og Helga over Hav
laut til Island drage,
han fandt der saa ung sin Grav,
hun - saa tunge Dage, -
hele Livet hendes Sjæl
hang ved "Dale", mindesæl.
 

Bild fra Ingolfs Barnehjem,
Helgas Brudekammer,
bær et Frændebud til dem
mellem Is og Flammer!
Norges Moderhjærte tolk
lyst og lindt for Islands Folk!
 

Maleri med motiv frå Alværa
I 1954 fekk Island på ny ei kunstgåve frå Sogn og Fjordane, denne gongen eit maleri med motiv frå Alværa i Høyanger kommune. Anders Skåsheim (1881-1965) frå Balestrand, busett i Bergen, var sterkt oppteken av sambandet mellom Vestlandet og Island. Han fekk fyrst på femti-talet ordna med ei "frendegåve frå sogningar og Sognalaget i Bjørgvin" (Bergen).

Gåva var eit maleri av garden Alværa ved Lavik, måla av ørstingen Karl Straume (1877-1968), ein av dei fremste og best kjende kunstmålarane på Vestlandet, i følgje ei pressemelding frå juli 1954. I pressemeldinga går det også fram at professor dr. Haakon Shetelig hadde sett maleriet og godteke det som ei gåve frå Noreg til Island. Skåsheim tok biletet med seg på ei ferd til Island og overleverte det til Alltinget.

I februar 1955 vart Anders Skåsheim heidra med det islandske storriddarkorset for innsatsen sin med å styrkja hopehavet mellom Island og Noreg. Den islandske presidenten overrekte heidersteiknet.

kjelder:

Norsk Biografisk Leksikon
Norsk Allkunnebok
Privatarkiv: SFF-88047 Skaasheim, Anders, omslag 87, legg 1, 220, legg 3

PERMANENT IDENTIFIKATOR