Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 20. november 2005

Sist oppdatert 05. februar 2019

Kategori

Kommune

Framfjord bedehus



Året 1921 er eit merkeår for folket i Framfjorden. Bygda fekk sitt eige bedehus. Det hadde lenge vore eit sakn at dei ikkje hadde hus til møte, gravferder og andre samlingar. Bedehuset har heile tida seinare vore samlingsstad for bygdefolket i mange ulike høve, men dei siste åra har huset vorte mindre og mindre brukt.

<p>Bedehuset i Framfjorden 2005.</p>

Bedehuset i Framfjorden 2005.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2005.

Fotograf: Hermund Kleppa. Lisens: "Namngjeving-DelPåSameVilkår(CC BY-SA)": http://creativecommons.org/licenses/by-sa/3.0/no/

Arnafjorden
Arnafjorden er ein sidefjord av Sognefjorden og går i sørvestleg retning og deler seg i to sidefjordar. Inst i fjorden er frå gamalt tre busette område, i vest Nese, i sør Indrefjord og i aust Framfjorden. (Framfjorden vart fyrst brukt som stadnamn då det vart oppretta brevhus i 1908). I 1895 var fjorden delt i tre skulekrinsar: Nese (Arnafjord), Indrefjord og Valsvik.

Det var ikkje vegsamband mellom dei tre skulekrinsane, og folket i Indrefjord og Framfjorden laut ro til og frå kyrkjestaden på Nese. Vegsambandet Framfjorden-Indrefjord-Nese var ferdig 1965. Dei tre skulekrinsane vart slegne saman 1960 og det vart bygt nytt skulehus i Valsvik i Framfjorden. I 1972 kunne folk køyra frå Vik til Arnafjorden. Vegsambandet vart offisielt opna året etter.

Bedehuset 2005
Bedehuset i Framfjorden ligg tett attmed vegen, eit kort stykke vest om brua over Dalselvi. Huset har inngang, sal med halvopen himling og kjøken. Kjellaretasjen har eit stort rom, som no ikkje er i bruk, og toalett.

Inventar og utsmykking
Talarstolen står ved den motsette veggen frå inngangsdøra. Salen er elles ustyrt med lause stolar og elektronisk orgel. På orgelet ligg Melodiboken, Sangboken og eit eksemplar av Indremisjonsselskapets historie. I ei kasse står eldre og velbrukte sangbøker til bruk for søndagsskule, m.a. Songbok for sundagsskule og uppbyggjingsmøte av Bernt Støylen.

Veggen bak talarstolen er utsmykka med eit innramma bibelord og ein kopi av motivet "Jesus i bøn vendt mot lyset". Veggen over inngangsdøra er også utsmykka med eit innramma bibelord. Der står: "Ære være Gud i det høieste."

Påbygget i vest er innreidd til kjøkken. I eit forrom inn frå salen står det fyrste orglet. Kjøkkenet er utstyrt med bidne for servering til 70-80 personar. På koppar, mugger og andre servisedeler står skrive "Bedehuset Framfjord" (på nokre "Valsvik Bedehus").

Ikkje berre i kyrkja
Framfjorden Bedehus vart bygt i ei tid lekmannsrørsla stod sterkt. Alt ved århundreskiftet 1900 vart Guds Ord forkynt andre stader enn i kyrkja. Soknepresten heldt bibellesingar og lekfolk heldt møte. Lasse Lee (1888-1986) hugsa i 1980 at det var ei større vekkjing "for 70-80 år sidan", og at folk ikkje kvidde seg for å gå langt avgarde på møte. Dei kom saman i skulehuset i Framfjorden. Og huset var fullt av folk. Det vart også halde småmøte i privathus.

Vigsla i mai 1921
Det gjekk berre vel eitt år å byggja bedehuset. I februar 1920 samla interesserte folk seg hjå Ola A. Valsvik for å velja byggjenemnd. Markus S. Hauglum vart vald til formann. Han hadde tidlegare gjeve ei høveleg tomt vederlagsfritt.
Same månaden sette dei i gang med grunnarbeidet, og alt vart gjort på dugnad. I april året etter stod huset ferdig og Kristi Himmelfartsdag, 5. mai, vart huset vigsla av misjonsprest Arnetvedt.

Rekneskapen første året viser at det kom inn 5350 kroner i gåver og at samla materialutgifter kom på 9391 kroner. Mykje arbeid vart utført på dugnad.

Føremålsparagraf
Paragraf 2 i "Lov for Framfjord Bedehus" fastsette føremålet og kva huset skulle nyttast til.

"Huset benyttes kun til sådan virksomhet som kan fremme sann kristendom og være til folkets sanne gavn. Fortrinsvis opbyggelsesmøter og for øvrig alt som hører inn under den indre misjon. Dernest for enhver virksomhets gren, der kan henføres til den ydre misjonsgjerning, og endelig for ethvert øiemed, der direkte eller indirekte tjæner til at vekke, styrke og befeste kristeligt liv iblandt folket i overensstemmelse med Guds ord, således som dette foreståes av den Lutherske kirke."

Føremålsparagrafen understrekar ved ordet "kun" at huset berre skulle nyttast til aktivitetar som kunne fremja "sann kristendom" og vera til "folkets sanne gavn". Og "sann kristendom" var for dei som vedtok fyrste føremålsparagrafen for Framfjord bedehus, den lutherske kyrkja sin kristendom og kristelege organisasjonar med det same grunnsynet. Utanfor denne avgrensinga fall til dømes pinsevennene med sitt divergerande dåpssyn.

Lasse Lee formann i 25 år
Dei valde 7 medlemmer til det fyrste styret: Ole J. Hauglum, Markus S. Hauglum, Steffen J. Dale, Kristian T. Lee, Knut M. Dale, Ole K. Valsvik og Lasse Lee.
Lasse Lee vart vald til formann, og han stod som formann i 25 år. I heile denne perioden var aktiviteten stor. Møteboka viser at det vart halde 698 møte og samlingar.

Sivert Dale var formann i åra 1947-1963. Edvard Bungum tok over etter Dale.

Ny vigsling i 1974
Fyrst på 1970-talet vart bedehuset utvida, restaurert og pussa opp. Det var ny vigslingshøgtid søndag 8. september 1974.

Minkande aktivitet
Møteboka for år 2004 fortel om aktiviteten i bedehuset 73 år etter at det stod ferdig. Huset var i bruk fem gonger, to gonger til opne samlingar: eit møte skipa til av soknerådet og ein basar, og dei tre andre gongene til private samkomer etter barnedåp, konfirmasjon og gravferd.

Kjellaug Vikøren, fødd 1930, fortalde i juli 2005, at bedehuset er svært lite brukt. Folketalet i fjorden har minka. Dei reisande emissærane er det slutt med, og indremisjonsforeininga har minka etter kvart som dei gamle har falle frå og yngre ikkje har kome til.

kjelder:

Arnafjord kyrkje 100 år. 1980. Nese, Jon: Posthistorie frå Vik kommune. 1994.
Munnlege opplysningar frå:
Jon Nese, Vik.
Kjellaug Vikøren, Vik.
Møtebok for Framfjord bedehus.