Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 19. november 2019

Sist oppdatert 06. september 2020

Rå-data

Fylkesbaatane – tiltak for venterom rundt 1950



«Fylkesbaatane vil få venterom. (…) men det ser ut til å vera langt fram.» Dette var overskrift på oppslag i Firda Folkeblad, Florø, 2. mars 1950. Det hadde ei tid vore oppkravd eit nytt tillegg på bilettane, ei venteromsavgift, og somme undrast på kva avgifta skulle brukast til. No vart det gjort greie for det, i lokalpressa.

F.S.F. – Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Metallskilt til bruk på venterom. Fylkesbaatane medverka i arbeid for venterom på båtstoppestadene rundt 1950. Skiltet er teke vare hjå trafikkselskapet Fjord1 i Florø, tidlegare Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal fylkesbåtar (MRF).

F.S.F. – Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Metallskilt til bruk på venterom. Fylkesbaatane medverka i arbeid for venterom på båtstoppestadene rundt 1950. Skiltet er teke vare hjå trafikkselskapet Fjord1 i Florø, tidlegare Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal fylkesbåtar (MRF).

Datering: 2019

Fotograf: Hermund Kleppa

«har lenge vore aktuelt»

År 1950 hadde Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane i nesten eitt hundre drive rutefart til Bergen og lokalt i fylket. Frå eit par ti-tals stoppestader dei fyrste åra hadde talet no kome opp i over 200. Dei fleste stoppestadene hadde dampskipsekspeditør, men det stod dårleg til med venterom, merkeleg nok, sidan reisande ikkje sjeldan måtte venta på båten i all slags vêr og mange stader på nattestid. Dessutan hende det rett som det var at båten var for sein i høve til ruta. «Spørsmålet om tenlege venterom på kaiane i fartsdistriktet (…) har lenge vore aktuelt», stod det å lesa i Firda Folkeblad. No var fylkesreiarlaget i gang med å retta på mishøvet.

Nemnd i arbeid

I fylgje Firda Folkeblad hadde Fykesbaatane sett ned ei nemnd til å arbeida med venterom-saka. Nemnda hadde nyleg hatt synfaring. Skipsinspektør Mannseth hadde vore med som «sakkunnig». I avisoppslaget står berre nokre båtstoppestader nemnt særskilt. På Sandane hadde det vorte ordna med venterom ved leigeavtale med Bondeheimen. I Sogn hadde nemnda vore framom i Vadheim, men dei det skulle tingast med der, hadde ikkje vore heime. I Lavik fanst det eit lite venterom som vonleg framleis kunne brukast. I Balestrand hadde kommunestyret hatt saka føre, og «fått fatt i» eit rimeleg bra venterom om enn eit lite stykke frå kaien. På Hermansverk hadde nemnda ikkje funne noka god løysing, men i Lærdal var det gjort avtale med Lindstrøm Hotell. Alle avtalane skulle i neste omgang til handsaming i Fylkesbaatane sin direksjon (styre). Og - «den sokalla 5 øres-avgifta skulle gå til dette føremålet.»

I første omgang til fond

Det går fram av Firda Folkeblad våren 1950 at venteromsavgifta hadde vore oppkravd «i nokre år», men mange var i villreie om kva slags avgift dette var, og på kva måte avgifta skulle brukast. Somme skreiv lesarbrev. Det gjorde signaturen «D. Dyrstad» og, datert 26. januar 1948, under overskrifta: «Kven får venteroms-avgifta?». Han viser til at reisande med Fylkesbaatane «sidan i fjor sumar», det vil seia år 1947, hadde måtta betala 5 eller 10 øre i tillegg billettane sine som «venteromsavgift». Dyrstad ville gjerne vita kva avgifta gjekk til. Til Fylkesbaatane? Han hadde snakka med fleire ekspeditørar. Ingen av dei hadde «fått noko venteromsavgift».

Administrerande direktør i Fylkesbaatane, O. Røsberg, var raskt ute med svar, kort og konsist i to punkt:

«Venteromsavgifta går ikkje inn som innkome i Fylkesbaatane sin driftsrekneskap, men vert sett inn på eigen konto i bank til ein har fått spart opp eit fond.
Direksjonen er fullt merksam på at det trengst venterom på mange av stoppestadene, og fyresetnaden er den at når fondet er kom opp i ein høveleg sum, vil ein nytta pengane i samband med reising og drift av venterom på ymse stoppestader.

</>

Om venteromsavgift i rutehefte

Venterom var ei viktig sak som vedkom mange, og rundt 1950 tok Fylkesbaatane sjølv tak i saka Venterom på stoppestader. Det er ingen ting å finna om venterom i bøker om Fylkesbaatane. Ein må leita andre stader etter informasjon om korleis venteromstiltaket kom i gang, kor lenge venteromsavgifta blei kravd opp, og kva som konkret kom ut av tiltaket i form av venterom «på ymse stoppestader.» Utanom avisene er Fylkesbaatane sine rutehefte er ein stad å gå, til «utdrag av reglar for passasjerførsla».

Venteromsavgift dukkar opp første gong i «Sumarruter 1947». I tillegg til den ordinære billettprisen kjem «bryggjepengane» (eit påslag brukt til løn for dampskipsekspeditørane) og «venteromsavgift» (utheva her): 5 øre for strekningar inntil 5 mil, og 10 øre for strekningar over 5 mil på kvar billett for vaksne. Den nye avgifta vart etter kvart også nemnt som 5 øres-avgifta. Dei følgjande rutehefta hadde med «regelen» om venteromsavgift som «inntil vidare» kom i tillegg. I vinterrutene 1950 står avgiftene bryggjepengar og venteromsavgift samanslegne; høvesvis 15 øre og 60 øre, og i vinterruteheftet 1969-1970 med auka satsar, høvesvis 35 øre og 70 øre.

Balestrand – «burde vore venterom for lenge sidan»

I følgje Firda Folkeblad hadde kommunestyret i Balestrand engasjert seg for å skaffa tenleg venterom. Møteboka til kommunestyret viser at saka var føre som sak 7 i møte 9. desember 1949. Det står:

Venterom på Balestrand. Samrøystes vedtak: Heradsstyret er av den meining at  Fylkesbåtane pliktar å ordne med venterom på same måten som andre trafikkselskap gjer det. Saka er forsovidt heradsstyret uvedkomande, men heradsstyret kan ikkje lenger sjå på at saka er uløyst, og gjer difor vedtak om at venteromsnemnda [kommunal nemnd for denne eine saka] får fullmakt til å leige eit venterom hjå Hans Lunde frå nå av og til 15. mai 1950. Leiga vert å forskottere av heradskassa  og rekning på refusjon vert å senda til Fylkesbåtane. Heradsstyret vil samstundes ovanfor politiet råde til at Hans Lunde får løyve til å drive kafe i samband med venteromet.»

«i mange år (…) skrikende behov»

Balestrand hadde venta lenge på venterom. Det går fram av vedtaket i kommunestyret og av avisa Sogningen som kom ut i Balestrand. I 1946 tok redaktør Knoff opp saka på «leiarplass» og viste til at Sogningen fleire gonger før hadde skrive om «nødvendigheten av venterom på dampskipstoppestedene (…)» Ei sak «av aller største betydning». Det «forbausa» redaktøren at «spørsmålet» ikkje hadde vore nemnt med eit einaste ord på elit samferdslemøte i Høyanger nyleg. «På de fleste steder er det ikke så meget som et tak å søke ly under i regnvær.»

Men det skulle gå vinter og vår. Hausten 1948 hadde Sogningen to meiningsytringar på førstesida, i feite typer, frå dokter Martens og dampskipsekspeditør Eide.

« - I mange år har det vært et skrikende behov for venterom, sier dr. O. Martens. Forleden kveld satt der en mor med et lite barn og frøs kl 23. Det var mens det ennå var kaldt. Jeg tok dem hjem. Jeg kunne ikke la menneskene sitte ute og fryse. Det er ikke første gangen jeg har tatt med folk hjem. Og hos søstrene Hellen sitter det folk hele døgnet. Disse skulle ikke lenger enn til Vangsnes, men så usikre som båtforbindelsene er, skal en ikke reise langt for å risikere å vente noen timer.

Det eneste vi her har merket til venterom er at Fylkesbåtane har lagt på prisene noe de kaller venteromsavgift.

Venterom trengst sårt, sier ekspeditør Eide. Det er fryktelig at folk skal gå ute og vente i all slags vær. Verst er det om netene. (…) Her burde det vore venterom for lenge sidan, det er så sjølvsagt at eg ikkje treng seia meir om det.»

Saka om venterom i Balestrand rundt 1950 tener godt som døme på det som per 2019 kan kallast infrastruktur-tiltak venterom på båtstoppestad. Saka handlar om behov, om vanskar eller utfordringar med å få venterom på plass, om aktørar og økonomi. 

Nytt venterom i Florø 1989

Me kjenner ikkje til kor lenge Fylkesbaatane sine passasjerar måtte betala venteromsavgift. Avgifta eksisterte i alle høve til 1971 (siste heftet i Fylkesarkivet si rutesamling). Me kjenner heller ikkje til kor mange, kvar, eller kor lenge det kom på plass venterom ved hjelp av Fylkesbaatane. Truleg var ordninga avslutta då Florø fekk nytt «flott venterom for reisande» i 1989, sjølv om Fylkesbaatane ved dette høvet ytte sin skjerv, - stod «for innreiinga», «nærast som ei gåve» skaffa «det meste av inventaret», i følgje oppslag i Firda Folkeblad.

Nytt venterom på Nordeide 2019

Ved år 2019 har båtstoppestadene minka mykje i høve til år 1950. Nokre ferjekaiar har venterom, men reisande ventar for det meste i bilane sine. Dei fleste stoppestadene i snøggrutene Sogn og Fjordane – Bergen har gode venterom, men ikkje alle, merkeleg nok. Stoppestaden Nordeide fekk nytt venterom 1919. Det gamle venterommet i den store bygningen på kaien var nærast stengt dei siste åra. Avisa Ytre Sogn hadde stort oppslag. Sørsida pensjonistlag var begeistra:

« - Dette har vi venta lenge på, seier Gerd Brekke frå Ortnevik. Vi har sendt nokre brev til kommunen siste åra om behovet for eit venterom på kaien på Nordeide, som er eit viktig trafikknutepunkt for oss som bur på sørsida. Det er ikkje alltid at buss, ferje og båt korresponderer og det å stå ute og vente i allslags vêr, er ikkje noko særleg. (…) Venteroommet kom i alle fall til slutt.»

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. SFF-95068 Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Fleire rutehefte


Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Balestrand kommune: Møtebok for kommunestyret 1948-1955


Munnleg informasjon: Gunnar Urtegaard, Balestrand


Firda Folkeblad: fleire nummer


Sogningen: fleire nummer

PERMANENT IDENTIFIKATOR