Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Såpeslippen i Våge



Langt vest i Fjaler kommune ligg garden Våge, inst i Bygdevågen. Hit kom Bertel Spord i 1905. Ei tid reiste han rundt og sette inn motorar i båtar. I 1935 bygde han slipp på Våge. Slippen vart i 1997 foreslått freda.

Såpeslippen var ei trerenne som vart smurt inn med grønsåpe, slik at båtane kunne gli lettare. Slippen var i bruk fram til 1976. Til høgre ligg jernbaneskinnene som i dag vert nytta når ein dreg båtane på land.

Såpeslippen var ei trerenne som vart smurt inn med grønsåpe, slik at båtane kunne gli lettare. Slippen var i bruk fram til 1976. Til høgre ligg jernbaneskinnene som i dag vert nytta når ein dreg båtane på land.

Eigar: Firda.

Datering: 1997.

Fotograf: Stein Arne Ottesen.

Bertel Spord

Bertel Nikolai Sørenson Spord (1878-1967) var fødd på garden Spor på Atløy. I 1905 gifta han seg med Kristine Jørgine Eilefsdotter Våge (1880-1967) og busette seg i Våge. Dei fekk sju born, seks jenter og ein gut.
Bertel Spord tok over bruket etter svigerfaren sin. Bruket var lite og vanskeleg å leva av. Han laga seg ei smie i naustet, og der laga han seg ei skruestikke. Dermed sette han i gang med smedarbeid og reparasjon av båtmotorar. Interessa for jordarbeidet var ikkje så stor, seiest det, men som smed, Vågesmeden, vart han kjend over store delar av Sunnfjord og ytre Sogn.

Såpeslipp

Ei tid reiste Bertel Spord rundt om i store delar av fylket i motorbåten Bølgen og reparererte og sette inn motorar i båtar som vart dregne opp i fjøra. Han fann etter kvart ut at det hadde vore enklare om han hadde hatt ein båtslipp der han kunne dra båtane opp når han arbeidde på dei. I 1935 bygde han ein slik slipp på Våge, ein såkalla såpeslipp. Båtane vart dregne opp i ei trerenne, eller slisk. Denne var smurt inn med grønsåpe slik at båtane glei lettare. Ved sida av trerenna gjekk ei vogn på hjul med støtte for båtane.

Dei fyrste åra vart båtane dregne opp frå sjøen ved hjelp av eit handspel. Men alt etter to år vart handspelet erstatta av ein oppfyringsmotor som hadde vore brukt på eit sagbruk i Skifjorden i Hyllestad. Motoren var ein semidiesel av typen Hein, hadde sju hestekrefter og var einsylindra. Han har sidan tøffa og gått i over seksti år.

Laga det meste i smia

I smia si gjorde Bertel Spord mange slags arbeid. Etter kvart byrja også sonen Sverre (f. 1910) å arbeide i lag med faren i smia. Det meste av arbeidet var knytt til båtane som var inne på slippen, men også anna smedarbeid som folk i området hadde trong for å få utført vart gjort. Ein del jerngryter og bøtter vart reparerte så dei vart gode som nye.
Då det var lite ferdige delar å få tak i, eller lang frakt, laga dei heller det meste av det dei trengde i smia. Også verktøyet var ofte heimelaga.
I bøkene til båtslippen går det fram at det har vore om lag 150 båtar som har fått ny motor her, men truleg er det endå fleire. Heilt fram til 1976 vart det drege båtar opp på slippen. Då vart det montert jernbaneskinner med ei vogn til å trekka båtane opp frå sjøen.

Intakt smie, men kva med slippen?

Smia, og det meste rundt denne, er framleis slik det var for 50-60 år sidan. Verktøyet heng på plass og maskiner med reimdrift står slik dei gjorde før andre verdskrigen. Den gamle motoren og spelet på slippen er framleis på plass.

På 1990-talet engasjerte Alden Kystlag, med Roald Skår i brodden, seg sterkt i arbeidet med å få teke vare på såpeslippen som kulturminne. Dei meinte at såpeslippen kunne verta Fjaler kommune sitt bidrag i kulturminnestafetten, - eit prosjekt for å ta vare på kystkulturen i Norge. Kystlaget meinte at slippen ligg i eit område med mange kuturminne frå tida då fisket og sjøen var levevegen for folket. Her er mange naust og sjøbuer, og i desse ligg båtar som i seg sjølv er kulturminne. Diverre vart ikkje såpeslippen i Våge freda, trass i arbeidet til Alden Kystlaget og Stiftinga Jensbua.

Det var planlagt at den gamle motorbåten til Bertel Spord, Bølgen, skulle flyttast til Jensbua for restaurering. I staden vart han kjøpt av Markvard Eikerol, lærar på Våge skule, som har fått han restaurert i Solund.
Trerenna som utgjorde såpeslippen er i år 2002 borte, men jernbaneskinnene ligg der framleis. Ein elektrisk motor er installert til å trekka båtane opp frå sjøen. Den gamle dieselmotoren vert ikkje brukt lenger.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Firda, 30.04.1997.
Loftheim, Abraham: Askvoll Bygdebok, Folket II B. Ættarbok frå det 16. århundrad til 1969. Førde 1972.
Munnleg informasjon frå:
Fru Birger Spord, Fjaler.
Ove Losnegård, Fjaler.

PERMANENT IDENTIFIKATOR