Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 15. februar 2011

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Falsk mynt 1880 i Førde - einaste i heile landet



Søndag 19. september 1880 troppa to lensmenn opp i tunet på garden Åsen i Jølster. Dei skulle forhøyra den 18 år gamle Katrine Åsen. Dagen før hadde ho vore i Førde og betalt med ein mynt dei hadde grunn til å tru var falsk. Mynten er i dag (2011) oppbevart i Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Det er den einaste kjende av sitt slag i heile landet.

<p>Ekte mynt, 25 &oslash;re 1876, i samlinga til Den Kongelige Mynt, Kongsberg (til venstre). Falsk mynt, 25 &oslash;re 1876, oppdaga i F&oslash;rde 1880, oppbevart i Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.&nbsp;</p>

Ekte mynt, 25 øre 1876, i samlinga til Den Kongelige Mynt, Kongsberg (til venstre). Falsk mynt, 25 øre 1876, oppdaga i Førde 1880, oppbevart i Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. 

Eigar: Den Kongelige Mynt/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 1993

Fotograf: DKM

Stussa på fargen

Laurdag den 18. oktober 1880, i 8-9 tida om morgonen, kom jølstrajenta Katrine Olsdotter Aasen inn på krambua til landhandlar G. Hafstad i Førde. Carl, son til handelsmannen, stod bak disken. Katrine kjøpte eit stykke lerret som kosta 53 øre. Katrine betalte med to 25-øringar og 3 eitt-øringar.

Carl Hafstad stussa med det same over den matte fargen på den eine 25-øringen, og trudde fyrst det var ein gamal ½ åttande skilling, men aksepterte mynten då han på baksida såg dei rette tal og bokstavar, 25 øre og 1876. Jølstrajenta takka for seg, tok med seg lerretspakken sin og gjekk.

Seinare på dagen, omtrent ved middagstider, kom mynten med det matte fargen på nytt i søkelyset, og no gjekk Carl Hafstad saman med handelsbetjent Nikolai Halbrænd meir grundig til verks. Dei prøvde å bøya, dei skar og skrapa, og dei kom fram til ein sikker konklusjon: mynten var falsk! Same kvelden vart pengestykket overlevert øvrigheita, lensmannen Olai Steen i Førde.

Lensmannen granska saka

Dagen etter, søndag, iverksette lensmann Steen full gransking. Han var innom hjå landhandlar Hafstad og landhandlar Sivertsen før han reiste til Jølster. I Årdal fann han ut at jølstrajenta heitte Katrine Olsdotter Aasen. Han fekk med seg lensmann Lind som budde på Hegrenes, og reiste til Aasen på forhøyr. Katrine hadde dagen før episoden på Hafstadkrambua reist heimefrå til ”Dampskibsexpeditionstedet” (Steinen i Førde) med ein 5-kronesetel for å handla hjå landhandlar R. Sivertsen. Ho fekk att 2 kroner, 2 fem og tjueøringar og nokre eittøringar, og det var ein av desse ho hadde brukt hjå Hafstad. Heime i Førde var det uråd for Sivertsen å seia noko sikkert om kvar han hadde fått fatt i 25-øringen som skapte slik oppstuss.

Ikkje noko mistenkjeleg

Dermed var saka ferdig etterforska frå lensmannen si side. Han fann ikkje noko mistenkjeleg ved nokon av dei impliserte partane. ”Jeg skal maaske ikke undlade at bemærke”, skriv lensmannen til slutt i rapporten sin ”at jeg af Pigen Katrine Olsdatter Aasen fik det bestemte Indtryk at hendes Forklaring og hele Forhold var aabent og ærlig og at hun ikke havde nogen anelse om, at have havt omhende en falsk 25 Øre…”

Ein månad seinare, 20. oktober 1880, sende Steen rapport med to vedlegg, 25-øringen og reiserekning, til ”Sønd- og Nordfjords Fogderi”. Ei tid etter kom rapporten tilbake frå futen etter å ha vore innom Amtmannen i Nordre Bergenhus Amt. Amtmann C. Oppen ba i ei påteikning om at saka blei halden under observasjon i tilfelle det seinare skulle ”fremkomme Omstendigheder, der kunne lede til Spor”. Nye ”omstendigheder” i saka kan det ikkje ha kome i 1880. Elles ville rapporten og det falske pengestykket knapt blitt liggjande i Steen sine etterletne papir.

Falsk mynt

I 1993 sende Fylkesarkivet mynten til Den Kongelige Mynt på Kongsberg. Der kunne dei slå fast at 25-øringen heilt bestemt er ein falskmynt. Dessutan opplyste Den Kongelige Mynt at dei ikkje hadde kjennskap til nokon annan falskmynt av same sort med årstalet 1876. Dermed ser det ut til at den falske 25-øringen er mykje eksklusiv. 

Den Kongelige Mynt ordna med profesjonelt pregbilete av den falske mynten og eit tilsvarande bilete av ein ekte. Ein treng ikkje vera fagmann for å sjå skilnaden. Den Kongelige mynt skreiv mellom anna i brevet sitt, datert 17. august 1994:
 

"Den tilsendte 25-øre har vært undersøkt ved vårt laboratorium med følgende resultat:

Vekt: 2,368 g
Diameter: 17,10 – 17,18 mm
Tykkelse: 1,32 – 1,42 mm
El. ledn.evne: 7,0 – 7,19 m(ohm kv.mm)

Til sammenlkining har vi målt ledningsevnen i to mynter i vår samling fra samme periode, legering 600/100 Ag, hvor ledningsevnen viser hhv. 29, 4-29 og 32,2 – 32, 8 m/ohm.

Vår konklusjon er derfor at den tilsendte mynten ikke har riktig legering og er dermed falsk."

Lensmannen – Olai Elias Steen

Rapporten om falskmyntsaka, på 5 sider, kvartformat, er underteikna ”Førde Lensmandsomb, 20de October 1880. O. Steen”. Olai Elias Steen, fødd 1814 i Bergen, var lensmann i Førde 1855-1892. Han budde på garden Bruland, Brulandsbakken, bnr. 14. Etter Olai Steen vart sonen Albert, fødd 1847, lensmann i Førde 1893. Albert Steen etterlet seg ei stor samling arkivdokument av samansett opphav. Nokre papir skriv seg frå faren si tid. Eitt av dei er rapporten frå lensmann ”O. Steen” om falskmyntsaka i Førde 1880.

Full transkripsjon (omskrift) kan du lesa her. 

kjelder:

Førsund, Finn Borgen: Førde bygdebok (..). 1990. 

Informasjon frå:
Den Kongelige Mynt. Kongsberg
Arne Sandnes, Jølster
Rapport frå lensmann O. Steen til Sønd- og Nordfjords Fogderi, datert 20.10.1880.