Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 28. september 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Nils Furnes



Nils Furnes hadde sin speletradisjon mest etter farbroren Ola Nos frå Gaular. Seinare var Furnes ein av dei som flytte til Bergen og var med og skipa spelemannslaget Fjellbekken.

Nils Furnes (1901-1990)

Nils Furnes (1901-1990)

Lærde hjå Spelar-Ola

Nils Furnes vaks opp i Gaular. Som 9-åring høyrde han farbroren Ola Nos (1849-1923) spele i eit bryllaup, og dette gjorde sterkt inntrykk på han. Nils fekk lære slåttar av farbroren, Spelar-Ola, som han vart kalla, og er den siste opp til vår tid som har lært slåttar direkte etter Ola Nos. Spelar-Ola hadde sine slåttar att etter faren Nils og etter Gunnar Lundekvam. Frå bygdene i indre Sunnfjord var det mykje spurnad etter Ola Nos som bryllaupsspelemann.

Aktiv spelemann i Fjellbekken

Som 23-åring reste Nils Furnes til Bergen, og han budde der sidan. Han var ein av skiparane av eit spelemannslag der i 1929, det laget som seinare vart spelemannslaget Fjellbekken. Der var han fast medlem så lenge han levde, og vart utnemnd til æremedlem i laget. I Bergen spelte Furnes saman med m.a. Arne Bjørndal, som og gjorde mange opptak med han. Furnes har spela inn sunnfjordslåttar for NRK i 1961.

kjelder:

Kjelde:
Indre Sunnfjord spelemannslag: På fest i Jølster (1987)

PERMANENT IDENTIFIKATOR