Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 08. desember 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Bergingsdåd ved Silda i 1944



Dei siste krigsåra trappa allierte styrkar opp flyaktivitet frå Storbritannia mot norskekysten. Tyske krigsanlegg og skip i tysk kystfart var målet. Fly frå begge sider blei frå tid til anna nedskotne med tap av menneskeliv. Av og til berga flymannskap livet ved at dei blei plukka opp or sjøen av folk som kom til. I desember 1944 berga to menn to allierte flygarar eit stykke nord for Silda.

William Andrew Carson, kaptein, (tv) og William Allison Kelly fotograferte hausten 1944 framfor eit fly av typen Beufighter. Det var ein Beufighter dei var mannskap på 6. desember 1944 og som vart skote ned av tysk luftvern ved Silda.

William Andrew Carson, kaptein, (tv) og William Allison Kelly fotograferte hausten 1944 framfor eit fly av typen Beufighter. Det var ein Beufighter dei var mannskap på 6. desember 1944 og som vart skote ned av tysk luftvern ved Silda.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 1944

Fotograf: Ukjend

Oppdrag på norskekysten

Den 6. desember 1944 kom ein alliert flystyrke inn mot kysten ved Vågsøy. Flya kom frå basane Dallachy og Banff i Scotland og høyrde til avdelingane Strike Wings. Målet var mellom anna å leita opp og øydeleggja tyske forsyningsskip. På begge sider i krigføringa var det om å gjera å uskadeleggjera alt som gjorde motparten stridsdyktig. Ikkje berre reint militære mål som flyplassar, marinefarty og krigsanlegg, men også sivile mål som produksjonsanlegg og transportmiddel som kunne vera viktige for krigføringa.

Mislukka angrep

Det var overskya ver og god sikt. Klokka kvart over eitt, i ein posisjon eit stykke nordvest av Ytterøyane, kom styrken i kontakt med ei rekognoseringsfly som melde frå om at det var to heller store skip i Ulvesundet. Styrken gjekk straks til angrep, men på grunn av intens luftverneld frå tyske luftvernkanoner, vart flya tvinga til rask retrett. Leiaren prøvde med eit nytt angrep, denne gongen frå nord inn Sildegapet, utan å lukkast. Skipa hadde kome seg heilt inn til lands der dei hadde stogga og på den måten var mykje betre beskytta enn i open sjø. Det tyske luftvernskytset og det tronge farvatnet, "made an attack impossible!" rapporterte operasjonsleiaren etterpå.

Nedskytinga

Alle flya kom velberga frå operasjonen så nær som eitt, flyet til kaptein William Andrew Carson og navigatøren hans, William Allison Kelly, begge frå New Zealand. Det vart truffe av luftverneld "in the Krakenes area", står det i rapporten frå basen i Scotland. Flyet greidde likevel å naudlande eit lite stykke nord for Silda. Kl 13.44 melde eit rekognoseringsfly frå om ein dinghy (gummibåt) og at dei overlevande vart tekne ombord i ein skiff (robåt).

Rodde ut frå Silda

Folk på Silda fylgde spent med i krigshandlingane som føregjekk denne dagen. I fylgje ei forklaring lensmannen i Selje tok opp den 25. august 1945, rodde to menn ut for å berga to flygarar dei kunne sjå i sjøen attmed ein gummibåt. Framkomne til ulukkesstaden såg dei at ein såra flygar var komen seg om bord i gummibåten. Han tviheldt på den andre som låg bevisstlaus i sjøen. Dei greidde å få begge oppi robåten. Ingen av dei skjøna språket flygarane snakka, men så mykje forstod dei, at det var engelsk og at dei var frå New Zealand.

"med blodsmak i munnen"

På veg mot land byrja det tyske batteriet på Halsøyr, nord på Vågsøy, å skyta på dei. Det såg stygt ut, og nedslaga kom nærare og nærare. Med "blodsmak" i munnen rodde dei på spreng, og venta kvar augneblenk på det drepande skotet. Men dei nådde land og kom i le. Straks etter kom det ein tysk båt til som tok flygarane med seg.

Kapteinen på flyet i 1992:

Våren 1992, nær 50 år etter nedskytinga, skreiv kapteinen på flyet, William Carson, eit brev til Fylkesarkivet. Han fortalde om hendinga på grunnlag av det han hugsa og nokre samtidige noteringar.

"(..) As we were not high enough to give us time to take parachutes and as the petrol tank was aflame, we decided to put down in the fjord close to land. The aircraft hit very hard and according to Kelly broke in half on the first impact. All I can recall of that is water flying up over my windscreen. I hit my head during landing and by the time I recovered my senses, the aircraft had sunk. I freed myself from harness and one boot which was jammed and by inflating my "Mae West", I rose to the surface.

Our dinghy had automatically inflated and Kelly was already aboard. He helped me into the dingy. And this tine the oter aircraft were circling and the gun [det tyske luftvernet] was silent. After our our aircraft left, we were pleased to see coming from the island a skiff [robåt] rowed by four (sic.) men. They took us aboard and headed back to the island. The German gun then started to shell us again (..).

Vidare fortel Carson i brevet at straks dei var komne inn til land, kom ein tysk båt og tok hand om dei. Dei blei etter kvart frakta til Oslo og derifrå til fangenskap i Tyskland. Den 12. mai 1945 vart dei frakta til England, og om hausten demitterte for heimreise til New Zealand.

Sterkt møte

William Allison Kelly, navigatøren, døydde i 1968. Ei dotter, Kay Thoreson, busette seg i USA. Sommaren 1992 kom ho til Måløy. Ho ønskte å finna ut kven som berga far hennar. Fjordenes Tidende hadde fleire oppslag om kva som skjedde. Kay Thoreson møtte ein av bergingsmennene far hennar hadde fortalt om, Jacob Silden, fødd 1923, busett i Måløy. (Den andre, Kristian Silden, fødd 1914, var død.)

"- Takk for at du reddet min far, Jacob! Takknemlighet, tårer, omfavnelser, smil og glede avløste hverandre da Kay Thorseson endelig fikk møte redningsmannen som hennes far hadde fotalt så mye om". Det var teksten Fjordenes Tidende hadde til eit fotografi av møte mellom dei to.

Etterlyste heidersteikn

Jacob og Kristian Silden fekk aldri noko heidersteikn for bergingsaksjonen sin. Kay Thoreson meinte at innsatsen deira kvalifiserte for ei utmerking, og at det var ei forsøming at dei aldri hadde fått ei slik anerkjenning.

På førspurnad til Forsvarsdepratementet i New Zealand, fekk Fylkesarkivet i november 1994 opplyst at departementet ikkje har dokumentasjon på sak om tildeling av heidersteikn i høve berginga ved Silda i desember 1944. Vidare vert det opplyst at saka er forelda. Den vanlege regelen er at slike saker skal handsamast innan fem år etter at hendinga fann stad. Men elles sluttar brevet med følgjande ord:

"The New Zealand Government is very conscious of the gallant assistance, often at great risk, that was given to our servicemen by citizens of countries that were occuopied during the 1939-45 war."

Flyvraket - 1994

Som nemnt i det føregåande, gjekk det nedskotne flyet til botnar straks etter naudlandinga. Staden er posisjonsfesta i grader og minutt til 6203N og 0512A, ein stad i underkant av ein kilometer nord av Silda. I 1994 fortalde ein tenestemann på hamnekontoret i Måløy at staden er godt kjent av rekefiskarar. Det er ein stad der dei passar vel på å halda seg unna fordi det ligg eit flyvrak der.

kjelder:

Fjordenes Tidende. fleire nummer 1992
Brev frå Minister of Defence, New Zealand, 02.11.1994. Brev frå William Andrew Carson, Christchurch, New Zeland, 07.03.1992 Fylkesarkivet: Dokumentomslag, merka Silda, krigshending 1944.

PERMANENT IDENTIFIKATOR