Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 14. august 2001

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Gamle Sande sentrum



Fram til andre verdskrigen låg alle sentrumsfunksjonane på Sande nord for elva, det vil seie at både offentlege og private tenesteytingar låg på Skagen. I dag er alt vorte flytta til andre sida av elva, og staden er ikkje lenger så sentral som han var.

Flyfoto av Skagen i 1956. Oppe til venstre ligg bruk 1, deretter bruk 2/4 og bruk 3 oppe til høgre. Midt til venstre ligg bruk 5, Nedre Skagen. Det var frå denne eigedommen at eigedommane nede ved elva vart frådelte. Desse var då utgangspunktet for dei sentrumsfunksjonane som Skagen hadde før sentrum vart flytta der det ligg i dag. Det gamle kommunehuset ligg øvst i den tette husklynga. Oppafor der ser vi framleis restane etter den gamle brua på Sande.

Flyfoto av Skagen i 1956. Oppe til venstre ligg bruk 1, deretter bruk 2/4 og bruk 3 oppe til høgre. Midt til venstre ligg bruk 5, Nedre Skagen. Det var frå denne eigedommen at eigedommane nede ved elva vart frådelte. Desse var då utgangspunktet for dei sentrumsfunksjonane som Skagen hadde før sentrum vart flytta der det ligg i dag. Det gamle kommunehuset ligg øvst i den tette husklynga. Oppafor der ser vi framleis restane etter den gamle brua på Sande.

Eigar: I Bygdebok for Gaular.

Datering: 1956.

Fotograf: Telemark Flyselskap AS.

Tid for tenesteytingar

Av offentlege bygningar fann vi kommunehuset frå 1907 som forutan dei kommunale tenestene også hadde sparebank og post. Posten var først i eine enden av Sivertsens hotell til hotellet vart lagt ned og gjort om til dokterbustad i 1915. Men det var innanfor privat sektor at dei fleste verksemdene kom.

Hotell og landhandel

I 1838 starta bergensaren Bernt Sivertsen med landhandel. Sidan det var skysskifte på Sande, vart det også naturleg at det kom eit tilbod om overnatting. Medan mange skysstasjonar tilbaud overnatting i sjølve våningshuset, vart det bygt hus berre til bruk for reisande, der eigaren la vinn på å få det til å løne seg å skaffe folk kost og losji.
Sivertsens hotell vart nedlagt i 1915 og først i slutten av 1920-åra starta opp eit nytt, familien Haugland sitt pensjonat som låg noko lenger aust. Dette hadde plass til 15-16 gjester, og sommarstid var det temmeleg fullt. Om vinteren heldt pensjonatet stengt, men ein liten kafé vart driven. Frå 1931 vart husa ståande tomme fram til Gaular kommune starta opp med gamleheim der i 1937. I 1960 vart ny alders- og sjukeheim bygd på Sande-garden på andre sida av elva.

Landhandel og bakeri

Men det fanst fleire som dreiv med handel. Mads Johannesson Øvrebø starta landhandel og bakeri i 1896. Han kom frå bakarlære i Bergen omkring 1890, og i åra fram mot 1900 bygde han bustadhus, butikk og bakeri. Same mann starta i åra før 1910 saman med Søren Haugland opp med Skagen Safteri. Lokale leigde dei i kjellaren på kommunehuset. Dette safteriet skapte mykje aktivitet omkring på gardane med bærdyrking og plukking. Mads Johannesen leverte også blåbær til England. I 1928 bygde Mads Elvarheim kafé. Kaféen og bua vart riven i 1980. Sølvi og Per Kapstad var då eigarar. På det tidspunktet hadde dei etablert Sande kro og hotell på andre sida av elva.
Jens Olsson Tyssekvam, "Tyssen", opna også landhandel på Skagen i 1923 i huset til Anton Skilbrei. I 1933 flytte han denne til eit nytt hus, medan familien overtok Lukrisstova. Butikken var ei rein familieverksemd der alle måtte ta sin tørn. I 1947 flytte han både butikk og bustad til eige hus på andre sida av elva der butikken er i dag.

Andre tenesteytingar

Utanom desse dreiv Anton Olai Skilbrei som skomakar samtidig som han hadde skoforretning. Frå 1933 og fram til slutten av 1950-åra dreiv familien også landhandel. Skagen møbelverkstad vart starta opp i 1925 av Mads Hansson Skagen og Leif Mikaelsson Sande. I 1932 gjekk sistnemnde ut av firmaet. Verksemda omfatta framstilling av møblar, i tillegg dreiv dei salmakararbeid. Verksemda heldt til i kjellaren på ungdomshuset. Ein annan handverkar heldt også til på Skagen i tiåret før 1900. Det var fargar Jørgen Furubotn som budde her saman med familien sin. Eldstesonen Peder vart den seinare legendariske leiaren for Norges Kommunistiske Parti. Kring 1890 var farging i stor mon eit handverksyrke. Ut frå Furubotn si vurdering var Sande ein sentral stad, her var det både hotell og trafikknutepunkt. I tillegg til fargeri bygde han ei stampe.

kjelder:

Timberlid, Jan Anders: Bygdebok for Gaular. Band 3. 1995.
Timberlid, Jan Anders: Bygdebok for Gaular. Band 5. 1999.

PERMANENT IDENTIFIKATOR