Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 25. oktober 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kommune

Rå-data

Herunder hviler ... - uvanleg gravminne ved Fet kyrkje



Dei fleste gravminna kjem bort med åra. Berre ein liten del blir tekne vare på. Fet kyrkje har to gravminne som på kvar sin måte byter seg ut frå dei andre. Det eine ved at det er fleire hundre år eldre enn alle hine. Det andre ved at det ser annleis ut - ei svær helle aust på kyrkjegarden. Her skal me sjå nærare på det siste.

Aust på kyrkjegarden ved Fet kyrkje står eit uvanleg gravminne. Det er ei svær firkanta helle med skrift og figurar. Gravminnet har vore flytta fleire gonger frå ho opphavleg var plassert på grava til "Gaardmand Jakob Trondsen Fedt", fødd 1810, død 1858.

Aust på kyrkjegarden ved Fet kyrkje står eit uvanleg gravminne. Det er ei svær firkanta helle med skrift og figurar. Gravminnet har vore flytta fleire gonger frå ho opphavleg var plassert på grava til "Gaardmand Jakob Trondsen Fedt", fødd 1810, død 1858.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2005

Fotograf: Hermund Kleppa.

Teken vare på frå ei røys

Gravminnet er lett å få auga på. Det står heilt aust på kyrkjegarden ikkje langt frå kyrkjegardsgjerdet, - ei nær 2 meter lang (høg) og vel 1 meter brei helle, oppreist mot to trepålar.

Hella har vore flytta på fleire gonger sidan ho markerte ei grav. Det var Ingebrikt Vinda som for mange år sidan nærast grov ho fram frå ei røys og fekk ho plassert attmed grunnmuren på nedsida av kyrkja. Han tykte det var for gale viss eit så sereige gravminne skulle koma bort.

"Herunder hviler ..."

Gravminnet er heimelaga. Den svære hella vart truleg funnen ein stad på Indre Hafslo, og innskrifta laga av ein person som var kunnig med bokstavar og å rita i stein. Langs kanten går heile vegen ei bein line som dannar ramme. Innskrifta er sett saman av tekst og symbol. Me får vita kven personen var som ein gong fekk dette minnet på grava si. Det er nytta store bokstavar. Dei var lettare å forma i stein enn små bokstavar. På seks liner står skrive:

"HERUNDER HVILER GAARDMAND JAKOB TRONDSEN FEDT FØDT 4. JULI 1810 DØD 1. APRIL 1858 GUDS FRED MED DIT STØV"

Symbol

Det er nytta tre symbol: kross, blom og timeglas. Krossen står øvst og på kvar side står eit glas med blom, - i det eine glaset ein levande blom, i det andre ein blom som har mista livskrafta. Timeglaset heilt nede er eit symbol som har vore mykje nytta i gravsymbolikken, særleg på 1600- og 1700-talet, men og seinare. Det er eit teikn på at livet er som sanden i timeglaset. Det renn ut og ein skal vera førebudd på døden. Blomane er i seg sjølv eit teikn på liv og her eit symbol som høyrer saman både med krossen og med timeglaset: - blomen skal visna, som sanden renn ut av glaset, men krossen er teikn på frelse og æveleg liv. Mange gravmæle frå andre halvdel av 1800-talet er pryda med blomar.

Jakob Trondsson Fedt

Men kven var mannen som fekk dette sereigne gravminnet på grava si? Bygdebokforfattar Lars Øyane opplyser:

"Det er diverre ikkje stort eg kan fortelja om denne gardbrukaren på Fet i Hafslo. Han var eldste som av gardbrukar Trond Jakobsen på Fet (1780-1841) og kona Gjertrud Jakobsdotter frå Opheim (1788-1864) og tok over som gardbrukar på heimebruket i 1840. Han gifte seg i 1842 med Britha Thomasdotter frå Kjørlaug (1824-1877), og dei fekk fem born. Trond dreiv garden levetidi ut."

Elles fortel Lars Øyane at dødsdatoen på gravminnet er ikkje det same som han har. Etter kyrkjeboka døydde Jakob T. Fedt 2. april, ikkje 1 april.

Kvifor så stort gravmæle?

Bygdekyrkjegardane har etter måten få gravminne frå 1800-talet, og dei fleste er påkosta gravminne over kondisjonerte personar. Kvifor Jakob T. Fedt fekk eit så drusteleg gravminne, veit me ikkje noko sikkert om. Lars Øyane fortel at Jakob Fedt nok høyrde med til det øvre sjikt av samfunnsstegen på Hafslo. Svogeren Einar Johannesson på Joranger var ordførar ei tid. Elles undrar Øyane på om gravminnet kan ha samanheng med dødsårsaka. Jakob Trondsson Fedt døydde etter måten ung, berre 48 år gamal.

kjelder:

Informasjon frå:
Ingebrikt Vinda, Luster.
Riksantikvaren.
Lars Øyane.

PERMANENT IDENTIFIKATOR