Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Storevasshaugen



Dei to bruka på Hjorteset, gard nr. 26, hadde i eldre tider kvar sin sommarstøl. Bnr. 1 hadde Synnevehaugen til støl. Den vart teken av ei vassdemme kring 1921. Då flytta dei til bnr. 2 sin sommarstøl, Storevasshaugen. Dei første åra var begge i same sel og her var ikkje fjøsar. Etter nokre år kom det opp eit sel til. Storevasshaugen ligg i ei høgd på ca. 560 m o.h.

Dei søndagskledde stølsjentene på Storevasshaugen er Katrina Hjorteset (gift Eimhjellen) og Brita Solheim.

Dei søndagskledde stølsjentene på Storevasshaugen er Katrina Hjorteset (gift Eimhjellen) og Brita Solheim.

Eigar: Alfhild Aa.

Datering: 1924.

Fotograf: Alfhild Aa.

Tilkomst

Det går ein ca. 3 km lang skogsveg/traktorveg opp frå tunet på Hjorteset. Vidare er det kring 0,5 km rås til næraste stølen Nykjen. Til Storevasshaugen passar det å bruke traktorvegen og så kring 3 km rås vidare. Her er merka turløype.

Bruk av stølen

På Kulturnett Sogn og Fjordane er det ei stølsliste frå 1930-åra. Der er nemnt to stølar. Ytstestølen som vår- og hauststøl for begge bruka. Storevasshaugen som sommarstøl utan å nemne kva for bruksnummer som brukte han.
Alfhild Aa fortel at dyra trekte opp til vårstølen kring jonsok. Deretter vidare til sommarstølen etter 2-3 veker. Stølstida var slutt om hausten kring mikkelsmess, 29. september, etter at dyra hadde vore på vårstølen eit par veker.
Mjølka vart sett i asker til syrning, eit lad kvar dag med tynne trespiler mellom kvar ask. Det var alltid fire lad til syrning. Dei stod i askehylla med kvitt forheng for. Rømmen vart fløyta av kvar kveld etter kvart den vart klar og samla i rømmeholken. Surmjølka vart slått i skjørtønna. Skjøret vart henta av reiarane eit par gonger om veka. Det vart kløvja heim i kaggar på hesteryggen, medan dei bar rømmeholken på ryggen. Mjølkestellet vart enklare då dei i 1930-åra fekk seg separator.


Slåtten var òg viktig på stølane. I alle høve på Ytstestølen og Nykjen. Høyet vart meisa ned liene og kjørt heim. Å bruka stølane til beite og slått tok slutt kring 1970. Det var nok hardt arbeid, fortel Aa, "men vi unge jenter fekk eit viktig ansvar med dyrestell og med å skaffe avkastning for garden. Vi minnest denne tida med glede."

Etter kvart fann brukarane at vegen til Storevasshaugen var altfor lang og tungvint, og kring 1950 sette dei opp stølshus på Nykjen, som ligg over brattlia rett ovanfor tunet. Høgd ca. 380 m o.h. Her er fjellknauser og noko våtlendt med inngjerda stølsteigar. Husa er sett noko frå kvarandre. Denne stølen var ikkje lenge i bruk. Kring 1970 var stølstida slutt.

Nokre fakta

Hjorteset, gard nr. 26, Hyen sokn, hadde to bruk i 1890. Folketalet på garden var 22 i 1865. Dette heldt seg stabilt fram til 1900, då talet var 21.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 3, side 298. Sandane 1988.
Alfhild Aa, Gloppen
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR