Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Hyllestad gamle kyrkjegard



I 1880 vart den gamle kyrkja på Hyllestad riven og seld. Gravplassen var for liten, og ny vart teken i bruk på nabogarden. Den gamle kyrkjegarden kom med åra i forfall, men vart så restaurert.

Hyllestad gamle kyrkjegard. Der den gamle kyrkja hadde stått vart det støypt ein låg betongbot. Plassen vart rydda og planta til med prydbuskar og kyrkjegardsmuren vart sett i stand.

Hyllestad gamle kyrkjegard. Der den gamle kyrkja hadde stått vart det støypt ein låg betongbot. Plassen vart rydda og planta til med prydbuskar og kyrkjegardsmuren vart sett i stand.

Eigar: Hyllestad skule.

Datering: Ca. år 2000.

Fotograf: Liv-Berit Berge.

Gammal og ny kyrkjegard

Den eldste kyrkja i Hyllestad sokn stod på garden som har gitt namn til både hovudsoknet og kommunen. I utmarka til garden Hyllestad ligg Kyrkjefjellet, som etter tradisjonen ber namnet etter ei kyrkje og ein gravplass som skal ha lege på Breibøen, like ved. Dette er ikkje stadfesta ved arkeologiske granskingar. I 1880 var den gamle kyrkja blitt for lita, og det var trong for reparasjon. Gravplassen var òg for liten, så difor vart det bygd ny kyrkje og laga til ny kyrkjegard i Hyllestad sokn på den nye prestegarden Myklebust, berre ein halv kilometer borte. Kva skjedde då med den gamle gravplassen som soknet hadde hatt i hundrevis av år?

Restaurering

I 1921 var det 40 år sidan siste gravlegging på den gamle kyrkjegarden. Spørsmålet var då om gravstaden skulle seljast eller fredast. Kommunestyret valde å frede staden, og var samrøystes av den meining at det var betre å få kyrkjegarden tilplanta enn at han skulle verte liggjande "vanvyrda". Det var ordførar og kyrkjesongar Jonas Sørefjord, som dreiv fram restaureringsarbeidet. Han skreiv manande om å ta vare på den gamle gravplassen som var "heilag grunn". Soknerådet og kommunen støtta arbeidet. Mange var med på dugnadsarbeid, og dei som ikkje kunne det, skaut til med pengar. Restaureringsarbeidet vart fullført i 1935. Der den gamle kyrkja hadde stått, vart det støypt ein mur. Kyrkjegardsmuren vart sett i stand, og dei gamle steinkrossane retta opp. Plassen vart rydda, og planta til med prydbuskar, m.a. syrintre. Då arbeidet var ferdig, vanta det finansiering av 1/5 av kostnadene, som til slutt vart dekt av kommunen.

Forfall og stell i nyare tid

Den første tida etter istandsetjinga vart kyrkjegarden slegen, men etter kvart minka det med stell og vedlikehald. Kyrkjegarden kom i forfall og vart liggjande vanskjøtta. I siste halvdel av 1990-åra vart det så teke affære. Det kom i stand avtale mellom kommunen og idrettslaget om å få stand slått kvar sommar, og vegen opp frå riksvegen vart skilta. Men på ny er det trong for restaurering av kyrkjegardsmuren.

Steinkrossane

På kyrkjegardsmuren var det plassert fire steinkrossar. Dei skriv seg frå tidleg mellomalder. Ingen andre stader i Sogn og Fjordane finst det så mange gamle krossar på ein stad. Men så er dei òg laga av den lokale bergarten granat-glimmerskifer. I mellomalderen vart nok mange krossar hogde ut av fjellet i dette området, der det òg var omfattande tilverking av kvernsteinar av same bergart. Tre krossar står i kvart sitt hjørne på kyrkjegardsmuren, medan den fjerde ligg der, sterkt skadd. På kyrkjegarden finst det òg steinplater med innhogde krossar frå katolsk tid.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Førsund, Finn Borgen: Lat oss ikkje forfedrane gløyma. Historia om ein kyrkjegard. I Sogeskrift for Hyllestad. Hefte 2, 1977.
Henden Aaraas, Margrethe m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. 2. Sogn. Selja Forlag, 2000.
Aaberg, Th: Kyrkjorne i Hyllestad i gammel og ny tid. 1929.

PERMANENT IDENTIFIKATOR