Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Borgstova i Vik



Borgstova er eit restaurert hus på Sjøtun i Vik som vert nytta til kulturarrangement, møte og ymse slag tilstellingar. Huset frå 1864 er det eine av to hus som står att frå den gamle offisersgarden.

Borgstova på Sjøtun i Vik. Huset vert nytta til ymse tilstellingar og til turistføremål.

Borgstova på Sjøtun i Vik. Huset vert nytta til ymse tilstellingar og til turistføremål.

Eigar: Arne Inge Sæbø.

Datering: 1999.

Fotograf: Arne Inge Sæbø.

Forhistorie

Borgstova vart bygd i 1864, same året som sengebua, tenarstova og geitefjøset på Sjøtun vart rivne. I staden for desse vart det bygt eit nytt tømra hus, med desse romma: Rullestue, pigekammer, drengestue, reiskapskammer, eldhus og sauefjøs. Eit par rom hadde Glassjaa i Taget.

Kva var ei borgstove?

Borgstover, i Vik ofte kalla bosstove, fanst på mange gardar. Dei vart nytta til tenarane, som budde der. Det står att nokre borgstover i Vik, bl.a. i Tillisch-garden. Men når me snakkar om Borgstova i Vik, meiner me den som står på Sjøtun. Etter 2. verdskrigen og fram til 1970-åra vart Borgstova nytta som bustad.

Borgstova restaurert

Bedrifter i Vik og fylkeskommunen har ytt økonomisk bidrag til restaurering av Borgstova. Reiskapskammeret har vorte til kjøken, og det er bygt til eit krossbygg i austre enden. Det som var nytta til sauefjøs, har vorte til vedhus og opplagsrom. Den store skorsteinen som var i eldhuset er intakt.
Det er ei stifting som eig huset. Huset vert leigd ut til lag og einskildpersonar. Privatpersonar har gjeve møblar og gamle ting til Borgstova.

Garden Sjøtun

Sjøtun-garden er no seld ut i småpartar. Garden vart og kalla Skaffargarden, Aallgarden og Oberstgarden (Ovestegarden). Her budde offiserar på ekserserplassen Viksmoen, difor namnet Oberstgarden. Her var i si tid ein flott stovebygning, men han brann ned i 1938. I dag er der att berre ei kornturke og Borgstova. Driftsbygningen kalla Ara vart riven hausten 1999.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Lundeland, Bjarne: Hus, byggje- og bumåte i Vik i eldre tid. I Bygdabok for Vik i Sogn,, bind II, s. 94-194. Bergen 1956.
Vik lokalhistoriske arkiv:
Vik kommunearkiv. Branntakstprotokollane for Vik, 1864.

PERMANENT IDENTIFIKATOR