Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 26. november 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Folkestad bedehuskapell



Folkestad bedehuskapell er eit påbygd bedehus i tre som ligg på Våge, langt vest i Fjaler kommune. Bedehuskapellet, som har 200 sitjeplassar, vart vigsla for kyrkjeleg bruk 4. september 1940 av biskop Andreas Fleischer. Kapellet vart bygt i 1913 av byggmeister Gerhard Folkestad, som også stod for ombygginga i 1940. Det var folk i Våge krins som hadde trong for eit gudshus. Fram til 1991 sokna dei til Vilnes og Askvoll på nordsida av fjorden.

Folkestad bedehuskapell har ei tredelt bygningshistorie, og midtdelen utgjer det som frå 1913 var bedehuset i bygda. Tett forbi husveggen går vegen sørover til Hyllestad.

Folkestad bedehuskapell har ei tredelt bygningshistorie, og midtdelen utgjer det som frå 1913 var bedehuset i bygda. Tett forbi husveggen går vegen sørover til Hyllestad.

Eigar: Firda.

Datering: 2000.

Fotograf: Olav Øygard.

Trong for eige gudshus

Trongen for ein hjelpekyrkjegard i Vilnes sokn var utgangspunktet for at det kom eit bedehus og seinare kapell på Våge. Eit problem var at Vilnes kyrkjegard stadig måtte utvidast, men i tillegg var kyrkja ofte for lita for gravfølgja. Den aller viktigaste grunnen var likevel den utrygge sjøvegen over fjorden, for dei som budde på sørsida.

No var det ikkje berre til Vilnes folket i Våge krins reiste. Delar av krinsen sokna til Askvoll kyrkje, men deira ønskje om eige gudshus var like sterkt som i resten av grendene. Alle ønskte å sleppe den tunge sjøvegen over Vilnesfjorden. Saka var oppe i soknestyret i Askvoll fyrste gongen i 1901. Og i grunnen var ingen usamde i at bygdefolket på sørsida skulle få innfridd ønskjet om eigen kyrkjegard. Undervegs i arbeidet byrja planane om eit eige gudshus å ta form. I fyrste omgang var det snakk om eit bedehus som kunne brukast i samband med gravferder, men også til anna møteverksemd. Bedehuset stod ferdig i 1913.

Bygt på Våge

Opphavleg var planen å byggje bedehuskapellet på Folkestad, om lag ein kilometer lenger sør. Men tomta nede på Våge låg meir midt i bygda, og tilkomsten frå sjøen var dessutan betre der. Difor vart det til at bygdefolket samla seg om Våge. Gravstaden vart planert med grense nesten ned i sjøkanten, inst i Vågsvågen, med vidt utsyn over fjorden.

Huset vart delvis finansiert ved at folk som utvandra til Amerika på slutten av 1800-talet dreiv innsamlingsaksjon for å hjelpe bygdefolket i heimlandet. Frå fyrst av var målet med aksjonen å få reist eit ungdomshus. Men når dei planane ikkje vart noko av, gjekk pengane frå Amerika i staden til bedehuset. At mange i bygda deltok i dugnadsarbeid reduserte kostnadene vesentleg. Byggmeisteren både i 1913 og under utbygginga i 1940 var Gerhard Folkestad. Han tok 860 kroner for å reise huset i 1913. Dei formelle eigarane vart Indremisjonen, saman med Det norske Misjonsselskap. Dei hadde ei sentral rolle i både byggjeaktiviteten og arbeidet som seinare vart drive i bedehuset.

I 1940 vart bedehuset vigsla til kyrkjeleg bruk og fekk nemninga bedehuskapell. Den delen som før var bedehus, vart no kyrkjeskip. Ein kordel på om lag 5,2 x 5,5 m vart bygd til med sakristi på nordsida. Sjølve kortilbygget har fem sider av ei tenkt oktogonform (åttekant).

Tredelt bygningshistorie

I juni 1942 overtok tyskarane huset. Det som kunne takast ut av inventar, slik som altertavle, alterring og døypefont, vart plassert hjå private i bygda. Då tyskarane flytta ut av huset våren 1944, såg det mildt sagt rotete ut. Koret hadde dei nytta til smie, kjellaren til kjøken og potetlager. Alle golva var øydelagde og måtte skiftast ut. Det var i det heile eit trasig syn som møtte bygdefolket då dei fekk att gudshuset sitt, men dei gjekk i gang med oppussinga og kunne snart ta det i bruk att som kapell. I 1956 vart det starta ei eiga bedehusforeining som tok ansvaret for å skaffe pengar til huset. Dei har seinare gitt gode bidrag til nytt orgel, nytt inngangsparti m.m.

Innvendig har bedehuskapellet boga tak og brystningspanel. Det har romsleg plass med eit ekstra møterom oppe og stor møtesal/matsal i kjellaren. Nede er det også kjøken og toalett. Huset har galleri, men orgelet er plassert framme på venstre side i skipet.

Når ein ser det utanfrå, er det tydeleg at Folkestad bedehuskapell har ei tredelt bygningshistorie. Den midterste delen utgjer den gamle delen, koret er noko nyare, og den mest moderne delen er inngangspartiet med våpenhuset og det noko eigenarta tårnet. Huset slik det står i dag, var ferdig i 1983. Det er om lag 13 m langt og 8,3 m breitt.

Kunst og inventar

Altertavla frå 1940 er måla av prost Sigurd Folkestad. Ho vart gitt som gåve av Folkestad og syskena Margrethe og Anna til minne om faren, Abraham Folkestad, grunnleggjaren av Den norske sjømannsmisjonen. Motivet på tavla er "Jesus som gartnaren i vingarden".

På alteret står to alterlysestakar i tinn, begge er truleg frå 1940. Nattverdsutstyret er ein kalk, ein disk, ei brødøskje og ei vinkanne, alle er truleg frå 1940.

Preikestolen frå 1913 er mest truleg bygd av byggmeister Gerhard Folkestad. Døypefonten av tre frå 1940, vart laga av Johannes Hovland. Dåpsfatet, truleg frå 1940, er ei gåve frå Askvoll kommunes Sanitetsforeining. Dåpsmugga frå 1975 er ei gåve frå Folkestad bedehusforeining.

Orgelet i dag er det andre i rekkja, kjøpt i 1994. Det har fem stemmer og bygt av Venheim Orgelbygg. Kyrkjeklokka frå 1914 er laga av O. Olsen & Sønners Klokkestøperi. Ho har innskrifta "Salige er den døde, som dør i Herren".

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR