Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Stamvegen - riksveg 5 - mellom Lærdal og Sogndal



18. juni 1992 vedtok Stortinget at stamvegen mellom Lærdal og Sogndal skulle få ein ny og kortare trase. Målet var å knyta indre Sogn nærare saman med kortare reisetid og betre vegstandard. 29. september 1995 opna det nye vegsambandet

Ein del av den nye riksvegen mellom Sogndal og Mannheller med Amlabukta i bakgrunnen.

Ein del av den nye riksvegen mellom Sogndal og Mannheller med Amlabukta i bakgrunnen.

Eigar: Statens vegvesen Region Vest

Datering: 1996

Fotograf: Olav Handeland

Betre stamvegsamband

Vegsambandet er ein del av stamvegnettet mellom Austlandet og Vestlandet i eit viktig område i fylket. Den svært rasfarlege Revsnesvegen og den sterke stigninga frå ferjeleiet på Kaupanger, gav både utrygg og dårleg framkomst. Prosjektet var og viktig for å få betre samband mellom Årdal og Lærdal, og Årdal-Sogndal. Det var ingen tvil om at prosjektet hadde solid støtte mellom politikarane i fylket. Eit overveldande fleirtal i fylkestinget (33 mot 6 røyster) vedtok prosjektet 13. desember 1989.

Fleire alternativ

I 1989 vart det utarbeidd ein hovudplan med tre moglege alternativ. Det eine var opprusting og rassikring av Revsnesvegen og nytt ferjesamband søraust for Kaupanger, med ny veg gjennom Kaupanger. Det andre alternativet var som det første, men med tunnel frå Lærdal til Fodnes og nedlegging av ferja Revsnes-Kaupanger. Det tredje alternativet var det som vart valt; tunnel Lærdal-Fodnes, tunnel Mannheller-Amla og veg Amla-Kaupangerskogen med nytt ferjesamband Mannheller-Fodnes.

Landskapsestetiske vurderingar

Heile prosjektet vart detaljplanlagt med ei landskapsestetisk vurdering for auge. Særleg gjaldt dette kryssområdet ved Skogly, ferjekaien på Mannheller, tunnelmunningen i Amladalen og dei største fyllingane i lia over Amlabukta. Sidan vegen vart lagt i eit tidlegare urørt landskap var det naudsynt å dempa den dominerande verknaden. Strekninga frå Skogly til Manheller er 8 km. Det vart utarbeidd landskaps- og planteplanar for alle desse områda, i tillegg til området på Grandane i Lærdal.

Tunnelmassar til besvær

Arbeidet med Fodnestunnelen (6,5 km) byrja 19. januar 1993. Det var den siste etappen for å få eit vegfast samband mellom Årdal og Lærdal. Eit problem var kvar dei skulle plassera tunnelmassane på Lærdalssida. Løysinga vart å fylla stordelen i sjøen i Raubergbukta like ved kaia i Lærdal. Det var store diskusjonar om dette kunne få skadar for fisken i fjorden, men Fylkesmannen og Kystverket gav løyve til utfylling. Lærdal elveeigarlag klaga på dette, men klagen vart avvist. Tunnelen var ferdig i 1995.

Ferjesambandet Mannheller-Fodnes

Ferjeområdet på Mannheller omfatta ferjekai med fjellhall. Her vart det lagt ned mykje arbeid for å få til gode trafikkløysingar og gode tekniske løysingar. Det er plass til 100 bilar inne i hallen. For å få plass til så mange bilar, har hallen eit spenn på 22 m. Ute er det plass til like mange bilar. Trafikken frå ferja går inn i fjellet i tunnel og kryssar under fjellhallen. Dette vart gjort for å få betre plass til rassikringstiltak, då det vart ein smalare oppstillingsplass ute i dagen. Miljømessig vart det og ei svært god løysing som gav godt uteareal med rasteplassar. Det var i tillegg ei langt tryggare løysing utan motgåande trafikk. Ei ferjekai på Mannheller var ein spenstig ide som vart løyst på ein framifrå måte.

Revsnesvegen

Tidlegare gjekk ferjene frå Revsnes i Lærdal. Det viste seg at strekninga Lærdal-Revsnes var svært utsett for ras. Frå 1974-1991 vart vegen stengd 99 gonger. To miste livet og to vart skadde på grunn av ras. Med nytt ferjesamband over Sognefjorden vart ferjesambandet Revsnes-Kaupanger lagt ned, og den rasfarlege vegen til Revsnes kunne og leggjast ned.

Finansiering

Like etter 1990 vart bompengeselskapet A/S Vegsambandet Årdal-Lærdal-Kaupanger skipa for å arbeida med delfinansieringa av vegen. Kostnadsoverslaget var på 299 mill. (1992-kroner). Norsk Hydro sa seg villeg til å yta 77 mill. kroner. Lærdal og Aurland kommune ytte 6 mill. kroner og staten løyvde 62. mill. kroner over det ordinære vegbudsjettet. 154 mill. kroner vart tekne opp i lånemidlar. Desse skulle tilbakebetalast innan 16 år. Bompengane vart inkluderte i ferjebilletten på ferjesambandet Mannheller-Fodnes. Den reelle kostnaden på vegsambandet vart 358 mill. kroner (1995-kr.). Lånet vart auka til 197 mill. kroner.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Strand, Magne: Manhillerprosjektet. I Vegstubben, s. 3-4, nr. 5-1991.
Ese, Kristin: Vegprosjektet som skapar samferdslerevolusjon i Indre Sogn. I Vegstubben, s. 14-15, nr. 1-1993.
Betre vegar kortare avstandar. Stamvegutbygging bompengeprosjekt fram mot år 2000, Statens vegvesen 1993.
Handeland, Olav: Vegrevolusjonen i Indre Sogn. I Vegstubben. s. 13-16, nr. 4-1995.
Handeland, Olav: Alle gode ting er tre. Vegstubben. s. 4-6, nr. 5-1995.
Handeland, Olav: Vakre Vegers Pris til Mannheller ferjekai. I Vegstubben. s. 16-17, nr. 5-1997.
Taklo, Astrid: Rv 5 Skogly på Kaupanger - eit kryss med dimensjonar. I Vegstubben, s. 3, nr. 1-1998.
Torvanger, Magnus Halge: 101 fjordabåtar. Fartøya til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-2000, Selja Forlag 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR