Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Kalkstein og kontrabande frå Smilla



I Smilla i Hyllestad vart det rundt 1890 og frametter til byrjinga av siste verdskrig produsert murkalk og gjødselkalk. Ein av produsentane i kalkbrenneriet i Smilla var Erik Grant Lea.

Fint oppmurte  vegar  mellom uttak, kalksteinsomn og kai viser enno att i  terrenget.

Fint oppmurte vegar mellom uttak, kalksteinsomn og kai viser enno att i terrenget.

Eigar: Per Bygnes.

Datering: 2000.

Fotograf: Per Bygnes.

Urein kalkstein

På nordsida av Åfjorden i Hyllestad er det ein kalksteinsførekomst. På geologisk kart - kartblad Måløy frå NGU - er det teikna inn ei smal, blå stripe mellom Nygård i aust og Øn i vest. Den vert referert til som kalkstein, marmor. I eit eksamensarbeid frå UiT er bergarten kalla "urein kalkstein".

Kalksteinen i Smilla var ikkje så rein at han kunne brukast i sementproduksjonen. Men kalken var god nok til murkalk og gjødselkalk. Men det er få andre kalkførekomstar i fylket, og denne vert såleis rekna som ein ressurs. Fleire eigarar dreiv kalkbrenneriet i tida 1890 til fyrst på 1940-talet.
 

I bygdeboka for Hyllestad går det fram at Anders Johannessen Smilden overdrog sitt rett til utvinning av kalkstein til Torgeir Hellevik i 1896. Det må då alt ha vore ei viss utvinning av kalk i Smilla. Etter at Torgeir Hellevik gav seg, var m.a. Elling Ellingson Huke eigar ei tid.

Erik Grant Lea og kalkbrenneriet

Etter at Erik Grant Lea hadde skaffa seg eigedom i Gjølanger i Fjaler midt i 1920-åra, kjøpte han kalkbrenneriet i Smilla for 4 000 kr. Han måtte arbeida hardt for å få sett produksjonen i gang att. Mellom anna måtte kalkomnen vølast. Etter kvart fekk Lea god hjelp av vennen Wilhelm Blaauw frå Bergen. Også tidlegare eigar deltok. I boka "Fra gull til grønne skoger" fortel Norvald Tveit om arbeidsdelinga dei imellom. Blaauw sprengde ut kalken og tidlegare eigar transporterte kalksteinen fram til omnen. Lea knuste blokkene til pukkstein. Kol og kalkstein vart skiftevis fylt inn på omnen. Det vart fyrt under, og etter tre dagar var massen utbrend, og det ferdige produktet kunne takast ut or omnen. Kalken kunne så køyrast ned på eigen kai på same området for utskiping.
 

Ein del av kalken vart frakta med Fylkesbaatane. Men ein god del murkalk og gjødselkalk frakta Henrik H. Haveland frå Gulen med skøyta "Volga" - eller "Havelands-skøyta" som ho vart kalla - til dei næraste kystbygdene.

Kontrabande til Bergen

Det vart levert kalk heilt inn i krigsåra 1940-1945. Ein del av kalken vart frakta til Bergen - i tønner. Ei anna etterlengta vare i Bergen under krigen var kjøt. Det var ikkje fritt at tønner frå kalkbrenneriet i Smilla inneheldt denne ettertrakta vara til utflytta bygdefolk og skuleelevar.
 

Kalkomnen er for lengst ramla ned. Men fint murte kaiar og vegtrasear er ennå tydelege spor etter denne spesielle verksemda ved Åfjorden.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Kellmer, Inger Hellesøe og Førsund, Finn Borgen (red.): Hyllestad bygdebok. Soga om folket. Hyllestad 1990.
Tveit, Norvald:Fra gull til grønne skoger. GNF 1972.
Norges Geologiske Undersøkelser (NGU): Geologisk kart over Norge/Måløy.
Finne, Tor Erik: Det store eksamensarbeid. Universitetet i Trondheim. 1979.
Opplysningar frå:
Leikny og Johan Lien, Hyllestad. 1999-2001.
Magnus Nordbø. 1999.
Johan Haveland. 2001.
Fylkesgeolog Bjørn Falck Russenes. 2001.
Jostein Kvåle, Hyllestad. 2001.

PERMANENT IDENTIFIKATOR