Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 23. mars 2011

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Kanal frå Dalavatnet til Bremangerpollen



Våren 1885 kunne folk på gardane ved Dalavatnet på Bremangerlandet ta seg fram til og frå sjøen i båt. Dei hadde bygt ein kanal på eige initiativ og for eigne pengar, etter at offentlege instansar hadde drive på med utgreiingar i 15 år. Ein søknad om fylkestilskot inneheld byggjehistorie.

<p>Kanalen mellom Dalavatnet og sj&oslash;en i nedre enden, der kanalen g&aring;r ut i sj&oslash;en. Staden har namnet Struen.</p>

Kanalen mellom Dalavatnet og sjøen i nedre enden, der kanalen går ut i sjøen. Staden har namnet Struen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2009

Fotograf: Hermund Kleppa

Søknad om offentleg tilskot i etterkant

Kanalbyggjarane søkte kommunen om tilskot straks arbeidet var ferdig. Kommunestyret hadde saka føre 24. juni og gjorde følgjande vedtak:

”Ordføreren anmodes om at indgaa til indeværende Aars Amtsformandskab med Andragende om et Bidrag, stort Kr. 726,00, til det nu fuldførte Kanalanlæg mellem Dalevandet og Søen i Bremanger Herred.”
 

Ordførar E. Nøttingnes følgde straks opp med søknad 26. juni. Søknaden inneheld opplysningar om kva som hadde skjedd, kva arbeidet hadde kosta og korleis det hadde vorte finansiert. Ordføraren hadde ei litt uvanleg utfordring, å få amtet til å yta tilskot til eit prosjekt folk hadde ordna med på eiga hand. I ettertid er søknaden ei kjelde til historisk kunnskap, om byggjinga av kanalen mellom Dalavatnet og Bremangerpollen.

”stillet i Bero”

Nøttingnes hadde ikkje full greie på den tidlegare saksgangen, men det byrja i 1871. Landbruksingeniør Smitt laga då eit kostnadsoverslag som vart sendt det statlege Kanalkontoret til vurdering, ”hvorefter Sagen, saavidt vides” gjekk til amtet som vedlegg til søknad om tilskot. Amtet avslo. Og grunnen var, etter det Nøttingnes hadde høyrt, at det var for stor skilnad mellom Smitt sitt overslag og Kanalkontoret sine ”Kalkuler”. Saka vart etter dette ”stillet i Bero.”

Saksdokumenta ”forsvundne”

Ti år seinare kom saka opp på ny. I 1881 sende ”Bremanger Herredsstyrelse” nytt ”andragende” til amtet om at det måtte ordnast med nytt kostnadsoverslag. Grunnen var litt spesiell. ”De første Dokumenter vedkomende Sagen var nemlig forsvundne.”

”Tvende” alternativ

Det ordna seg, denne gongen ved landbruksingeniør Grimnæs. Han laga kostnadsoverslag for to alternativ, ein straumkanal kalkulert til 2700 kroner og ein noko rimelegare slusekanal til 1400 kroner. På same måte som i 1871 gjekk planane til Kanalkontoret. Ekspertisen der likte ikkje alternativet straumkanal. Kontoret meinte straumforholda ville verta ”ugunstige” for ferdsla.

Kommunestyret handsama saka 19. november 1884. Misnøye med Kanalkontoret ligg opp i dagen. Kommunestyret vedtok å senda dokumenta tilbake for ”at faa Sagen nærmere undersøgt.”

Sterkt ønskje

Oppsitjarane i Dalen frykta no for at saka ville trekkja i langdrag samstundes med at ønskjet om kanal hadde vorte sterkare. Dei måtte frakta all bygningsmaterial frå sjøen og dei dreiv fiske både sommar og vinter. Dei måtte slita med undøvendig omlasting og transport over det korte eidet mellom vatnet og sjøen.

”Disse Folk maatte da, naar de kom tilland, oftest medtagne af de lange Veie, først losse sine Varer ud og bære dem over Eidet og derpaa tage dem i Baad igjen for at fortsætte reisen til sine Hjem.”
 

Tok skeia i eiga hand

Dei tok grep sjølv. Vinteren 1885 gjorde dei avtale med Lars Hagenæs om å stå føre arbeiet. Han hadde erfaring frå liknande anlegg. Stikk i strid med ekspertisen i Kanalkontoret valde dei alternativet straumkanal, og då ikkje minst fordi dei ville få ein vedlikehaldsfri kanal samanlikna med ein slusekanal. Elles følgde dei i hovudsak Grimnæs sin plan, men bygde to alner breiare utan at kostnaden blei noko særleg høgare enn Grimnæs sitt overslag. I april same året kunne dei fara med båtane sine til og frå sjøen.

God løysing

Kanalen svara til forventningane. Nøttingnes opplyser i søknaden at

”man næsten til enhver Tid kan passere den ialdfald nedover med smaa Baade og i omtrent halvflods Sø med større lastede Baade baade opover og nedover.”
 

Kostnad

Kanalen kosta kr. 2778,40 irekna 224 arbeidsdagar a kr. 1,60 = kr. 358.40. Nokre fleire dagsverk og snaue 100 kroner meir i høve til Grimnæs sitt overslag, skuldast at Hagenæs hadde bygd litt breiare enn Grimnæs sin plan. Det var eit klokt trekk, det ”viste sig at være aldeles nødvendigt” forsikrar Nøttingnes. Dessutan meiner han at ”det gjorte Tillæg maa siges at være lidet i Forhold til det større Arbeid.”

Stort løft

Ordføraren gjer i søknaden til amtet greie for at folket ved Dalavatnet strekt seg langt. Dei har ytt over evne for å finansiera anlegget. I fellesskap har dei teke opp eit lån på 1200 kroner og elles lånt pengar kvar for seg. Vi får og vita at gardsbruka i Dalen for det meste er små og at den økonomiske stillingen hjå dei fleste er dårleg.

Velvilje

Bremanger kommunestyre løyvde i møte 24. juni eit tilskot ”Stort 200 Kroner til Kanalen”. Fleire av kommunestyre-medlemmene uttalte at om det ikkje hadde vore for den dårlege kommuneøkonomien, ville dei ha ”stemt for et adskillig høiere Beløb.” Det var her snakk om eit stort gode for ein stor del av folket i Bremanger. Kommunestyret meinte at oppsitjarane nok måtte avfinna seg med å ta 1/3 av kostnaden og at ein så måtte prøva å finna dekning for 2/3 på annan måte. Ein tenkte også å senda søknad til Stortinget.

Amtet

Ordførar E. Nøttingnes skreiv under søknaden til amtet 24. juni 1886. Dei trykte fylkestingsforhandlingane for 1886 har informasjon om korleis det gjekk. Heile søknaden står på sidene 71-74. Og amtmann Oppen har skøytt på med at søknaden kom inn etter at at overslag over ”Amtets Indtægter og Udgifter var oppgjort og trykt.” Han stadfester at saka var til handsaming 28. juli 1871 og at søknaden då vart avslegen. Fylkesmannskontoret har undersøkt i ”Amtsformnannskabspakken” (saksdokument-pakken) for 1871 men ikkje funne dokument ”angaaende Sagen”.

Det ser ikkje ut til at kommunestyret i Bremanger nådde fram med søknaden sin i 1886 heller.
 

kjelder:

Nordre Bergenhus Amtsformandskabs Forhandlinger for Aaret 1889.

PERMANENT IDENTIFIKATOR