Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 16. juni 2009

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Huldefossen, Huld og Holsen



Huldefossen på Mo er eit av landemerka i Førde. Den gamle alléen inn til jordbruksskulen er retta inn mot denne vakre, 92 meter høge vassgardina i tre etasjar. Fossen er nemnd i eit utal utanlandske reiseguidar. I sommarsesongen svingar dagleg bilar med langvegsfarande inn på Mo for å oppleve vasskreftene. Namnet knyter fossen til elva Hulda ovanfor, og til Holsen med Holsavatnet.

Huldefossen er perla i landskapet på Mo. Etter fossen renn Hulda ut i Jølstra (til venstre). Ein gong gjekk Jølstra tett innunder fossen og langs fjellfoten (til høgre).

Huldefossen er perla i landskapet på Mo. Etter fossen renn Hulda ut i Jølstra (til venstre). Ein gong gjekk Jølstra tett innunder fossen og langs fjellfoten (til høgre).

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2009

Fotograf: Arne Aasland

Populært motiv

Kor mykje folk i gamle tider oppfatta naturen som vakker, kan vi berre fundere over. Beundringa for vill natur kom inn i borgarskapet med nasjonalromantikken frå 1830-talet. Kunstmålarane greip tak i fossemotiva, og dei første fotografane var på jakt etter naturmotiv for prospektkort. Huldefossen finst på både maleri og staslege bilde av Mo-skulen. Fossen heng over som eit naturens sceneteppe.

På respektfull avstand

Men truleg var det friluftsliv og sportsfiske på 1900-talet som gjorde fossen til eit omgrep blant folk flest. Elvebiten frå fossefoten til Jølstra er og ein kjend badeplass med 3-4 grader varmare vatn enn i Jølstra. Ungane set seg i elva under vassføyka frå fossen og siglar med straumen ned til Jølstra i renner og over glatte steinar. Men når fossen spelar opp med åtti, eller kanskje hundre, kubikkmeter vatn i sekundet, kan den berre nytast på respektfull avstand, og duren spreier seg over heile Sunde-grenda.

Namnet

Huldrefossen var lenge namnet på folkemunne. Bak dette ligg ei lita misforståing fordi det rette namnet ikkje var forståeleg. Ein assosierte fossen med huldra og naturmystikk. Bøndene nær fossen, på Stevoll og Åsane, har heile tida halde på elvenamnet Hulda og Huldefossen. Hulda er då elva frå Åsvatnet til fossetoppen, men også elva vidare oppover frå Åsvatnet til Holsavatnet. Den siste biten har ein skild ut med namnet Strokene fordi det var tungt å ro dette stryket mot Holsen, særleg før 1900, då ein senka Holsavatnet 1 meter. Huldefossen blei tatt opp att av Huldefossen grunneigarlag på 1980-talet, og er no i allmenn bruk.

Alltid vassrøyk rundt seg

Truleg er det slik at elva har fått namnet sitt frå fossen, og ikkje motsett. For Hulda er ei kort elv og finn ikke på stort anna enn å danne eit spektakulært vassfall. ”Hulda er stor i dag” kan ha vore seiemåten for at fossen gjekk stor. Huld tyder ”noko som hyljer seg inn, skjuler seg i slør”, gjerne slik at det er vakkert. Dette er treffande om fossen, ikkje om elva elles. På grunn av det breie, flate vassfallet og hyllene nedover i fossen har Huldefossen alltid vassrøyk rundt seg.

Holsen og Holsa

Namnet Holsen har forskarane streva med. Dei fann den eldste skrivne forma i jordeboka Bergen kalvskinn frå ca. 1360. Då var namnet Hollse, og dei forstod at det hadde å gjere med innsjøen (på gammalnorsk ser). Namnet var blitt tatt i bruk av garden ved vatnet: Hollser. Men kva betydde då holl? Dei kunne peike på mogelege alternativ, men ikkje noko som løyste floken.

Når det gjeld innsjønamn, er namnet på elva som renn ut gjerne det første ein ser på. Det gjorde likevel ikkje forskarane her kring 1915, eller dei kan ha fått ei opplysning om at elva heitte Strokene. Namnet Hulda har dei ikkje hatt på bordet, for Hulda finst rett og slett ikkje i verket Norske elvenamne av den same gruppa. Hulda må vere den mest vassrike elva i landet som ikkje har kome med på denne lista, og dermed heller ikkje blitt tolka. Forklaringa er nok at ho er delt i tre bitar med det villeiande Strokene på øvste biten. Men faktisk har vi eit Hulda-vassdrag på ei mil frå Mo til Holsen kyrkje viss vi inkluderer vatna.

Sjøen til Hulda

Hollse kjem då mest truleg av Huldser, ”sjøen til Hulda”. ld var blitt slete ned til ll, og r i endingar på ord fall rundt 1300. Den gamle, runde u-lyden oppfatta skrivarane i 1360 som o. På 1500-talet hekta folk på ein n og gjorde namnet til eit hankjønnsord i bestemt form: Hollsen. Dialekten hadde framleis dativ, og dermed kom forma ”på Hollsa”.

Vassfallet på Mo har altså gitt namn til både ei elv, eit vatn, ein gard og ei heil bygd.

I røyr?

Den fossen vi ser i dag, er ikkje formelt freda mot utbygging, og er nok eit interessant kraftprosjekt. Men politisk er det knapt mogeleg å leggje Huldefossen i røyr. Den er eit stykkje Førde-identitet som folk vil verne om.

kjelder:

Rygh, Oluf: Norske gaardnavne. Nordre Bergenhus amt
Intervju 1904 med Astrid Aasen Stevoll, fødd 1907 Brev 1907 frå professor Magnus Olsen til Nils Landmark

PERMANENT IDENTIFIKATOR