Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 17. juni 2014

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Grunnlovsjubileum – 1814 i Lavik prestegjeld



I løpet av fire månader gjekk Noreg frå union med Danmark til sjølvstende med Grunnlov og valt konge. Alt som eit opprør mot Kielfreden 14.januar der danskekongen gav frå seg Noreg til Sverige. I spissen for opprøret stod den danske statthaldaren i Noreg, prins Christian Fredrik og den norske eliten. Før hausten var omme, kom Noreg likevel i union med svenskane, men no som sjølvstendig stat. I Lavik prestegjeld, som elles i landet, vart presten og kyrkjelyden inkluderte i arbeidet for sjølvstende.

Lavik gamle kyrkje. Teikna av Mons A. Ringereide etter minnet til Nils J. Ringereide. Bygdebok for Kyrkjebø og Lavik. Bind 3.

Lavik gamle kyrkje. Teikna av Mons A. Ringereide etter minnet til Nils J. Ringereide. Bygdebok for Kyrkjebø og Lavik. Bind 3.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: Ukjend

Fotograf: Mons A. Ringereide

Kyrkja – viktig del av det kongelege maktapparatet

Kyrkja spelte ei sentral rolle i hendingane i 1814, og var den dominerande arenaen for mange av dei førebuande hendingane fram mot grunnlovsforsamlinga på Eidsvoll. Tida var knapp. For at landet skulle bli sjølvstendig og Cristian Fredrik bli valt til konge, måtte det handlast raskt før svenskekongen kom attende frå krigen og krov Noreg. Kyrkja var ein viktig del av det kongelege maktapparatet som prinsen no kunne dra nytte av.

Konge, folk og fedreland – Guds sak

Folket og fedrelandet vart gjort til Guds sak, og den kyrkjelege infrastrukturen gjorde det mogeleg for regent Christian Fredrik å gjennomføre val på utsendingar til grunnlovsgjevande forsamling på Eidsvoll. Kyrkja var den naturlege samlingsstaden, var landsdekkjande og einerådande på det religiøse området. Det fyrste nasjonale valet gjekk difor føre seg i her, dei lokale valadressene, som skulle leverast til regent Christian Fredrik personleg på Eidsvoll, vart i hovudsak utforma av prestane. Prestane fungerte også som «valstyre».

Etter at Grunnlova var vedteken og kongen valt, vart det tillyst festgudsteneste i alle kyrkjene i landet. Om hausten var kyrkja vallokale for andre gong. Nye stortingsmenn skulle veljast. Det skulle no forhandlast med svenskane om unionens tilpassing til Grunnlova.

Særskild bededag – fyrste steg i den folkevalde prosessen mot sjølvstende

 Tidleg i mars 1814 fekk soknepresten i Lavik brevsending frå biskopen. Det var kunngjering frå prins Christian Frederik, Norges regent, om at det i heile landet skulle haldast særskild bededag fredag 25. februar, eller ein av dei påfølgjande fredagane, alt etter som bodet nådde fram. Biskopen i Bjørgvin sende ut rundskriv til prostane i stiftet om at valet skulle gå føre seg i hovudkyrkja i prestegjeldet.

Soknepresten si oppgåve var nå å varsla folket i prestegjeldet om den særskilte bededagen. Det skulle først og fremst gjerast frå «Prædikestolen» i kyrkja. I Nordre Bergenhus amt vart bededagen halden fredag 18. mars med unntak av «Evindvig» (Gulen) som heldt bededag 11. mars.

Kunngjering, appell, eid, bøn, preik og val

Innhaldet i kyrkja denne dagen var detaljert føreskrive frå Regenten. Kvar prest skulle lesa opp kunngjeringar og halda «en kort, men kraftfuld Indlednings-Tale» før han skulle be kyrkjelyden sverja høgtidleg eid på å hevda sjølvstende for landet, og om nødvendig «vove Liv og Blod for det elskende Fædreneland». Deretter skulle presten be ei bøn for et norske folket og halda ei preike over bibelteksten i Salmane, kapittel 62, vers 8-9, og heilt til slutt avrunda med «den anbefalede Bøn.»

Etter gudstenesta skulle det veljast to valmenn til eit valmøte for heile amtet, kor utsendingane til Eidsvoll skulle veljast. Dessutan skulle det setjast opp ei fråsegn til Regenten. Fråsegna skulle underskrivast av 12 «aktverdige Mænd».

Lavik prestegjeld som valkrins

I samband med valet til Eidsvoll vart prestegjelda brukte som valkrinsar på landsbygda. Dei tre kyrkjesokna Kyrkjebø, Lavik og Bø, i noverande Hyllestad, utgjorde Lavik prestegjeld i 1814. Fram til 1808 hadde sokna Lavik og Bø høyrt til det store Eivindvik prestegjeld medan Kyrkjebø hadde høyrt til Vik. Det nye prestegjeldet var framleis vidstrakt og femna om begge sider av Sognefjorden, samt Bøfjorden.

Det budde i underkant av 2000 menneske i prestegjeldet i 1814. Her skulle vere organisert skuleordning (omgangsskule) og fattigstell etter forordningar 1739/1741 og 1755, og forlikskommisjon/råd frå 1798. Ei inntektskjelde til skule- og fattigstellet var pengegåver i kyrkjene, både ved kollekt og ved faste bøsser. Kyrkjebø, som tidlegare hadde høyrt til Vik, hadde framleis felles skulevesen med Vik. Prestegjeldet hadde elles lensmann både i Kyrkjebø og Lavik sokn.

På den tidlegare futegarden Alvera i Lavik sokn budde generalmajor Ole Elias Holck og kona Karen Sofie Hansen. Holck vart vald til å vere utsending til Eidsvoll for det Bergenhusiske Infanterie Regiment. Han vart seinare vald som stortingsrepresentant i 1818, 1824 og 1839.

Hovudkyrkja i prestegjeldet

Hovudkyrkja låg i Lavik. Den noverande Lavik kyrkje vart bygd i 1865, og er såleis ikkje det opphavlege vallokalet frå 1814. Den førre kyrkja i bygda stod litt aust for dagens kyrkje og blei reist i 1594. Denne kyrkja kor valet i 1814 vart halde, var ei lita lafta langkyrkje på 9,75 x 7,5 m som romma knappe 100 menneske. Ho var både trong og mørk då det berre var nokre få vindaugsgluggar på sørsida. Svigerfar til kaptein Ole Elias Holck hadde vore eigar av kyrkja, men gjennom arv og skifte var det Holck som eigde denne kyrkja i 1814.

Sokneprest med skiftande omdøme

Sokneprest Ludvig Ludvigsen Daae ( 1774-1843) kom frå ein av dei største embetsmannsslektene på Vestlandet. Han var den fyrste presten i det nye prestegjeldet, og kom frå Vik prestegjeld som residerande kappelan i 1808. Daae vart verande i Lavik i heile 22 år. I 1830 fekk kan kall i Gloppen. Han var gift i 2.ekteskap med Nille Susanne Holck, systera til kaptein Ole Elias Holck, ein av dei militært valde Eidsvollmennene.

Daa fekk eit skiftande omdøme. Då biskop Pavels var på visitas i 1819 vart han imponert over presteregisteret Daae hadde laga over alle innbyggjarane i prestegjeldet, med namn og alder. Han rosa også presten for det gode arbeidet han gjorde med konfirmantane, men lærarane var meir og mindre brukbare. Korkje biskopane Johan Nordal Brun og Pavels var imponert over presten som talar. Pavels ville også ha slutt på uskikken med at nyfødde vart døypte i prestegarden og ikkje i kyrkja. I Gloppen var han mindre omtykt. Der fekk han fekk ord på seg for å vere drikkfeldig, og skulestellet var han lite oppteken av.

18. mars 1814 i Lavik kyrkje

I kyrkjeboka frå Lavik prestegjeld finn vi ei nøktern innføring om kva som skjedde denne serskilde dagen. Presten skriv at det vart halde bededag i Lavik der dei tre kyrkjelydane møtte, og at dei same dagen avla eid på å hevde Noregs sjølvstende. Ut frå innføringa som presten gjorde, går det ikkje fram at det vart utført andre kyrkjelege handlingar denne dagen enn det som regenten hadde pålagt han.

Kven var kyrkjelyd denne dagen?

Kjeldene seier lite om kven som møtte i kyrkjene på bededagen. Det var berre menn som hadde stemmerett. På bygdene var det embetsmenn, brukseigar, jordeigar eller gardbrukar som kunne stemme, og dei skulle vere fylte 25 år. Tydde det at det berre var menn som møtte i Lavik kyrkje denne dagen, eller deltok også kvinnene ? Innføringa i Ministerialboka for Lavik seier lite og ingen ting om kven som utgjorde kyrkjelyden denne dagen anna enn at det møtte folk frå alle sokna.

Adressa og fullmakta frå Lavik

I tråd med instruksen frå Regenten skulle valet gå føre seg etter gudstenesta. Det var mest truleg presten som hadde kome med forslag til kven som skulle veljast som lokale utsendingar. Han var truleg også forfattar av fråsegna som fungerte som fullmakt for dei lokale utsendingane til Vik. Fråsegna frå Lavik prestegjeld var nøktern og hadde denne ordlyden:

Underdanigst Adresse til Deres Høihed Prinds Christian Friderich, Norges Regent, fra de Stemmeberettigede i Ladvigs Præstegield i nordre Bergenhuus Amt.

Nedenstaaende Menighedsmænd af Ladvigs Præstegjeld have paa den for Kaldet anordnede Bededag, idag den 18de Marts 1814, efter afholdt Kirketieneste eenstemmigen udvalgt de 2de Mænd: Sognepræsten Herr. Ludvig Daae og Lensmand Anders Torchildsen Ringerejde og meddele dem herved Fuldmagt paa Kaldets Vegne at overbringe denne vor underdanigste Adresse og at møde og stemme ved den for Amtet berammede Forsamling, som holdes den 30te denne Maaned, paa Gjestgiverstedet Wiigøhren i nordre Bergenhuus Amt. 

Datum, Ladvig Præstegaard den 18de Marts 1814.—

Otte Hansøn Yttre Torvend.
Einer Poulsen Indre Torven, (mpp)
Aslach Johannessen Avedahl, (mpp)
Carl Hanssen Hellebøe, (mpp)
Elling Nielsen Nordejde, (mpp)
Ole Poulsen Frævig, (mpp)
Lasse Anderssen Wadem, (mpp)
Hans Nielsen Fuglsbøe, (mpp)
Lars Pedersen Klævold, (mpp)
Anders Einersen Wammeroch, (mpp)
Henrich Thorsen Brens Dals,
Hermund Lassesen Tveiten,

Som Valgte underskrive
Ludv. Daae.
Anders Torcheldsen. 

 Dei to valmennene frå Lavik

 I direktivet frå prins Christian Fredrik var det bestemt at minst ein av dei to valmennene skulle vere bonde. Dei stemmeføre mennene i Lavik kyrkje valde så sokneprest Daa og lensmann og bonde Anders Torchildsen Ringerejde som valutsendingar frå kyrkjelydane i Lavik sokn. Sistnemnde kom frå Oppedal på sørsida av fjorden og kjøpte garden Ringereide i 1776. Han vart tilsett som lensmann i Lavik skipreide i 1787, og garden vart såleis tingstad for skipreida.

Dei som skreiv under

Eidsvollsfullmakta vart underskriven av 12 menn, men berre tre av desse underteikna sjølv. Dei andre er oppførde med påhalden penn. Desse aktverdige mennene var alle bønder, men ein av dei, Lasse Andressen Wadem, var også gjestgivar. Prestegjeldet var stort, men det ser ut til at det var lagt vekt på den geografiske fordelinga av underskrivarar då alle dei tre sokna var representerte.

Val av utsendingar til Eidsvoll

Herman Gerhardt Treschow var amtmann i Nordre Bergenhus amt i åra 1811-1814. Om hausten 1814 tok sjølvaste «Grunnlovens far», Cristian Magnus Falsen over embetet. Første mars sende Treschow rundskriv til alle prestegjelda om tid og stad for amtsvalet, den 30. mars i Vik:

 «[Til] samtlige Sognepræster: Herved underrettes Deres Velærverdighed om at Giestgiverstedet Wiigøren i Wiigs Prestegield i Yttre Sogns Fogderie er udseet til Forsamlingsplads for de af de respective Menigheder i Overeensstemmelse med Regentskabets ved Biskoppen den …: Circulaire udvalgte Mænd, som at Tiden til denne Forsamlings Afholdelse, er berammet til den 30de i denne Maaned.»

 Amtsvalet i Vik

 På garden Vange kom 40 valmenn frå heile amtet saman. Dei skulle no velje tre utsendingar til riksforsamlinga på Eidsvoll. Minst ein skulle vera frå bondestandet. Valet blei halde på garden Vange, i huset som seinare vart kalla Lyche-huset. Dei som vart valde vart: Bonde Peder Hjermann, Lærdal, sorenskrivar Lars Johannes Irgens, Sogndal og sokneprest Niels Nielsen, Ytre Holmedal (Fjaler).

Militært val

Bergenhusiske infanteriregiment valde to representantar. Begge var frå Sogn; kaptein Ole Elias Holck, Lavik prestegjeld, og menig Niels J. Loftesnes, Sogndal prestegjeld.

Ole Elias Holck,1774-1842, var ein av dei synlege utsendingane på Eidsvoll og talte m.a. høgt og tydeleg om fullt sjølvstende med eigen konge. Framlegget skapte stor debatt, men synet hans vann fram. Som offiser deltok han i krigen mot Sverige, men ikkje i kamphandlingar.

 «Tak og Bønefest» til ære for Grunnlova og kongen

Den 17. mai 1814 var Grunnlova vedteken og riksforsamlinga på Eidsvoll valde prins Christian Frederik til Noregs konge. «Denne Dag er en af de vigtigste i Norges Aarbøger», uttalte den nyvalde kongen. «Det verk er fuldendt, som skal grundfeste det Norske Folks held. Constitutionen er et Palladium [finaste sort sølv] for Folkets Frihed, som selv Uretfærdighed og Vold ikke ustraffet skal antaste.»

Den nyvalde kongen følgde opp med kunngjering til det «Elskede norske Folk» og sende ut rundskriv til landets biskopar om takk og bønefest. Presten Daae tok dette til etterretning, og 24.juni noterte i han kyrkjeboka at det vart halde kyrkjeteneste med takke- og bønnefest i Bø kyrkje.

Krig, fred og ny union

Sverige heldt seg til Kielfreden og ville ikkje vita av norsk konge og norsk sjølvstende. Det enda med krigsutbrot 27. juli. Biskopen i Bergens Stift, Johan Nordal Brun, vende seg til ei høgare makt, Gud Herren. Han forfatta og let trykkja ei bøn om norsk siger, men fromme bøner var ikkje nok. I fredsavtalen, «Mossekonvensjonen», godkjende svenskane Grunnlova, men ville ha union. Den 10.10. 1814 var det slutt på den korte sjølvstendeperioden for Noreg, og den nyvalde norske kongen måtte love å forlate landet.

Val til omframt Storting om hausten

Hausten 1814 vart det kalla inn til omframt Storting. Artikkel 1 i Konvensjonen på Moss av 14. august fastsette at eit Storting skulle koma saman. Kongen bestemte at det skulle skje 7.okober i Kristiania. I realiteten var dette ei ny grunnlovgjevande forsamling. No skulle det forhandlast med svenskane om unionen.

Fire representantar frå Nordre Bergenhus Amt

Dette valet var betre førebudd enn valet til Eidsvoll-forsamlinga, m.a. låg det no føre valmanntal. I Nordre Bergenhus skulle det no veljast fire representantar, og kvart prestegjeld valde denne gongen valmenn i høve til tal på "stemmeberettigede».

I Lavik kyrkje vart det 18.sepetember vald to valmen som utsendingar til Vik. Desse var Otto Torven og John Dyrdal. 23.september var dei på plass i Vik der amtsvalet skulle gå føre seg. Der møtte det 58 valmenn. Ingen av Eidsvoll-mennene vart valde til dette omframstortinget.

 Dei valde vart:

1. Sokneprest Niels Griis Alstrup Dahl, Eivindvik prestegjeld, Sogn.
2. Bonde Torger H. Næss, Luster prestegjeld, Sogn.
3. Bonde Ole Torjussen Svanøe, Kinn prestegjeld, Sunnfjord.
4. Bonde Erik O. Nord, Eid prestegjeld, Nordfjord.

Den 4. november 1814 valde Stortinget den svenske kongen Carl 13 til Norges konge, og vedtok på ny Grunnlova, no tilpassa unionen med Sverige.

 Minnesmerke

 17.mai 1914 vart det avduka minnestein over kaptein Ole Elias Holck. http://www.fylkesarkiv.no/kl/detalj/?id=914

kjelder:

Leirnes, Leif. Bygdebok for Kyrkjebø og Lavik. Bind 3. 1978
Aaraas Margrete Henden, Torkjell Djupedal, Sigmund Vengen og Finn Borgen Førsund. På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. 2 Sogn. Selja forlag. Førde 2000
Nilsen, Hakild. Kirkelige og religøse forhold i Bergen stift. I biskopene Pavels og Neumanns tid. Gyldendal forlag. Oslo 1949.
Torvund, Anders O. Ættebok for Lavik. 1983
Førsund, Adolf og Sigurd Førsund. Bygdebok for Kyrkjebø. Bind 2 Gardssoga. 1963

PERMANENT IDENTIFIKATOR