Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 21. juli 2008

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Viksdalen bedehus



Bedehuset i Viksdalen ligg i Vik, tett attmed riksveg 13, på austsida av elveosen. Kyrkja ligg på hi sida av elva. Det er eit etter måten stort hus, bygd i 1925, seinare påbygd og i 2008 eit godt tenleg forsamlingslokale med storsal, småsal, kjøkken og garderobe.

Bedehuset sett mot inngangspartiet. Skråbygget på austsida var ferdig på 1960-talet, og inngangen "flytta" dit. Feltet mellom dei to vindauga på vestveggen er dekorert med ein kross.

Bedehuset sett mot inngangspartiet. Skråbygget på austsida var ferdig på 1960-talet, og inngangen "flytta" dit. Feltet mellom dei to vindauga på vestveggen er dekorert med ein kross.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2006

Fotograf: Hermund Kleppa

Magnus Følling sine noteringar om bedehuset

Magnus Fylling, fødd 1925, bur på garden Følling i Eldalsdalen. Han dreiv garden frå 1943 til 1992 då sonen Steinar overtok. Kring 1990 skreiv Magnus ned opplysningar om bedehuset i Vikja. Han seier noko om bakgrunnen for at dei bygde bedehus, litt om motsetningane mellom presten og lekfolket, om byggjearbeidet, bruken av huset opp gjennom åra, og byggjemessige endringar. Artikkelen her er eit utdrag av notatet.

Om samlingshus før bedehuset kom i 1925

Til langt fram på 1800-talet var det berre kyrkjene i prestegjeldet som var dei offentlege samlingsstadene. I Viksdalen var der i nedre del av soknet også ei kapellkyrkje frå 1300-talet som framleis vert nytta.

Etter at det vart slutt med omgangskulen kring 1890, vart Viksdals-soknet delt i 7 skule-krinsar, med kvar sitt skulehus. Desse husa vart og nytta som forsamlingshus. Dette var på mange måtar ei framgangstid i bygda. Vi hadde krinsordninga fram til 1960 åra.

Vekkjingstider - prestemotstand

Rundt århundreskiftet 1900 kom det ei åndeleg vekkjingstid over store deler av landet som og nådde Viksdalen. Det stod opp folk som tala Guds ord. Dette vart ikkje så vel omtykt av alle dåverande prestar. Mange var imot at leke folk tala og forkynte Guds ord i kyrkja. Dei sette seg ofte opp mot møte og samlingar i kyrkja utan at det var prest tilstades.

Møtesamlingar i stovehus

Den åndelege rørsla kunne likevel ikkje stoggast. Det var mange som hadde store stovehus på gardane sine som dei tilbaud til møtesamlingar. Det kom tilreisande talarar frå dei ymse misjonsgreiner og det vart stifta kvinneforeiningar som arbeidde og heldt basarar til inntekt for dei ymse misjonsorganisasjonar.

Ynskje om å byggja kombinert bedehus/forsamlingshus

Dette fortsette med stor iver fram til 1920 då tanken kom opp om å byggja bedehus, eller kombinert forsamlingshus. På garden Espeset vart det bestemt av ein stor møtelyd i bygda at det skulle byggjast. Huset skulle nyttast til all kristeleg verksemd og elles all nødvendig bruk i bygda, men ikkje til dansetilstellingar. Dette hende i 1922 og Anders Hellebust gav fri grunn i på eigedommen sin.

Byggjearbeidet

Folk ivra etter å kome i gang med dugnad. Det vart sprenging og køyring av stein til grunnmur. Hans Hellebust var sjef for murarbeidet og han fekk god hjelp av villige handlangarar. Folk som åtte skog kappast om å gi tømmer, som vart skore av Gabriel Lyngstad på saga han dreiv i Eldalsosen. Dei som ikkje hadde skog, arbeidde gratis etter som det trengdest. Mikal Kvamen og Lyder Mjell utførde bygningsarbeidet, med mange gode hjelparar, og i 1925 vart huset innvigt. Då var det stor vigslefest. Andreas Lavik frå Bergen heldt vigsletalen. Ein som var med og gjorde ein organisatorisk innsats med reisinga av bedehuset var emissær Mons Hårvik, som reiste for Kinamisjonen [seinare namn: Norsk Luthersk Misjonssamband].

Huset

Rognald Hestebeit stod for det arkitektmessige. Huset hadde full kjellaretasje. Oppe var der ein stor møtesal (storsalen), garderobe og kjøken. Over garderoben og kjøkenet var det ein mindre sal, med tilkomst ved svingtrapp opp frå gangen. Huset var dårleg isolert, og på grunn av at småsalen var bygd over garderoben og kjøkenet, vart storsalen altfor høg. Men med ein svært stor omn og god fyring, vart det lunt og triveleg. Omnen var gitt av den utflytta viksdølingen, murar Ole Hansen i Bergen. I storsalen var der lange trebenkar med ryggstø og klaff. Klaffen kunne slåast ned til å legge bøker på, og når der ved festlege høve var servert mat og kaffi. Framme var eit lågt podium med fast golvfast talarstol.

Driftskostnader

Folket i bygda var stolte og glade for huset som vart reist. Alle misjonsorganisasjonar fekk høve til å nytte huset, men det var semje om at Vestlandske Indremisjon skulle stå som eigar. Det har kvart år vore halde basarar til inntekt for drifta av huset.. Dessutan vert det trekt 10 % av netto inntekt ved tilstellingar til dei ymse føremål.

Brukt til mykje

Huset har vore mykje nytta. Det har tent til alle nødvendige føremål i bygda så som bondemøte og rettsmøte med meir. Under krigen hende det at tyskarane på gjennomreise tok inn på bedehuset og overnatta. Dessutan vart alle radioapparata under krigen innleverte på småsalen og rommet forsegla av lensmannen.

Utbetringar

Huset stod mykje godt uendra til 1960-åra. I samband med utviklinga etter krigen kan nemnast at i 1954 fekk bygda og bedehuset elektrisk lys. 2. februar var det lysfest. Heile bygda fylte huset til trengsel. Det var ein glad festlyd med mange talar og attersyn.

I tida 1959 - 1966 vart sett i gang arbeid med påbygg med skråtak på oppsida langs med huset for å få matsal og eit nytt og større kjøken. Dei gamle sement-pannene vart med det same skifta ut med skiferstein. Arkitekt Connie Henden frå Førde teikna tilbygget og Gaular kommune gav etter søknad eit tilskot på 25 000 kroner på vilkår av at bygdefolket ytte like mykje. Kalkylen lydde på 50 000 kroner og alt klaffa og vart utført. Bygdefolket var no som før villige til å yta matrialar og dugnadsinnsats. Johannes Roska, Gustav Kvamen og Harald Kvamen må i denne samanheng nemnast som dynamiske krefter.

I åra 1987-89 vart ein del av garderoben og det gamle kjøkenet ombygd og innreida med klosett også for rullestolbrukarar. Det vart lagt nytt golv i storsalen, ordna med ombygging av talarstolen og ymse anna. Dei gamle trebenkene vart bytta ut med bord og stolar. Utvendig fekk huset fornya måling. I høve dette siste tiltaket må nemnast særleg som dynamiske krefter både formannen Jens Følling, Eivind Kvamen, Henrik Berg og Ingolv Hoff.

1975

I 1975 var det stor 50 års jubileumsfest med mykje attersyn. Huset er nå i nær tilfredsstillande stand og tilfredsstiller offentlege forskrifter med innlagt vatn frå offentleg vassverk, sanitæranlegg tilknytt offentleg renseanlegg.

Huset i 1990-åra

No er det retteleg kos og høgtid å kome inn i huset med tre store glas på eine langsida i storsalen, med nytt golv og nye stolar og bord, veggene kvitskura og lutvaska, med faldedører millom storsalen og matsalen. På ramveggen over talarstolen mot vest er tre små glas med motiv av korset og flagget. Under der heng eit stort maleri av Jesus i Getsemane og nokre mindre med bibelske motiv. Det store bilete er måla og gitt av Karl K. Vindheim. Rundt veggene er installert lys og ned frå taket heng tre lysekruner. Dei kom i 1990 som minnegåve etter Olga Råheim i 1990.

Styre - formenn

Det er skrivne lover for huset. Eit styre på seks medlemmer står for leiinga. Årsmøtet godkjenner rekneskapen og vel styremedlemmer. Første formannen var Jakob Bell, og etter han Johs. Roska. Ei tid veksla han med Harald Kvamen. Elles har Olav Hoff og Eivind Kvamen vore formenn, og no Jens Følling. Hans Hellebust, Anna Årskaug Meby og Inga Vindheim var pedellar i mange år. Familien S.A. Bell gav orgel til huset.

Sluttord

Det er framleis mange i bygda som støttar opp om huset og den kristne kultur. Eg håpar dette kan fornyast av komande slekter til gagn og glede i framtida, slik at huset ikkje vert noko som var, men vil halda fram å vere ein faktor i framtida.

Land, Land, Land, høyr Herrens ord! Ja, ordet om krossen og sigershelten på Golgata.

kjelder: