Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 13. desember 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Krigsgrav på Nordfjordeid - Olav M. Hjelle



Olav Hjelle frå Nordfjordeid var ein av åtte soldatar frå Sogn og Fjordane som miste livet under felttoget i Valdres i slutten av april 1940. Han vart råka av ein granatsplint og drepen 28. april. Han vart gravlagd i Aurdal, men sidan flytta heim til Nordfjordeid.

Frå markeringa ved grava til Olav Hjelle i 1990, 50 år etter det tyske åtaket på Norge og 50 år etter at Olav Hjelle fall under felttoget i Valdres. Grava til Hjelle på Stokkenes gravstad på Nordfjordeid, er den einaste krigsgrava i Eid kommune. Kvinnene med flagg ved grava er Wenche Noste (t.v.) og Ragnhild Bjørlo.

Frå markeringa ved grava til Olav Hjelle i 1990, 50 år etter det tyske åtaket på Norge og 50 år etter at Olav Hjelle fall under felttoget i Valdres. Grava til Hjelle på Stokkenes gravstad på Nordfjordeid, er den einaste krigsgrava i Eid kommune. Kvinnene med flagg ved grava er Wenche Noste (t.v.) og Ragnhild Bjørlo.

Eigar: Petra Nes Hjelle.

Datering: 1990.

Fotograf: Petra Nes Hjelle.

Felttoget i Valdres

Dagane etter det tyske overfallet på Norge, 9. april 1940, møtte mobiliserte mannskap frå Nordhordland og Sogn og Fjordane på Voss. Ei veke seinare vart Infanteriregiment 10 (IR 10) ordra austover for å ta del i kamp mot framrykkande tyske styrkar nordover mot Hallingdal og Valdres. Strategien var å driva opphaldande strid i påvente av alliert innsats. Nær 4000 mann vart transporterte med tog til Gol og derifrå med bil over til Valdres. Den tyske strategien var å ta kontroll over veg- og jernbanesambandet mellom Oslo og Bergen.

Nordmennene beit godt frå seg ved fleire høve. Dei seinka den tyske framrykkinga, men måtte i det lange løp gje opp mot ein militær overlegen motstandar. 30. april var siste kampdagen og 1. mai kapitulerte dei norske styrkane ved Lomen i Vestre Slidre. Mannskapa var då heilt utkøyrde og ingen allierte hadde kome til hjelp.

Felttoget i Valdres varde i 10 dagar med store tap på begge sider. Tyskarane hadde 159 døde og vel 360 såra. Dei norske tapa var monaleg mindre, 46 døde og 240 såra. Frå Sogn og Fjordane fall sju, medan ein døydde ei tid etter av sjukdom han pådrog seg.

Fall under retrett frå Tonsåsen

Etter harde trefningar ved Høljerasten bru 23. og 24. april trekte nordmennene der seg nordover og gjekk i stilling ved Tonsåsen. Her vart stillinga håplaus få dagar seinare og 28. april fekk 2. bataljon av infanteriregiment nr. 10 (Bn II/IR 10) ordre om retrett nordover og ned mot Aurdalsfjorden. Her låg kp 5 fremst, i ope felt, og fekk dei største tapa, - ein soldat fall, 14 vart fanga og fem såra. Soldaten var Olav Hjelle.

Biografi i bokverket Våre falne

HJELLE, OLAV, gardsarbeidar, Eid. Fødd 5. mars 1917 i Eid i Nordfjord, son til Martin Hjelle, fødd 1887 i Eid, og Olina, fødd 1892 same stad. Snikkarkurs. Vart råka av granatsplint under kampane [i Valdres] og vart drepen 28. april 1940. Gravlagd i Nordfjordeid.

Gravlagd i Aurdal - flytta til Nordfjordeid

Olav Hjelle vart gravlagd i Aurdal og flytta heim til Eid og gravlagd på Stokkenes gravstad 6. oktober 1945. Den halvanna år yngre broren, Magnus, reiste til Valdres og fekk ordna med flyttinga. Magnus Hjelle høyrde òg til dei mobiliserte årsklassane. Han var busett i Asker då ordren kom og freista på eiga hand å nå fram til regimentet i Valdres, ei vanskeleg oppgåve i okkuperte område. Då han endeleg kom fram, var det slutt, og han vart møtt med den tunge bodskapen at broren var mellom dei falne. Magnus var til stades ved gravlegginga i Aurdal, og det var til stor hjelp for han at det var slektningen Per Skipenes, som var prest. Olav Hjelle vart flytta heim i 1945, og gravlagd på Stokkenes kyrkjegard 6. oktober.

Markeringar ved grava

På minnesteinen står denne innskrifta: SOLDATEN * OLAV M. HJELLE * NORDFJORDEID * FØDD 5-3-1917 * 28-4-1940 * GUD SIGN KVAR ÆRLEG SVEIN * SOM SØV DER UNDER STEIN

Det har ikkje vore lagt ned krans årvisst på grava til Olav Hjelle, men det har vore markeringar fleire gonger. Under den fyrste markeringa, 17. mai 1946, la Jakob Jakobsen ned krans frå ungdommen. Styra i ungdomslaga stod vakt kring grava saman med 17. mai-nemnda, og til slutt var det eit minutts stille.
I 1990 var det markering i høve at det då var 50 år sidan Olav Hjelle fall.

Ynskte minneplate i kyrkja

Tre menn frå Eid miste livet i krigshandlingar under andre verdskrigen: Olav Hjelle, Ernst Totland og Rudolf W. Hansen. Matias Nes, som òg var med i krigen i Valdres, ynskte det skulle verta sett opp ei minneplate over dei i kyrkja. Det vart det ikkje noko av, men alle tre har sitt minnesmerke i monumentet Mor Noreg på Plassen på Nordfjordeid over alle nordfjordingane som sette livet til i kampen for fridomen i åra 1940-1945.

Dei to andre frå Eid

TOTLAND, ERNST, 3. maskinist, Eid i Nordfjord. Født 14. august 1905 i Eid, s. av Mons Totland, f. 1866 i Davik, d. 1941 i Eid, og Johanne f. Bjørlo, f. 1868 s.st. Var på m/t Sandanger, og omkom 12. mai 1943 da skipet ble torpedert, på reise fra New York til Belfast.

HANSEN, RUDOLF W., maskinmester, Eid i Nordfjord. Født 8. januar 1900 i Dypvåg, s. av Rudolf Hansen, f. 1860 i Horten, d. 1942 i Dypvåg, og Helvine f. Halvorsen, f. 1857, d. 1938 i Dypvåg. Gift 1922 i Oslo med Nanna Taklo, f. 1899 i Eid. 3 barn. Var på d/s Dukat som ble tatt av japanerne 8. desember 1941. Mannskapet ble sendt i fangenskap til Shanghai, og han døde der 17. mars 1944. Gravlagt s.st.

kjelder:

Våre falne. Bind 2. Oslo 1948.
Fjordabladet. 13.10.1945, 22.05.1946 og 14.05.1948.
Aas, Sverre: Sogningane rykkjer fram. I fotefara til vestlendingane og glimt frå krigen i Valdres 1940.. Artikkel i Årbok for Sogn 1986.
Informasjon frå:
Petra Nes Hjelle, Eid.
Kyrkjeverja i Eid kommune.

PERMANENT IDENTIFIKATOR