Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 31. oktober 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Skålgroper i berg ved Kjerringamyri



På stølsvegen frå Eggjane mot Grindsdalen er der fleire gamle leivningar etter menneskeleg verksemd i utmarka; restar av stølshus og utmarksløer, ein stad der dei frå gammal tid måtte "ofra" ein stein, og på vestsida av Kjerringamyri ei samling skålgroper i berget. Arkeologane meiner at at gropene over 1000 år gamle.

Gropeberget ved Kjerringamyri. Per Fett var på staden i 1941 og laga denne kalkringa der han har rissa med krit kring kanten av gropene. Somme av skålgropene "heng saman".

Gropeberget ved Kjerringamyri. Per Fett var på staden i 1941 og laga denne kalkringa der han har rissa med krit kring kanten av gropene. Somme av skålgropene "heng saman".

Eigar: Historisk Museum, Bergen.

Datering: 1941.

Fotograf: Per Fett.

Tett attmed stien

I 1941 observerte arkeologen Per Fett tre lokalitetar med skålgroper (gropeberg) ikkje langt frå kvarandre ved staden kalla Øpstestølen. Det eine feltet ligg kloss i stien. På ein slakt skrånande bergflekk kring 2 x 2 meter er det lett å få auge på små, runde groper. Dei ligg tett i tett og er av ulik storleik. Den største har ein diameter på 10 cm og er mellom 3 og 4 cm djup. På alle sidene av bergflekken gror det gras og mose innover berget, og det kan godt vera det gøymer seg fleire groper under grolaget. Somme som stoggar her vil spørja: Kva er no dette for noko?

Skålgroper - ein type helleristing

Det er helleristningar. Helleristingane fell i to grupper, veideristingar og jordbruksristingar. Den vanlegaste figuren i jordbruksristingane er skålgropene. Andre figurar er forma som skip, sirklar, spiralar, hjulkrossar, menneske, o.a. Skålgropene finst i store mengder i gode jordbruksområde som Østfold-Bohuslen, på Jæren, i Trøndelag og i fleire Austlandsbygder. Jordbruksristningane er knytta til jordbruk og jordbruksmiljø, og ein set dei i samband med grøderikdomskultus. Dei vart for ein stor del laga i bronsealderen (2000-500 f.Kr.), men førekjem òg seinare, heilt fram til 600-900 e.Kr.

Skålgroper to stader i Leikanger

I den gode beitedalen Friksdalen i Leikanger på staden Svolset (kring 800 m o.h.), vart det på slutten av 1900-talet oppdaga ei samling svært gamle hustufter. Etter fleire utgravingar meiner arkeologane at folk brukte Friksdalen som stølsområde i fleire hundre år frå Kristi fødsel, med størst aktivitet i perioden 600-900 e.Kr. Det vart og oppdaga fleire jordfaste steinar med skålgroper. Skålgropene i Friksdalen og ved Kjerringamyri har fleire fellestrekk. Dei førekjem i tette samlingar på fleire lokalitetar, dei er av ulik storleik opp til 10 cm i diameter, dei ligg etter måten høgt over havet, i utmarksområde, høvesvis 800 og snaue 600 m o.h.

I Sogn og Valdres

Arkeologen Sonja M. Innselset har forska på helleristingane i Sogn og Valdres. På 1990-talet visste ein om vel 2700 skålgroper i Sogn og vel 700 i Valdres. I Sogn har Luster har flest med 160 felt fordelt på 41 ulike lokalitetar, Aurland har ristingar på sju stader, i Lærdal er påvist opp imot 50 groper, i Vik 39, og i Leikanger tre felt på Svolset med over 100 groper og kring 140 groper ved Kjerringamyri. I Årdal og Sogndal er det derimot til denne tid ikkje påvist skålgroper.
Innselset ser på skålgropene i Valdres som eit framhald av ristingane i Sogn, og det er langt til andre ristingar vidare austover. Eit fellestrekk ved sogneristingane og valdresristingane er dei ligg i typiske utmarksområde, støls- eller beiteområde, høvesvis 85 % og 70 %.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Innelset, Sonja M.: Helleristingane i Sogn, teikn på kontakt Sogn - Valdres i førhistorisk tid?
I Arkeo. Bergen 2001.
Norsk Allkunnebok. Band 6. Oslo 1954.
Aschehougs Norgeshistorie. Bind 1. Fra jeger til bonde: inntil 800 e.Kr. Oslo 1994.
Informasjon frå:
Marit Anita Skrede, Bergen.
Historisk Museum i Bergen.

PERMANENT IDENTIFIKATOR