Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 15. juni 2001

Sist oppdatert 08. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Telefonlinjene over Sognefjellet



I dag er det berre restar att av det som var den viktige telefonlinjekursen over Sognefjellet. På Korpen, høgste punktet på fjellovergangen, står det att fem - seks stolpar, men elles viser berre steinkar og stolpehol kvar linjekursen ein gong gjekk. To gamle oppsynshytter står også att: Prestesteinshytta ved Prestesteinsvatnet og Galgebergshytta ved riksvegen på Galgeberg.

Under dei urolege og usikre tidene på byrjinga av 1900-talet, vart den nye telefonkursen Bergen - Trondheim av forsvarsgrunnar lagt inne i landet. Her på Sognefjellet, står i dag berre restar att av linjene. Her, over Korpen på 1450 m o.h., låg linja svært utsett til. Linjekursen måtte difor forsterkast og byggjast om fleire gonger.

Under dei urolege og usikre tidene på byrjinga av 1900-talet, vart den nye telefonkursen Bergen - Trondheim av forsvarsgrunnar lagt inne i landet. Her på Sognefjellet, står i dag berre restar att av linjene. Her, over Korpen på 1450 m o.h., låg linja svært utsett til. Linjekursen måtte difor forsterkast og byggjast om fleire gonger.

Eigar: Norsk Telemuseum / Harald Runde 005-24.

Datering: 1994.

Fotograf: Harald Jarl Runde.

Den viktige Trondheimslinja - linje Nr. 400

Kring fyrste verdskrigen var det urolege tider. Den nye telefonkursen Bergen - Trondheim vart difor av forsvarsgrunnar lagt inne i landet: Bergen - Voss - Lærdal - Skjolden - Lom - Dombås - Trondheim.

Anleggsarbeidet gjekk over fleire år, fyrste løyvinga på 100 000 kr, kom budsjettåret 1913-1914. I budsjettinnstillinga står m.a.: " - Dette beløp tænkes anvendt til bygning av stolperækken Skjolden - Kinserdal og Otta - Lom, samt til uttransponering av tømmer over fjeldet og opsætning av nødvendige fjeldstuer. -"

"En fjellstue på Sognefjell, Lyster herred"

Fyrste oppsynshytta på Sognefjellet, Prestesteinshytta, vart oppført sommaren 1914. Hytta vart tømra opp med eit tilbygg i reisverk for ved og linjemateriell. Om lag 50 meter unna vart det oppsett stallbygning for 6 hestar og eit lite kokerom. Kokerommet, som vart heitande "Fantestova", skulle stå ope for ferdafolk. På ein av veggene har bygningsfolka skrive:

"Knut Villa, Ole F. Bøe, Syver Svare Tog Avsked herfra den 24/8 1914 kl. 5.35 Em Efterat ha opført begge hus paa Stedet. Farvel Fanaraak."

Bilete av Prestesteinshytta.

Ein vanskeleg fjellovergang

Telefonlinja Bergen - Trondheim vart ferdig i november 1915, og det vart brukt ekstra tjukk 5 mm kopartråd til dette viktige sambandet. Over Sognefjellet kom i tillegg ei jarntrådlinje for trafikken mellom Sogn og Gudbrandsdalen.

Trondheimslinja, linje 400, var i mange år det einaste direkte telefonsambandet mellom Bergen og Trondheim. Den hadde høgaste prioritet ved feilretting. Folk måtte ut og rette feila, same korleis veret var. Alt julekvelden fyrste året isa linja ned ved Oscarshaug. Oppsynsmannen, Ola Berge, arbeidde begge juledagane for å få sambandet i orden, og reparasjonsarbeidet gjekk føre seg til langt ut i januar.

Bilete av telefonarbeidarar.

Sognefjellet var vanskeleg. "Issprang i Skagagjel", "Snøskred i Bøverdal", og "Brudd ved Korpen" går att i journalane vinter etter vinter. Korpen var den mest utsette plassen på fjellet. Her oppe i 1450 m o.h. og utsett i vestaver, la det seg ofte is på stolpane så dei brotna. Det hende feilrettarane måtte hogge seg feste i islaget for stolpeskorne. Ymse utbetringsarbeid vart gjort gjennom åra. Linja vart lagt utanom dei verste plassane og på Korpen vart det i 1935 sett inn ein ekstra stolpe i kvart spenn.

Nok ei linjehytte, Bøvertunhytta i Lom, vart bygd i 1916. På Sognesida av fjellet var det langt frå Turtagrø til Prestesteinen. I 1923 vart det difor også bygt enda ei oppsynshytte ved Galgeberg.

Bilete av linjehytta.

I 1978 gjekk dei siste telefonsamtalane over fjellet. Ni år seinare vart det sett i gang riving av kursen. I dag står berre dei to hyttene og nokre få spenn på Korpen att, som ein del av Telenor sine verneverdige bygg og anlegg.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Historiske linjer Verneplan for Telenors bygninger og installasjoner. Oslo 1998.
Tea. Bedriftsavis for Førde teleområde 1981-92.
Stortingsmelding nr 10, 1932. Fortegnelse over Statens eiendommer.
Telegrafverket: Statistikkar, cirkulære, linjestatistikkar og budsjett.
Thingvold, Georg H.: Televerket i Sogn og Fjordane fra 1858.Førde 1984.
Norsk Telemuseum:
Fotosamlingar.
Verneplan for Telenors bygninger og installasjoner.
Dokumentasjon og arkivsaker.
Munnleg informasjon frå:
Oddkjell Bosheim, f. 1926, Lærdal.
Rafto, Egil: Telegrafverkets historie. Bergen 1955.
Dahl, Tor Edvin, o.fl.: Hallo?! Norges telefonhistorie. Oslo 1993.

Nettstader:
http://www.norsktele.museum.no/
(Heimesida til Norsk Telemuseum).

PERMANENT IDENTIFIKATOR