Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Føleidsstøylen



Føleidsstøylen ligg i skoglia aust for tuna ca. 395 m o.h. Den er støl for Føleide, gard nr. 52 i Gloppen. I sørvestre enden, med berre eit gjerde som skil, ligg Ryestøylen, som høyrer til garden Rye (gard nr. 51). På 1870-talet vart det oppført ei stølsstove med plass til 8 budeier i 4 senger. Slik var det fram til 1930-åra då kvar bygde sitt eige sel på slåttekvia.

Frå Føleidestølen, med velstelte sel på stølskvia.

Frå Føleidestølen, med velstelte sel på stølskvia.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1997.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

I tidlegare tider måtte både folk og fe bruke råsa til stølen. Den måtte vere nokså bra, for dei kunne bruke hest og slede for å få fram dei tyngste tinga. No går det lett med 2,5 km skogsbilveg og 1 km skogstraktorveg.

Bruk av stølen

Kor gamal Føleidsstøylen er veit vi ikkje, men frå 'Åstedssak' i juni 1725 ser vi:

Opsiddere paa de tvende Gaarder Føleide og Rye udi Gloppen Skibrede ¿ at begge disse Gaarders tilliggende Skauge og Marker, som hidindtil har været til fælles Brug og Eiendom, maatte nu lovligen skiftes og deles, samt vidare af Retten paakjendes og dømmes, ei alene hvorledes mellem dennem selv angaaende deres Udmark og Fæbeite samt Stølshavn skal forholdes ¿ Fægangen udi Hjemmehagen saavelsom Sæterfjellet for begge disse Gaarde bliver endnu herefter som før tilfelles og om høieste Sommer naar Præstegaardens Anmark(storfe) og smaler drives tilfjelds bør og begge disse Gaarders Kreaturer tilhobe medfølge. Deres Stølskvier paa Sæteren ¿. Havde tillagt tre smaa Stykker Ødemark, som nu alt under et skal indlegges, afdelte vi samme Kvier med tre Mærkestene og derhos tilsagde at Rye skal beholde det nederste og Føleide det øverste Stykke.

Denne nemde kvia er inngjerda. Men fjøsane ligg på felles grunn ovanfor denne kvia. Frå Torgny Ueland: Stølsrapport (1998) saksar vi at på Føleidestølen overnatta stølsjentene frå gamalt av på fjøslemmen.

Dei flytte til støls rundt jonsok, alt etter som beitet var. Driftsopplegget var som vanleg med at budeiene gjekk opp mot kveldstid for å mjølke. Dei overnatta, mjølka tidleg og kom heim om lag til frukost. Der var dei med i gardsarbeidet før det vart å fare oppover på nytt. Etter heimeslåtten kom stølsslåtten der alle gardsbruka kom same dagen. Kring 10. september flytta dei heim, hjortejakta byrja då stølssesongen slutta. I 1950 åra slutta dei fleste med stølsdrifta. Nokre heldt på fram til 1970.

Nokre fakta

Føleide, gard nr. 52, Vereide sokn, hadde 9 bruk i 1890. Folketalet på garden var 53 i 1865. Talet var 51 i 1900.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 4, side 224. Sandane 1992.
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR