Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 08. august 2014

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Fylkesbaatane - På leit etter sjøfartshistorie om bord på turistferja «Fjærlandsfjord»



Onsdag 14. mai 2014 reiste eg med turistferja «Fjærlandsfjord» på turen Kaupanger – Gudvangen. Eg var særskilt oppteken av å sjå kva ferja hadde å by på av maritim historie: si eiga historie, om transportselskapet Fjord1 og tidlegare rutefart og turistferdsle på denne strekninga. Eg gjekk òg om bord med opne auge for kva «Fjærlandsfjord» har å by på av anna historie for reisande. Denne artikkelen er eit oversyn over kva eg fann med litt informasjon i tillegg frå andre kjelder. (Artikkelen har form som reisebrev.)

MF «Fjærlandsfjord» legg til kai på Kaupanger, 14. mai 2014.

MF «Fjærlandsfjord» legg til kai på Kaupanger, 14. mai 2014.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2014

Fotograf: Hermund Kleppa

Litt av kvart – her og der

Ferjeturen Kaupanger – Gudvangen tek litt i underkant av to timar. Eg hadde såleis god tid på meg til å sjå meg om og «samla inn» med fotoapparat og noteringsbok. Oppsummert: Det vart gjeve informasjon over høgtalaren og på etter måten nylaga plakatar (posters) om attraksjonar langs ruta og element i fjordlandskapet meir generelt, til dømes om mat og matkultur.

Men eg høyrde ingen ting om historia til ferja me reiste med, eller om transportselskapet. Derimot la eg merke til opphengde bilete av eldre fartøy og nokre andre historiske spor av maritim karakter. Litt av kvart, ute og inne, men ingen samla informasjon om fartøyet og transportselskapet.

Fjord1

Fjord1 stod måla på skutesida, og «Fjærlandsfjord» segla med transportselskapet Fjord1 sitt flagg i masta. Fjord1-selskapet vart oppretta i 2001 då dei to fylkeseigde transportselskapa Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (frå 1858) og Møre og Romsdal fylkesbåtar (frå 1922) gjekk inn som to dotterselskap konsernet Fjord1 Nordvestlandske, seinare endra til berre Fjord1. Dotterselskapa fekk nye namn: Fjord1 Fylkesbaatane og Fjord1 MRF. I april 2012 vart konsernet omdanna til eitt selskap med namnet Fjord1. Dotterselskapa vart avvikla, og etter kvart vart kjennemerka til tidlegare FSF og MRF tekne bort og erstatta med nye Fjord1-kjennemerke.

HSD-rosett

«Fjærlandsfjord» er ei ferje av eldre årgang, men ho er ikkje med i boka «101 Fjordabåtar. Fartøya til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-2000». Eg fann to spor om bord etter rederiet som bygde ferja; ein overmåla HSD-rosett i baugen (som eg oppdaga då ferja la til kai) og tilsvarande HSD-symbol som ornament i glasrute i dører i øvre salong.

HSD-rosetten står for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap. HSD trafikerte området Hardanger og Sunnhordland – Bergen frå 1880. Selskapet vart danna av fleire private ruteselskap. I 1968 overtok HSD den nybygde bilferja «Odda». Hausten 2000 selde HSD «Odda» til Fylkesbaatane som frå tusenårsskiftet satsa stort på turistfart i Sogn. Namnet vart då endra til «Fjærlandsfjord».

Bygd i Sogn og Fjordane

Framme på bildekket går det på babord side tropp opp til øvre salong. Over døra la eg merke til skipsverftet sin signatur i form av eit skilt. Her kunne eg lesa handfast informasjon:

«Ankerløkken Verft AS (–) Florø (–) Bygg nr. 79. 1968»

NRK Sogn og Fjordane har artikkel om Ankerløkken verft. Det står mellom anna:

«Ole E. Aaserud frå Hamar er utan samanlikning den største industribyggjaren i Sogn og Fjordane. I 1949 etablerte han seg med ein liten mekanisk verkstad i Florø, og i løpet av dei neste 30 åra bygde han opp to store skipsverft som vart berebjelkar for veksten både i Florø og Førde. På det meste hadde dei to skipsverfta over 1000 tilsette, og skapte stor aktivitet m.a. med underleveransar frå andre verksemder i distriktet. (…)

Sildeeventyret gjorde at Aaserud tidleg la om produksjonen [frå snøplogar] til skipsbygging og skipsreparasjonar. Første skip frå beddingen var fiskebåten «Hoddevik» i 1952. Fiskefarty var spesialiteten dei første 20 åra, og verftet fekk kundar så langt unna som i Kuwait. I 1968 vart det bygt ny bedding i Gaddevågen i Florø, (…)»

Meir om «Fjærlandsfjord»

Florøavisene «Firdaposten» og «Firda Folkeblad» hadde korte notisar om overleveringa av «bygg nr. 79» frå Ankerløkken Verft til HSD:

«Ankerløkken Verft skal den 5. juni [1968] overlevere ei ny ferje til Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskap. Dåpen blir ved Holbergskaien i Bergen. Etter overleveringsturen gir Ankerløkken og HSD lunsj på Hotell Neptun for ein del innbedde. Den nye ferja, som gjekk teknisk prøvetur her om dagen, og kom opp i nesten 14 mils fart, kan ta 30 vanlege bilar og 350 passasjerar.»

Om bord på «Fjærlandsfjord» kan ein finna fleire fakta om ferja ved å lesa diverse oppslegne offisielle dokument, t.d. «sikkerhetsinstruks»: største lengde 44,15 meter, breidde «på spant» 9,95 m og «dybde» 3,65 m. Dessutan kunne eg lesa at ferja gjer 12 knops fart, at ho skal ha eit mannskap på fem, og har sertifikat for 300 passasjerar.

Gamle fartøy på vegg

På begge sidene i oppgangen til øvre salong hang innramma bilete av eldre Fylkesbaatane-fartøy, både av dei tidlegare klassiske fjordabåtane for passasjerar og last og dei spesialiserte bilferjene som kom frå 1939. Bileta er frå akvarellar, signerte Roald Grimsø. Han laga bilete etter fotografi til kalendrar Fylkesbaatane gav ut i nokre år frå 1994. På alle bileta kjem Fylkesbaatane sine kjennemerke tydeleg fram; flagget og skorsteinen. I alt la eg merke til 10 bilete, åtte i oppgangen og to i salongen. Under kvart bilete står tekst, t.d. under biletet av det første fartøyet til Fylkesbaatane, ds «Framnæs»:

«DS «Framnæs». Første skipet til Fylkesbaatane. Levert frå A. Denny i Dumbarton [Skottland] i november 1858. Tonnasje: 247 br. Tonn. Ytre mål: 149,5 x 21 x 11,1 fot. Maskin: 2-sylindra compound (damp), 45 hk., 10 knop. I 1909 var båten bygd om og forlenga. Båten forliste i Solund i 1913, men vart heva. Skadd i alliert flyåtak i Bremanger 1944. Båten vart selt i 1951.»

FSF-flagg

Øvre Salong (nedre salong er berre til bruk for mannskapet) har to doble dører med glasruter. Glasrutene har HSD-rosetten som ornament. På ei av rutene var det limt over brikker med stilisert FSF-flagg på. På tre andre glasruter var det spor etter påliming. Det står ingen stad at dette er Fylkesbaatane i Sogn Fjordane sitt rederi-flagg, brukt uendra i 151 år, frå 1958 til 2009. I 1979 skreiv Erling Virkesdal, Bergens Sjøfartsmuseum, mellom anna dette om FSF-flagget:

«Fylkesbaatane sitt kompaniflagg er eitt av dei eldste i landet. (…) Alt i 1829 vart det bestemt at kvar sjøfartsby i landet skulle ha sitt kjenningsflagg, identifikasjonsflagg. Flagget skulle vere tre alen [1 alen - 0,67m] og fire alen langt. (…). Første bokstav i alfabetet – A – fekk Oslo. Så følgde byane langs kysten. Når ein kom til Bergen, var ein komen til X i alfabetet. Fylkesbaaten er eitt av dei få selskapa som tydelegast har teke vare på denne kjenningsbokstaven.»

Fjord1 kvitta seg med FSF-flagget 10. oktober 2009. Fjord1 Fylkesbaatane hadde då frå 2001 segla med to flagg i masta, konsernflagget og FSF-flagget.

Andre FSF-spor

I salongen la eg elles merke til to andre FSF-spor: på eit brosjyrestativ stod påtrykt «FREE Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane» og i vindauga på kassaapparatet: «Velkommen til Fjord1 Fylkesbaatane.»

Postkort

Over kioskdisken var det opplimt fleire postkort, m.a. eit av «Fjærlandsfjord». Eg vende meg til kioskdama for å kjøpa nokre. Det var ikkje heilt liketil, men ho gjorde alt ho kunne for å finna ferjekort, leitte i skuffer og skåp både i kiosken og ute i eit tilstøytande lagerrom på dekk. Ho fann eitt, som eg fekk utan å betala. Det hadde vore brukt som reklamekort.

Men det står ikkje eit einaste ord om ferja på baksida, berre fagre ord og vendingar om «Noreg, det fremste fjordlandet i verden», og «for reservation please contact Fjord1 Fylkesbaatane.»

Pynteskorstein

«Fjærlandsfjord» har pynteskorstein, noko som var vanleg på dei første bilferjene. Forklaringa er at med heilt bildekk kunne ikkje eksosen leiast rett opp i skorstein «midtskips», røyken vart ført opp og ut i anonyme skorsteinar i sida/sidene. Men skikkelege båtar skulle ha godt synlege skorsteinar «midt på», - slik hadde det alltid vore, og difor vart det ei tid laga pynteskorstein, ein slags kalott.

«Fjærlandsfjord» sin pynteskorstein vart dekorert med Fjord1-fargane til sesongen 2014; Fjord1-striper i raudt, kvitt og blått halveges rundt på kvit botn med svart kant oppe. I åra 2001 – 2014 hadde «Fjærlandsfjord» den tradisjonsrike FSF-skorsteinen frå 1858; raudt belte på svart botn. På skorsteinen syner elles opphøga band som går heilt rundt. Det er spor etter HSD-skorsteinen; raud HSD-rosett på kvitt midtfelt på svart botn.

Turistinformasjon på plakatar

Fjord1 satsar på turistfart i området Lærdal-Kaupanger-Aurlandsfjorden. Om somrane går det fleire turistferjer mellom Flåm og Gudvangen. Selskapet har utvikla turistinformasjon i form av plakatar til oppslag på ferjene og ved det aller nyaste i informasjonsteknologi «Last ned Fjord1 Tourist app». På «Fjærlandsfjord» talde eg i tillegg til oversiktleg kart over fartsområdet, åtte plakatar som i tekst og illustrasjonar hadde informasjon om sju emne; matkulturen i området, «Fjordane - levande samfunn», forminga av landskapet, stavkyrkjene, fjordgardar og stølar, flora og fauna og «vår kulturarv».

Saknar plakatar med sjøfartshistorisk innhald

Alle sju plakatane har relevant innhald, dei er informative, profesjonelt laga og har norsk og engelsk tekst. Men kvifor kunne ikkje Fjord1 by meg (og andre) noko av si eiga historie, - ein plakat om ferja, «Fjærlandsfjord» (bygd i 1968 er ho for eit veteranfartøy å rekna, og framleis i fart!), ein plakat om den tidlegare storattraksjonen Midtfjords (korrespondanse mellom fartøy i open sjø), og ein plakat om turistferdsle i Aurlandsfjorden i 150 år, for å nemna tre «sjøbaserte» emne. Og ein ting til: Legg ut «Fjærlandsfjord»-postkort til sals, med opplysningar om ferja på baksida. «Velkommen til oss i Fjord en ..» lydde det i høgtalarane. Ja, men, kven er de? Kva har de å by på av maritim historie, eiga historie? «Ferdamat sidan 1858» las eg ein stad, javel, men kva står 1858 for?

kjelder:

Firda Folkeblad og Firdaposten 1968.
NRK Sogn og Fjordane – Fylkesleksikon
Torvanger, Magnus: Frå dampskip til gassferjer. Fjord1 Fylkesbaatane 150 år. 1858-2008. 2008.