Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 25. januar 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Vetti - fjellgarden i Utladalen



Høgst opp i Utladalen, sør for elva Utla, ligg fjellgarden Vetti. I skriftkjeldene kan ikkje garden fylgjast lenger bakover enn til 1611, då ein Eirik brukte garden. Likevel er det truleg at garden har lege der heilt sidan eldre jarnalder og kanskje lenger.

Flyfoto av Vetti, teke i samband med fylkeskommunal vassdragsplan, 1985.

Flyfoto av Vetti, teke i samband med fylkeskommunal vassdragsplan, 1985.

Alder og status

Gardsnamnet Vetti seier kan hende noko om forhistoria til garden. Namn med fonem 2, som sluttar på -i på denne måten har som oftast i norrønt hatt ein -n på slutten. Namnet Vetti er difor tolka som eit såkalla vin-namn av stadnamngranskarane. Vin tydde grasmark eller eng, og slike gardar er difor ofte skilde ut frå ein annan gard. Gardar med slike namn er elles i landet gjerne store og sentrale og kan ofte daterast attende til eldre jernalder (ca. 500 f.kr-600 e.kr).

Busett alt i eldre jernalder?

Ein skal alltid vere varsam med å trekkje namnetolkingar for langt, men enkelte meiner at sidan denne vin-garden ligg høgst opp i utkanten av dalen, må heile Utladalen ha vore busett allereie i eldre jernalder. Ein annan synsvinkel er at nettopp ein plass som Vetti kanskje kan ha vore vel so attraktiv i augo til jarnalderbøndene som plassane lenger nede i dalen, og at det derfor kan ha vore busetnad på denne fjellgarden før resten av dalen vart tatt i bruk.

Kulturminne

På garden Vetti er det registrert tre små røyser på Flatvollen eit stykkje nedanfor tunet. Røysene vart registrert fyrste gong av arkeologistudenten Arvid Kolaas i 1950. Dei har ikkje vore grave ut, og det er ikkje funne gjenstandar i dei. Vi kan difor ikkje vite nøyaktig kor gamle dei er. Likevel viser dei at garden har vore der i førhistorisk tid. Etter år 1000, som vi reknar som starten på historisk tid i Noreg, vart folk gravlagde på kyrkjegard etter kristen skikk. Gravrøyser blir difor rekna som eldre enn dette. Røysene på Vetti er truleg frå yngre jernalder, altså ein plass mellom ca år 600 e. kr og år 1000 e. kr.

Aude etter svartedauden

I motsetnad til vin-gardar andre stader i landet, framstår ikkje Vetti som ein stor og sentral gard i dag, men ligg for seg sjølv i utkanten av bygda. Skriftkjeldene vitnar heller ikkje om nokon uvanleg velståande gard. Truleg har garden lege aude etter svartedauden. Sjølv om det er arkeologiske teikn på at garden har vore i drift i jarnalderen, så dukkar den først opp i skriftkjeldene i 1603 eller 1611, og er ikkje nemnd i dei mange jordebøkene eller diploma vi har frå høgmellomalderen.

Skatt kalla frelse

På 1600-talet var alle gardar pålagt å betala militærskatten leidang, og storleiken på denne skatten vart rekna ut frå kor mykje dei betalte i landskuld. Nyrydda gardar trong likevel ikkje å betale landskuld dei første åra, dermed kunne ikkje leidangen reknast ut slik. I staden for leidang betalte desse gardane i Årdal ein annan, mildare skatt, kalla frelse. Vetti betalte slik frelse i 1611, og det var truleg ikkje så lenge sidan garden var blitt teken opp att etter audetida. I 1617 betalte garden allereie vanleg landskuld og leidang.

Vetti i 1647

I 1647, då alle gardane i landet vart protokollført i skattematrikkelen, betalte ein brukar som heitte Iver 1 laup smør og 1 bukkeskinn i landskuld til eigaren Torben Nes. Reknar vi dei ulike varene om til sin verdi i smør svarar dette til 1,25 laupar, noko som er om lag halvparten av den gjennomsnittlege landskulda for gardane i dåverande Årdal Skipreide.

Sentral og velståande

Truleg har den lette tilgangen til ressursane i fjellet vore svært viktig for dei som har halde til på Vetti. Bonden i Indre Sogn i forhistoria var ein fleksibel dyreeigar som hadde bruk for gode beite, og som nytta alle ressursar frå fjord til fjell. Med ein slik innfallsvinkel kan vi ikkje sjå på Vetti som ein perifer og annanrangs gard. I eldre jarnalder må Vetti ha lege særs godt til, på overgangen mellom låglandet og det viktige fjellet. Frå Vetti har ein hatt kort veg opp sjølv, og ein har kunna halde ein viss kontroll på ferdsla. Truleg har garden vore oppfatta som sentral og velståande.

Kokegrop på Vettismorki

Vettismorki har vore ein av dei tre stølane til Vetti-garden i nyare tid, og i nærleiken ligg kanskje nokon av dei eldste spora etter at folka på garden har brukt utmarka si. Her er registrert eit kulturminne som er notert som "ei kullgrop med brent stein". Gropa med kol og stein på Vettismorki har truleg vore ei såkalla kokegrop. I slike groper steikte ein kjøt på oppvarma steinar. Å finne slike groper i stølsområde er svært vanleg. Dei aller fleste kokegroper i Noreg har dateringar til mellom ca 500 f. kr - ca 300 e. kr, sjølv om ein og har funne både eldre og yngre groper enn dette. Gropa på Vettismorki er ikkje datert, og vi veit ikkje nærare kor gamal ho er.

Jakt like viktig som jordbruk

Det er spora etter fangst og jakt som verkeleg dominerar fjellområda rundt Utladalen. Dei fleste minna kan ein knyte til reinfangst. Bogestelle, leiegjerde og særleg mura fangstgraver er svært vanlege kulturminne, og utbreiinga av dei viser at det har gått reintrekk både aust og vest for Utladalen i lang tid. Årdal har vore eit viltrikt strok gjennom heile forhistoria, og omkring Utlavassdraget har nok reinen vore det viktigaste viltet. Jakta har hatt mykje å seie som attåtnæring, og truleg har bruken av utmarksressursar i store periodar vore vel så viktige for folket på Vetti som dei typiske jordbruksaktivitetane.

kjelder:

Dybdahl, Audun, og Det nordiske ødegårdsprosjekt 1983. Agrarkrisen i Indre Sogn : Bosetningsmessige og økonomiske forhold i Årdal, Lærdal og Borgund Ca. 1200-1600 : Punktanalyse for Det Nordiske Ødegårdsprosjekt Delmanuskript. [S.l.]: [s.n.], 1976.
Gustafson, Lil. Arkeologiske registreringer i Mørkri, Utla- og Feigumvassdraget, Verneplan for Vassdrag. Bergen: Historisk museum, Universitetet i Bergen, 1982
Gustafson, Lil 2005. "Om kokegroper i Norge forskningshistorie og eksempler." In Varia 58, edited by Tom Heibreen og Jes Martens Lil Gustafson. Oslo: Universitetet i Oslo, Oldsakssamlingen, 2005.
Laberg, Jon, and Haakon Shetelig: Årdal i Sogn : Bygd og ætter. [2. utg.] ed. [Årdal]: Årdal sogelag, 1994.
Norsk lokalhistorisk institutt: Skattematrikkelen 1647. 2. utg. ed. Oslo: Norsk lokalhistorisk institutt, 1992.
Lillehammer, Arnvid 1971. "Funn frå førhistorisk tid." In Bygdebok for Årdal, Søren Ve (red). Årdalstangen: Årdal Sogelag, 1971.
Midttun, Sigurd Dahl. Stadnamn I Årdal I Sogn, Årbok Frå Årdal Sogelag ; 4. Bergen: Beyer, 1958.
Rygh, O., and Dokumentasjonsprosjektet. Norske Gaardnavne.
Årdal sogelag: Bygdebok for Årdal. Søren Ve (red). [Årdalstangen]: Sogelaget, 1971.

PERMANENT IDENTIFIKATOR