Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. oktober 2000

Sist oppdatert 15. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Halvard Drægni og A/S Sogns Frugtkonservering



Halvard Drægni - "Saftkongen frå Sogn" - var sjølve pioneren i norsk fruktkonservesindustri. Drægni sitt industrieventyr starta med 10 tønner blåbær frå Nordfjord som han ved eit tilfelle kom over. Frå å vere ei binæring i beskjeden målestokk, voks saft- og syltetøyproduksjonen, og allereie på 1910-talet var Drægni-produkta landskjende.

Utsyn over Hermansverk, Leikanger kommune. Drægnis saftfabrikk er den store lyse bygningen til venstre på biletet.

Utsyn over Hermansverk, Leikanger kommune. Drægnis saftfabrikk er den store lyse bygningen til venstre på biletet.

Eigar: Fylkesarkivet.

Datering: 1920-1930.

Fotograf: Ukjend.

Drægnis unge år

Han vart fødd den 25. september 1869 i Skjolden i Luster kommune som nr. 4 i ein søskenflokk på 10. Begge foreldra var av bondeslekt. Faren - Thomas Drægni - hadde slått seg opp som landhandlar og postopnar i Skjolden inst i Lustrafjorden i Sogn.
Vinteren 1884-85 gjekk Halvard Drægni på Sogndal Folkehøgskule. Etter avlagt svennebrev hjå bakar Martens i Bergen, budde han hjå soknepresten i Årdal - Jacob Jacobsen - vinteren 1887-88, der han fekk privatundervisning tilsvarande middelskulen.

Handelsmann i Skjolden

Allereie som 21-åring vart han forretningsmann. Den 1. september 1891 overtok han faren sin landhandel i Skjolden. Same år gifta han seg med Ingeborg Maria Dalsøren. Grunnen til at Halvard overtok forretninga, skal i følgje familietradisjonen vere at han og broren Johan trekte lodd om kven av dei som skulle emigrere til Amerika og kven som skulle overta "Drægni-bui". Resultatet vart amerikareise for broren. Etter det Drægni fortel i sine eigne upubliserte livsminne, var det ei påkjenning for ein ung mann å få eit slikt ansvar på seg. Konkurransen var hard, og den vanlege praksisen med handel på kreditt gjorde ikkje saka enklare. Dei få hundre kronene som han hadde i startkapital vart snart brukt opp.

Ein av dei største kjøpmennene i Sogn

Lønsemda varierte mykje frå år til år, og først etter hundreårsskiftet kom han så pass over vatnet at han vart kvitt gjelda hjå kjøpmennene i Bergen. Då hadde han arbeidd seg opp til å verta blant dei største kjøpmennene i Sogn.

Starten på safteventyret

På ei forretningsreise til Kristiania og Bergen i 1900 trefte han bergenskjøpmannen Riisøen, som han handla mykje med. Riisøen hadde same dag motteke 10 tønner med blåbær frå Nordfjord som han ikkje visste kva han skulle gjere med. Etter å ha konferert med kona si, kjøpte Drægni heile partiet for 100 kroner. Dette vart starten på Halvard Drægni sin saft- og syltetøyproduksjon.

"Alle spyr etter Drægnis safter"

Steg for steg rydda han plass i marknaden for sine natursafter, med slagord som "Berre det beste er godt nok". Målmannen Drægni kunne konstatere at dei såkalla "essens-saftene" som til nå hadde dominert marknaden, fekk merke brodden i hans notorisk vidgjetne slagord: "Alle spyr etter Drægnis safter". Mellom anna kunne Drægni reklamere med at kongen sin kjøkkensjef hadde forlangt Drægni-saft til kroninga i Trondheim i 1906. Gradvis gjekk heimeproduksjonen over til å verta fabrikkproduksjon.

Utvida produktspekter

Produkta dei første åra var utelukkande saft. I 1901 vart produktspekteret auka til å omfatte safter frå bringebær, solbær, rips, kirsebær og tyttebær. 1 1905 starta ein opp med eplesyltetøy. Seinare kom andre produkt til: andre slag syltetøy, marmelade, hermetisk frukt, fruktvin og essensar.

Etableringa på Hermansverk

I samband med at det vart bygd ein fabrikk lenger ute i fjorden, på Hermansverk i Leikanger kommune, vart firmaet A/S Halvard Drægni, Sogns Frugtkonservering registrert den 24. juli 1920, med ein aksjekapital på 600.000 kr. Drægni sjølv sikra seg majoriteten av aksjane, og vart adm. dir. i selskapet. Same år kom fabrikken på Hermansverk i produksjon, med eldstesonen Thomas som disponent, og dottera Marie som "inspectrise". Halvard Drægni sat som direktør i selskapet til han døydde.

Drægni - ein samfunnsengasjert mann

Halvard Drægni var ein samfunnsengasjert mann som sette mange spor etter seg i Sogn. Han hadde ei rekkje offentlege og private ombod. Dei viktigaste omboda var ordførar i Luster kommune, styremedlem i Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og medlem i Statens arbeidsløysenemnd. Politisk sett tilhøyrde han den "radikale" delen av partiet Venstre. Han var i mange år Arbeidardemokratane sin fremste talsmann i Sogn og Fjordane. Eitt av Drægni sine viktigaste interessefelt utanom arbeidet, var samferdslespørsmål. Han var ei av drivkreftene bak opninga av Sognefjellsvegen mellom Luster og Lom i 1938. Han var fråhaldsmann og aktiv i IOGT. Halvard Drægni fekk kongens fortenestemedalje i gull i 1938.

Familie og born

Saman med kona Ingeborg Maria fekk han 5 born. Halvard Drægni døydde 81 år gamal i heimen sin i Skjolden, den 22. oktober 1950.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

A/S Halvard Drægni:A/S Halvard Drægni 1900-1925 Sogns frugtkonservering Skjolden og Hermansverk i Sogn. Oslo 1925.
A/S Halvard Drægni: A/S Halvard Drægni 1900 - 1950. Bergen 1950.
Dagfinn Drægni privatarkiv, Sogndal: div. papir etter Halvard Drægni.
Drægni, Halvard: Mi Livssoge, upublisert manuskript, Skjolden ca 1940 - 50. I Dagfinn Drægni privatarkiv, Sogndal.
Lothe, Anders A.: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Flora 1950.
Risnes, Kjerstin: Eit eventyr i saft og syltety - og mannen bak. I Systrendingen, nr 2, 1996 .
Risnes, Kjerstin: "Berre det beste er godt nok" (Halvard Drægni). I Systrendingen, nr 1, 1997.
Risnes, Kjerstin: Samfunnsbyggjaren Halvard Drægni. I Systrendingen, nr 2, 1997 og nr 1, 1998.
Øyane, Lars E.: Gard- og ættesoge for Luster kommune . Band 1 Fortun Sokn. Luster kommune 1984.

PERMANENT IDENTIFIKATOR