Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Den Trondhjemske Postvei i Gaular



Oppretting av vekefast og direkte postrute mellom Bergen, Molde og Trondheim i 1786, og bygging av postveg mellom byane, batt dei to stiftsbyane tettare saman og skapte grunn for ei sterkare utvikling langs kysten.

<p>Gamle Ytredal bru som er bygd ca. 1800, er den eldste av tre generasjonar bruer i Ytredalen. Brua vart i 1837 ein del av strekninga p&aring; den Trondhjemske Postvei som d&aring; vart flytta fr&aring; Sveen-Langeland.</p>

Gamle Ytredal bru som er bygd ca. 1800, er den eldste av tre generasjonar bruer i Ytredalen. Brua vart i 1837 ein del av strekninga på den Trondhjemske Postvei som då vart flytta frå Sveen-Langeland.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2013

Fotograf: Jan Anders Timberlid

I 1785 vedtok vegkommisjonen at den Trondhjemske Postvei skulle gå landevegen frå Leirvik i Bøfjorden til gjestgjevarstaden Tross i Dalsfjorden. Derfrå sjøvegen til Sveen, for så å gå opp til Langeland, vidare til Halbrend i Førde, over Mo til Jølster og derifrå til Breim i Nordfjord. Posten følgde ruta Leirvik-Tross fram til 1793 då den vart lagd om til Leirvik-Dale og Sveen-Langeland. Grunnen til omlegginga skulle vere det viktige vinterfisket, samtidig som det budde mange embetsmenn i Daleområdet.

I tillegg til postvegen kom så den landevegen "som af fremmede Reysende søges". Denne gjekk frå Vadheim og "begynder i Syndfiord ved Gaarden Dræggebøe", sidan til Grytås, Årberg, Årbergsbotnen, Løfall, prestegarden Steien, Sande, Myrmel, Lunde, Skilbrei og til Langeland der den møtte postvegen.

Tyngjande vegplikter

Medan embetsmenn og styringsverk drog nytte av denne postvegen, såg folk flest liten nytte av den. Dei skulle derimot oppleve dette nye som tyngjande. Det galdt i første rekke pliktene i samband med sjølve bygginga der det trongst mykje folk og hestar. I tillegg kom også vedlikehaldet, for strekninga Sveen-Langeland innebar dette også tre bruer; ei over Njøsenelva på 16 alner (om lag 10 m), ei over Yndestadelva på 24 alner (om lag 15 m) og den lengste over Bringelandselva i ei lengde på 28 alner (om lag 17,5 m). Dette at folk ikkje såg eigennytten av vegene, skapte motvilje blant dei. Men endå større skulle motviljen bli då folk vart pålagde slike plikter andre stader i amtet. Den som gjennomførte desse statlege tiltaka, var generalvegmeistar Hammer, ein tidlegare militær som visste å ta i bruk straff dersom ikkje folk gjekk med på pliktarbeidet.

I 1837 avløyste strekninga Vadheim - Langeland den gamle postvegen mellom Sunnfjord og ytre Sogn.

kjelder:

Timberlid, Jan Anders: Bygdebok for Gaular. Band 2. 1992.
Timberlid, Jan Anders: Bygdebok for Gaular. Band VI a. 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR