Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 14. januar 2004

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Restar av betongkar på Silda - spor etter merkeleg forlis



Natt til 13. januar 1925 grunnstøytte D/S ''Aladdin'' på austsida av Silda. Heile mannskapet kom levande frå den dramatiske hendinga, men det vart slutten for skipet. Det vart hogge opp på staden og frakta bort som skrapjern. Men eit sundbrote betongkar ligg framleis att i fjøresteinane som minne om eit merkeleg forlis.

Restane av betongkaret som blei støypt som støtte under akterskipet for å halda det på plass under opphogginga.

Restane av betongkaret som blei støypt som støtte under akterskipet for å halda det på plass under opphogginga.

Eigar: Sverre Silden

Datering: 2000.

Fotograf: Sverre Silden.

Storm og uvêr

Det var uvêr og storm over store deler av kysten i midten av januar 1925. Avisene melde om skader både på land og sjø. Sjøhuset til Isak R. Vedvik på Raudeberg hadde blåse overende, og i Refvika hadde fleire hus vorte skadde. Ein motorbåt i Skatestraumen hadde slite seg og vorte delvis knust. Bergensbåten ''Bisp'' var komen i drift frå ankringsplassen Kapellbukta. Det same hadde osloskipet D/S ''Aladdin''.

D/S ''Aladdin''

Lasteskipet D/S ''Aladdin'' på 3113 bruttoregister tonn (brt.) tilhøyrde rederiet J. T. Farsøe & Co. i Oslo. Det var på veg frå Gøteborg til Narvik i ballast. (Eit skip i ballast ligg gjerne så høgt i sjøen at propellen ikkje når heilt under overflatenivået.) ''Aladdin'' hadde eit mannskap på 27 og Trygve Nergaard, 42 år gammal, var kaptein.

Ville ikkje ha slepebåtassistanse

''Aladdin'' tok kystlos om bord i Haugesund. Om ettermiddagen tysdag 13. januar var skipet kome nord i Ulvesundet og valde då å ankra opp på ankringsstaden Kapellbukta i påvente av rolegare vêr. Men då fyrste ankeret ikkje fekk godt feste, gjekk skipet eit stykke lenger nord og ankra opp i nærleiken av Ulvesund fyr. Om natta auka vinden kraftig. Skipet sleit seg frå begge ankera og kom i drift.

Bergingsbåten ''Draugen'' kom til og fekk skipet slept inn på Flatrakevika der ''Aladdin'' let reserveankeret gå. Kapteinen på 'Draugen'' meinte sleparen måtte haldast som ekstra sikring, noko ''Aladdin''-kapteinen ikkje var samd i. Under ugreia som oppstod fekk ''Draugen'' slepetauet i propellen og kolliderte med med ''Aladdin'' som medførde at båten fekk hol i sida og måtte setjast på grunn for ikkje å søkkja.

Takka nei til assistanse for andre gong

I den sterke vinden og med redusert propellkraft kom ''Aladdin'' på ny i drift, no beint mot Silda. Ein annan bergingsbåt, ''Jason'', var no komen til og tilbaud bergings-assistanse. For andre gong avslo ''Aladdin'' i tru på å koma klar Silda ved eiga hjelp. Kort tid etter tok skipet grunn heilt sør på Silda på Holmen, ein holme ein kan koma turrskodd ut på ved fjøre sjø.

Mange berga i land på Holmen

På Silda hadde folk følgt dramaet utover kvelden. Sverre Silden, fødd 1918, fortalde hausten 2003 at han hugsa ''det var uhorveleg med vind og ekstrem stor flo.''

Etter som ''Aladdin'' nærma seg øya, stod mange klar på Holmen budde til å hjelpa. Dei fekk fatt i ei line mannskapet kasta ut frå havaristen og festa ho i ein festering i berget. Ein etter ein tok mannskapet seg ned leidarar som var hengt ned langs skipssida og vidare til lands etter lina. Her vart dei tekne i mot og straks følgde vidare og plasserte hjå folk rundt om på øya. Men før alle var komne trygt på land, kom ''Aladdin'' enno ein gong i drift og no nordover på austsida av øya.

På grunn ved Kyrkjeneset for godt

''Eg trur han tar land på Kyrkjeneset'', ropte ein mann, og folk la på sprang dit. Kyrkjeneset ligg midt mellom Sørehamna og Norehamna. På vegen treiv Sigurd Silden med seg eit hampetau som skulle syna seg å koma til god nytte. Då dei kom fram, hadde ''Aladdin'' grunnstøytt med akterskipet langt oppe i fjøra, og dei attverande var i ferd med å koma seg i land.

Berga to mann frå drukningsdøden

Det var no hampetauet til Sigurd Silden kom til nytte. Då to mann datt på sjøen, hoppa Sigvald Sandviknes ut i den iskalde sjøen med hampetauet og fekk berga begge. Han fekk den største livbåten som takk for innsatsen, og seinare vart han tildelt Redningsselskapet sitt diplom med slipsnål i gull med diamantar for denne bergingsdåden.

Bergingsløn

''Aladdin''-natta 1925 vart både lang og dramatisk, men til all lukke gjekk det ikkje med menneskeliv. Dagen etter samla det seg mykje folk for å sjå på det svære skipet som hadde enda opp i fjøresteinane midt på øya. Sverre Silden minnest at kapteinen og maskinsjefen budde hjå dei, og at dei som takk for hjelpa fekk lov å gå ombord og ta i land så mykje hermetikk dei ynskte.

Det har elles vorte fortalt at det i dagane etter forliset samla seg mange småbåtar rundt vraket og at mykje vart fjerna på ulovleg vis. Men sildarane fekk og ein god del frå skipet som takk for bergingshjelpa.

Opphogge på staden

Då det etter fleire freistnader ikkje let seg gjera å dra skipet av grunn, vart ''Aladdin'' opphoggen på staden. Bit for bit vart skipet frakta bort på lekter. Det var i samband med opphogginga at det vart støypt eit solid betongkar under akterskipet, og som framleis er å sjå i fjøra ved Kyrkjeneset.

Merkeleg forlis

I dag kan ein undrast over at eit skip som både hadde maskin og ror i orden kunne havarera innaskjers som ''Aladdin'' gjorde. Fleire årsaker kan trekkjast fram, men det tykkjest mest underleg at kapteinen på ulukkesskipet på avvisande måte takka nei til bergingsbåtar to gonger.

kjelder:

Fjordenes Tidende. 15.01. og 19.01.1925.

PERMANENT IDENTIFIKATOR