Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 26. november 2004

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

1905 - Kven hadde røysterett?



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om kven som hadde røysterett og kven som kunne røyste ved stortingsval, folkerøystingar og kommuneval.

Eid kyrkje under folkerøystinga 13. august 1905.

Eid kyrkje under folkerøystinga 13. august 1905.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 1905.

Fotograf: Isak Hellebust.

Allmenn røysterett for menn

Då Grunnlova vart til i 1814, var røysteretten eit privilegium for dei få, knytt til kvalifikasjonskrav som eigedom og inntekt. Det var ein sosial elite av frie, opplyste og uavhengige menn som skulle ta avgjerder til beste for folket. Men samfunnet endra seg, og den politiske oppfatninga likeeins.

Etter årelang politisk kamp vart det i 1898 innført allmenn stemmerett for menn ved stortingsval. No var det kvalifikasjon god nok å vere mann og borgar av riket. I 1901 vart denne retten utvida til å gjelde kommunevala. I 1905 hadde alle norske menn, på visse vilkår, fått røysterett både ved kommuneval, stortingsval og folkerøystingar.

Vilkår for allmenn stemmerett i 1905:
· norsk statsborgar
· fem års opphald i riket
· fylt 25 år
· ustraffa
· ikkje sinnslidande
· ikkje motteke fattighjelp det siste året
· usagt, men berre for menn

Kvinneleg kommunal røysterett etter økonomisk kvalifisering

Kvinnene hadde ikkje grunnlovsfesta stemmerett og kunne ikkje delta i folkerøystingane i 1905. Omlag 200 000 kvinner hadde fått kommunal stemmerett i 1901. Medan mennene samstundes fekk allmenn røysterett ved kommuneval, måtte kvinnene kvalifisere seg til røysteretten. Kvalifikasjonskrava handla i fyrste rekkje om økonomi og favoriserte dei betrestilte.

Vilkår for kvinneleg stemmerett ved kommuneval frå 1901:
· norsk statsborgar
· fem års opphald i riket
· fylt 25 år
· ustraffa
· ikkje sinnslidande
· ikkje motteke fattighjelp det siste året
· betale skatt av inntekt over ein viss storleik; kr. 300 på bygda og kr. 400 i byen, eller leve i formuefellesskap med ein som betalte skatt.

Avgrensa kvinneleg stemmerett som garanti for "ansvarleg" kommunepolitikk

Bakgrunnen for å gje kvinnene kommunal stemmerett var politisk taktikk og ikkje resultat av likestilling. Då menn fekk allmenn stemmerett, vart heile veljarbiletet endra. Nye grupper ville no kome til orde i politikken, mellom anna arbeidarrørsla som var i vekst. Resultatet kunne bli både auka skattar og dyre reformer. Dei betrestilte kvinnene var difor tenkt som alliansepartnarar for dei som ville demme opp for " kommunalsosialismen" og sikre val av ansvarlege politikarar.

kjelder:

Mykland, Liv og Masdalen, Kjell Olav: Administrasjonshistorie og arkivkunnskap. Universitetsforlaget AS 1987 Mjeldheim, Leiv. Politiske prosessar og institusjonar. Universitetsforlaget AS 1987.

PERMANENT IDENTIFIKATOR