Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. februar 2003

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Breim kyrkje



Breim kyrkje er ei langkyrkje i tre som står på garden Re i Gloppen kommune. Kyrkja, som har 500 sitjeplassar, vart vigsla 9. juli 1886 av biskop Fredrik Waldemar Hvoslef. Arkitekt Håkon Thorsen laga teikningane. Breim kyrkje er soknekyrkje for Breim sokn i Gloppen prestegjeld.

Den førre kyrkja i Breim stod på Hetle, men gravstaden der vart for liten. Det vart difor vedteke å byggja den nye kyrkja på Re.

Den førre kyrkja i Breim stod på Hetle, men gravstaden der vart for liten. Det vart difor vedteke å byggja den nye kyrkja på Re.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2003.

Fotograf: Arild Reppen.

Vigsla sommaren 1886

Sommaren 1886 vart over 60 ungdommar konfirmerte i den gamle kyrkja i Breim, som stod på garden Hetle. Rundt ein månad seinare gjekk dei same konfirmantane til gudsteneste i nyekyrkja på Re. Dei fekk oppleve eit historisk skifte frå ei gammal kyrkje som stod til nedfalls, til ei uvanleg stor og lys kyrkje som skulle følgje bygda inn i framtida.

Breimsbygda hadde fått ei av dei største kyrkjene i Nordfjord, og den fyrste gudstenesta vart halden med stor høgtid i juli månad. Høgtida vart nok ekstra stor ved synet av dei over 60 ungdommane som gjekk samla til nattverd. På denne tida var altergang noko som høyrde til og var forventa, men også for konfirmantane vil vi tru det var ei minnerik oppleving å vere midtpunktet under den spesielle gudstenesta.

Gravplassen var for liten

Frå 1872 hadde ein komité arbeidd med å få rydda ny gravplass og reist ny kyrkje. Gravplassen på Hetle var for liten, og det var fleire vanskar med å få utvida han. Bygda måtte ha ny kyrkje, men det tok tid å kome til semje med kyrkjeeigarane slik at bygda fekk kjøpe den skrøpelege kyrkja. Kommunen kjøpte tomt i Re-øyane, eit stykkje aust for den gamle kyrkjestaden, og i november 1875 vart gravstaden vigsla. Det gjekk enno nokre år før kyrkjeplanane skaut fart. Økonomien var eitt problem, eit anna var tilgangen av skogvyrke. Fyrst då utskiftinga vart avslutta i 1882, kom det fortgang i planane. Byggjeprosessen vidare gjekk føre seg med pliktarbeid og ein stor dugnadsinnsats.

Eksteriør og interiør

Sjølve kyrkjebygget er inspirert av Vik kyrkje, som stod ferdig i 1877. Dei to kyrkjene hadde same arkitekten, men ulike byggmeistrar. På kvar side av kyrkjeskipet er der fem søyler med utskorne avstivarar imellom. Under det frambygde galleriet er der seks mindre søyler på kvar side. Korskiljet er enkelt og i same stilen som alterringen. Måla på det rettvinkla koret er 8,1 x 6 m. Skipet er nesten 22 m langt og over 15 m breitt, og på kvar side er der fire store vindauge med småruter i blyinnfatning. Alle har anten krossen eller stjerna som motiv oppe i spissbogen. I koret er der ikkje vanlege vindauge, men derimot glasmåleri på nord- og sørveggen. Dei vart innsette i 1952. Sakristia er på kvar side av koret. Både i koret og skipet er taket flatt. I skipet er der nedfelt tak på sidene som skrånar ut mot veggene.

Kyrkja vart måla utvendig då ho var ny, og sjølvsagt jamnleg etter den tid. Men fyrst til 50-årsjubileet i 1936 såg kommunen seg råd til å måle kyrkja innvendig. Hovudfargen vart gul, med ein mørk brystning langs veggene. I 1963 vart ho måla på nytt og i lysare fargar, og til 100-årsjubileet vart store delar av interiøret måla i ein gulgrøn farge. Andre gjennomgåande fargar er fleire blånyansar og raudrosa. Austveggen i koret har ein markert blåfarge som framhevar den lyse ramma til alterbiletet.

Kyrkja fekk omnar i 1901, og i 1952 vart det installert elektrisk oppvarming. Gjennom åra er det utført mykje vedlikehaldsarbeid, men det største løftet vart likevel teke i 1982. Då måtte kyrkjetaket reparerast, og i samband med det vart kvar og ei av dei store skiferhellene tekne ned. Bygdefolk deltok med dugnadsarbeid, og mange som ikkje arbeidde, gav pengar til arbeidet.

Altertavla

Altertavla frå 1886 er ein kopi av Adolph Tidemand (1814-1876) si tavle "Christi Opstandelse" frå 1871, i Bragenes kirke i Drammen. Kopien er laga av Christen Brun, Kristiania. Kristus er framstilt i rørsle, i oppstodeaugneblinken, med blikket retta oppover og i himmelsk overlys. Engelen til venstre ber palmegrein som sigersymbol, medan dei to soldatane snur seg bort i redsle. Tradisjonelt har "Den oppstadne" vorte framstilt som svevande over den opne grava, gjerne med krossfane i handa. Tidemand valde å uttrykkje seg meir naturalistisk. Kristus set eine foten på gravkanten, og står bokstaveleg tala opp. Opphavleg hadde understykket under biletet ei innskrift. I 1904 vart denne måla over, og gavlfeltet over biletet fekk innskrifta "Jeg er Opstandelsen og Livet". Seinare vart dette endra til nynorsk "Eg er Oppstoda og Livet". Ramma er monumental, med tre parallelle søyler på kvar side, som endar i eit spir. Over gavlfeltet står ein gylt kløverbladforma kross.

Kunst og inventar

På alteret står i alt fire lysestakar i messing, to trearma som er udaterte, og to frå 1710 med innskrifta "Anno 1710" og "Paa Breumbs Kirches Bekostning". Nattverdsutstyret er ein kalk og ein disk frå 1621 i forgylt sølv, og ei brødøskje og ei vinkanne frå 1973 i sølv.
Preikestolen og døypefonten er begge av tre og frå 1886. Eit stort og eit lite dåpsfat i messing, er truleg frå 1600-talet.
Orgelet frå 1904 har 17 stemmer, er bygt av Cappelen, og vart sist restaurert i 1979. På orgelfronten står ei innskrift som fortel at orgelet er ei gåve frå Thor Jakobsen Bøe i 1903. Kyrkjeklokka er frå 1982.

Katekismetavla og anna eldre inventar

Den gamle katekismetavla frå 1615 er montert på den korte vestveggen i skipet på nordsida. Tavla er større og vidareutvikla i høve til dei eldste, Gaupne (1589) og Svanøy (1590), med litt rikare utforma listverk, dekorasjon og med måla bilete i gavlfelta. Innskrifta er tradisjonelt gylte bokstavar i gotisk skriftform på svart bakgrunn. I samband med at gamlekyrkja vart riven kom den gamle altertavla og anna inventar til Bergen Museum. I 1940-åra vart tanken om å føre dette tilbake teken opp, men det lukkast ikkje før i 1979. Då vart den gamle katekismetavla sett opp på vestveggen i kyrkja. Understykket på tavla har innskrift frå Salme 134,1-2a.

I midtfeltet står Den apostoliske truvedkjenninga, Fadervår og Dåpsorda; på døra t.v dei ti boda og t.h. nattverdorda, og på baksida av dørene er det måla druerankar, eit nattverdssymbol. På baksida av hovudfeltet står ei innskrift som fortel at tavla vart gitt til kyrkja av Jon Mogensen Skanke, Meister-Jo, og Absalon Absalonsøn, sokneprest i Gloppen 1598-1639.

Det største av bileta i gavlfelta, over midtfeltet, viser den krossfesta Kristus og Maria og Johannes på kvar side, dessutan ulike reiskapar til krossfestinga, Veronicas sveitteduk og symbolet hjarte gjennombora av ei pil. Gavlen t.h. framstiller dygda håp, i kvinneskapnad og anker, og med innskrifta "Gud vær mig naadig" etc. (Ps. 57), og t.v. trua, i kvinneskapnad, og med kross og bok, og innskrifta "Sandelig, sandelig Sigjer jeg" etc. (Joh. 5).

Ein brurestol (brurebenk) frå 1600-talet er komen på plass framme på nordsida i koret. Han er ombygd med nyare materialar, dei eldste delane kan vere frå ei altartavle. Preikestolen frå om lag 1600, er no plassert framfor den gamle katekismetavla. Restane av lydhimmelen frå 1600-1620, med kassettornamentikk i renessansestil, er lagra på gallerigangen i kyrkja. To stolstader frå 1632, eit framifrå snikkararbeid og rekna som det finaste dømet på stolstadutsmykking, er på gallerigangen i kyrkja.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR