Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. februar 2003

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Gimmestad kyrkje



Gimmestad kyrkje er ei langkyrkje i tre på garden ytre Arnestad på Sørstranda, vest for Sandane i Gloppen kommune. Kyrkja, som har 315 sitjeplassar, vart vigsla 16. desember 1910 av biskop Johan Willoch Erichsen. Arkitekt Niels Stockfleth Darre Eckhoff laga teikningane. Gimmestad kyrkje er soknekyrkje for Gimmestad sokn i Gloppen prestegjeld.

Gimmestad kyrkje står på garden ytre Arnestad, nede ved fjorden på Sørstranda, berre eit par hundre meter aust for gamlekyrkja.

Gimmestad kyrkje står på garden ytre Arnestad, nede ved fjorden på Sørstranda, berre eit par hundre meter aust for gamlekyrkja.

Eigar: I Soga om Gloppen og Breim, band III.

Datering: 16.05.1983.

Fotograf: Styrkår Almenning.

Stilfull kyrkje

Så vidt ein veit er det ingen andre stader i fylket enn her på Gimmestad at skikken med å syngje ei helsing frå liket vert halden i hevd. Og dei som har valt å vidareføre denne tradisjonen, gjer det fordi dei opplever han som svært meiningsfull. Også sjølve bygget har klare trekk som speglar gamle tradisjonar. Eit døme er dei fire kraftige søylene i midtskipet med parallellar til dei fire hjørnestavane, i overført tyding dei fire evangelia. Fleire søyler finst som støtter under galleriet. Alle har små, stiliserte kapitél, også det eit kjenneteikn frå stavkyrkjene. På kvar av sideveggene i skipet er der seks vindauge, og over dei midterste eit sett runde vindauge med stjerneform.

Sett utanfrå er vindauga blikkfang i dei to små utbygga på langsidene. Begge er utstyrte med kryssband i mønegavlane. Tårnet i vestre enden har tilsvarande gavlar i mindre format. Det er denne byggjeforma som gir kyrkja dette ekstra stilfulle preget, og som får ein til å tenkje på dei gamle krosskyrkjene. Sjølve tårnfoten er våpenhus, og har små tilbygg på kvar side, med oppgang til galleriet. I små rom under trappene vart det til 50-årsjubileet i 1960 sett inn toalett. Attåt koret i austenden er dåpssakristi og prestesakristi som vart bygde samstundes med kyrkja.

Gimmestad nye kyrkje har aldri vore måla innvendig, med unnatak av skråtaket over galleriet og elles nokre få detaljar. Nokre få lister og markeringar er måla i gullfarge eller raudt, og det nemnde skråtaket går i ein grønturkis farge. Taket i midtskipet er flatt, men følgjer elles forma på kyrkja langs sidene. Koret har skråtak.

Ønskje om ny kyrkje

Alt i 1880-åra vart det sendt søknad til stiftsdireksjonen om å få ei ny kyrkje i soknet. Bygdefolket var svært misnøgde med den gamle kyrkja, nokre meinte ho var for lita og for simpel, andre tykte ho låg for langt frå senteret i soknet. Men slett ikkje alle var samde i at det skulle byggjast ny kyrkje ein annan stad. Kvifor ikkje rive den gamle og heller setje ei ny opp på same tufta? Eit tredje alternativ var å slå saman Gimmestad-soknet med Vereide, og byggje ei stor, ny kyrkje ilag. Striden roa seg etter at heradsstyret i ei fråsegn bad om at saka vart utsett. Grunngjevinga var at kommunen nyleg hadde hatt store utlegg til Hyen kyrkje og kosta reparasjonar på Vereide kyrkje. Dessutan hadde sørstrendingane og dei grendene som sokna til Gimmestad, trass alt ei kyrkje som var brukande. Frå dei lokale styresmaktene vart dei og minte om at skulle dei ønskje det, så hadde dei fritt tilgjenge til Vereide kyrkje.

Etter dette kvilte saka i over 20 år. Kring 1900 kom ei forordning om at kyrkjene mellom anna skulle ha vedomnar. Dette var det nok ikkje så enkelt å få til i den gamle kyrkja, og kyrkje-forkjemparane hadde fått endå eit argument for å få reist ny kyrkje. Og endeleg, i januar 1909 vann dei fram. Då vart det ved kongeleg resolusjon gitt løyve til bygging. Tomt var då alt ordna med Nils Arnestad, som selde to mål nede ved fjorden.

Kunst og inventar

Altartavla frå 1912 er ein kopi av den kjende Kristus-skulpturen av Bertel Thorvaldsen. Han laga denne i 1829 til Vor Frue Kirke, Københavns Domkirke. Kopien er gitt av sørstrendingar i Amerika, og kom i staden for eit måleri av Bernt Tunold. Både kunstnaren og kyrkjelyden skal ha vore misnøgde med Kristus-biletet, som berre vart alterbilete ei kort tid, og returnert til kunstnaren. Ramma vart ståande med eit blått tøy, som bakgrunn for Kristus-skulpturen fram til 1961.

På alteret står to tre-arma lysestakar i messing frå 1910, ei gåve frå Ola Mardal og Ola A. Gimmestad. Nattverdsutstyret er ein kalk og ein disk i sølv, truleg frå 1910, og ei brødøskje og ei vinkanne i kvit porselen med gullkross frå kring 1920.

Glasmåleria frå 1961 finn ein i koret på begge sider og over Kristus-skulpturen, og i skipet mot nord og sør rundt vindauga med Davidsstjerna. Eit måleri frå 2000, laga av Kjeld Heltoft på bestilling frå soknerådet, er plassert på nordveggen i koret ved døypefonten. Det er laga til og montert i den gamle ramma til altertavla. Hovudelementet er dåp i Gimmestad kyrkje, framstilt med ein viss naturalisme. Over svevar dua, symbolet for Den Heilage Ande, og nedst fisken, ei tilvising til fisken i gamle Gimmestad kyrkje.

Preikestolen er i tre med utskjeringar, m.a. med treeiningssymbol. Kyrkjerommet, og mykje av inventaret, er også dekorert med utskjeringar. Til dømes den åttekanta døypefonten i tre. Dåpsfatet og dåpsmugga er i sølv. Alle desse er frå 1910.
Orgelet frå 1959 har 15 + 1 stemme, og er bygt av J. H. Jørgensen, Oslo. Kyrkjeklokka frå 1910 har innskrifta "Land, land, land! Høyr Herrens ord". Ho er laga av Olsen Nauen Klokkestøperi AS i Tønsberg.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR