Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 05. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Fadnastølen



Fadnastølen ligg på austsida i Njøsadalen under Kvannskar ca. 500 - 550 meter over havet. Fram til siste halvdel av 1900-talet var den nytta som heimestøl for sju bruk i Njøsagrendi.

Gamlestølen heiter ei slette eit stykke framme frå Fadnastølen. Her var det støl før Fadnastølen lenger heime, og enno syner spor etter steingjerde og hustufter.

Gamlestølen heiter ei slette eit stykke framme frå Fadnastølen. Her var det støl før Fadnastølen lenger heime, og enno syner spor etter steingjerde og hustufter.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Gamlestølen

Frå gamalt låg sela på Fadnastølen om lag 300 m lenger framme enn i dag. På 1800-talet tok ei snøskred med seg sel og fjøsar, og stølsdrifta vart flytta lenger heim der den heldt fram til 1947. Ein finn enno murar etter den gamle stølen som hadde ein flat og fin selbø, medan terrenget er meir kupert der stølen ligg no.

Naturtilhøve og tilkomst

På Fadnastølen kjem sola seint på grunn av fjellet. Dogga vert liggjande i graset utover føremiddagen, og det var godt morgonbeite til kyrne. Morgonen var òg beste tida for å slå stølsgjerda, for ljåen beit godt når det var vått i graset. Dei vanlegaste grassortane på Fadnastølen er finnskjegg, harerug og sølvbunke. Desse turkar lett, og viss vêret var godt, vart det turka flatt.
Kløvjavegen gjekk frå Kvålen og fram i Njøsadalen til Vetlagjerdet, og vidare oppover Åsane. Vegen opp Kleivane under Seljeskredfjellet og over Fleken vart og brukt, men den var tyngre og brattare.
Vasstilhøva er ôg svært gode på Fadnastølen. Frå heimste Havravatnet renn det ei grov mellom sela til Per Opthun (gnr. 20-1) og Johs. O. Njøs (gnr. 24-7), og lenger heime kjem eit par grøver ned frå Kvannskar.

Bilete av eit sel, høyløe og ei hytte av ny dato.

Stølsdrifta

På Fadnastølen vart det drive tradisjonell stølsdrift med ysting og kinning. Enkelte somrar kunne det henda at det vart buført i byrjinga av juni, andre somrar seinare. Ein pla som regel vera komen til heimestølen til jonsok. Alt av utstyr som skulle nyttast, vart kløvja fram. Mesteparten av arbeidet vart gjort med handemakt, og lite var tilrettelagt for dei som var på stølen. Dei som ikkje hadde sitt eige sel, sette opp ein fjøs og leigde ei budeie. Nokre av budeiene måtte difor sortere mjølka slik at kvar fekk sitt. Enkelte av sela var bygde oppå fjøsen. Då var det lett å merka viss beista var urolege. Søren Opthun sette opp ei uteløe på Fadnastølen. Han slo i Kvannskar og sende høyet ned på rennestreng. Denne løa står framleis i dag.

Bilete av høyløe.

Bilete av hjørnet på løa.

Brukarane.

Dei som nytta stølen var Per Opthun (gnr. 20-1) og Ola Hansson Njøs (gnr. 24-7). Ola Njøs støla til 1940 då sønene tok over gardsdrifta. Desse stølane låg lengst oppe.
Olav O. Njøs, eldste sonen til Ola H. Njøs, (gnr. 22-6), hadde stølsrett på Skagasete, men støla i lag med bror sin Johs. O. Njøs.
Nils N. Gjerde (gnr. 22-3) hadde med kyrne til Anders Hagen (gnr. 24-3), og Lars N. Kvalen (gnr. 24-8) hadde med kyrne til Søren Opthun (gnr. 24-9 og Per Klingenberg Knutsen (gnr. 24-4).

Fadnastølen i dag

I 1995 vart det bygd skogsveg heilt opp, og tilkomsten til teigane og utmarka har vorte god. I løpet av dei siste åra har Olav E. Henjesand bygd hytte, og Magne Opthun har reparert det gamle selet som tilhøyrde Per Opthun. Elles står sela til Johs. O. Njøs, Klingenberg Knutsen og Nils Gjerde att, og restane etter murane mellom stølsgjerda.

Bilete av restane av murane under sela og stølsgjerda.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Munnleg informasjon frå:
Magna Njøs Røysum, f. 1933, Leikanger.
Odd Njøs, f. 1931, Leikanger.
Njøs, Aase: Utnyttinga av utmarksområdet i Njøsadalen. Oppgåve i lokalhistoriestudium. Høgskulen i Sogn og Fjordane.1997.

PERMANENT IDENTIFIKATOR