Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Sandstøylen



Sandstøylen sommarstøl ligg ca. 425 m o.h., er stor og romsleg med både mange velstelte hus og fin stølsvoll. Stølen vart nytta av garden Sande, gnr. 15. Den ligg svært fint til når vi fer innover Hestedalen. Her er 14 sel og 12 fjøs/uthus. Dei fleste ligg på rekke langs vegen gjennom stølen slik at fjøsa ligg ovafor vegen mot utmarka og sela meir avskjerma på andre sida av vegen. Det er òg tradisjon å ha danseplatting på stølen. Den er lagt på andre sida av stølselva, altså med noko avstand frå husa.

Sandstøylen har velstelte hus og fin stølsvoll.

Sandstøylen har velstelte hus og fin stølsvoll.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1997.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

Det må ha vore 4-5 km å gå frå Sande til Sandstøylen tidlegare, ein langdryg tur opp om kvelden og ned om morgonen. I 1959 vart det bygt ein veg av Firda Kraft framom stølen. Den vart til god hjelp med hest og seinare med traktor eller bil. I dag er det kommunal veg opp til Rauset og vidare nærast ca. 3 km skogsbilveg til stølen. Herifrå er det lett å gå vidare til Hestenesstøylen.
I nærleiken av stølen ligg "Russehola", ei fjellhole der nokre "gode nordmenn" gøymde vekk nokre russiske fangar ei tid av krigen. Sti til hola er merka med pil. Rett nedanfor stølen ligg òg ei svært stor tjøremile. Det viser at "Sørstrendingane" bygde mykje båtar ei tid og hadde bruk for mykje tjøre.

Bruk av stølen

Helge Arnljot Sundt skreiv i 1941 ei hovudoppgåve i geografi, "Stølstun i Gloppen". Denne oppgåva kan ein finne på Gloppen bibliotek. Han tok mest føre seg stølar i Buktaområdet. Men som eit tillegg drøfta han Sandstøylen og delvis Rausetstøylen med bakgrunn i nokre gamle jordskiftesaker. Han meinte at Rauset tidlegare var stølsområdet til Sande. Då Rauset så vart rydda til buplass, måtte Sande finne seg andre område for stølsdrift. På Gamlestøylen, som ligg noko innanfor og i same høgd som Ramnestadstøylen, skulle det ha vore to bruk frå Sande som hadde støl. Vidare skulle tre bruk ha vore på Ingridstøylen. Mange har leita etter Ingridstøylen, men den er visst ikkje så lett å finne. Dei fleste meiner den skal ligge mellom Ramnestadstøylen og Rausetstøylen i nærleiken av nedre del av Langolen.
I alle høve samla Sande seg seinare om noverande plass og har fått til ein romsleg og fint regulert støl. Kjellaug Sande på bnr.1 har enno ikkje slutta heilt å ha mjølkekyr på stølen. Dei fleste andre av dei 10 gardsbruka slutta med tradisjonell stølsdrift i 1960-åra.

Flyttedagen til stølen var i slutten av juni og dei var der til ut i september. Kjellaug Sande fortel at selet henner vart flytta frå Ramnestadlia. Segna seier at det kom frå Gamlestøylen eller Ingridstøylen. I 1917 tok dei det ned og høvla ned det sotsvarte tømmeret. Truleg vart det og utvida, i alle høve med utsel, for i dag er det nokså romsleg.

Gamlestøylen låg eit lite stykke innanfor Ramnestadstøylen i ei høgd på ca. 450 m o.h. Rygg har sine skogteiger der no. I dag ser vi god rås mellom desse to stølane, og vi finn rester etter husmurar.

Ingridstøylen er vanskeleg å finne. Truleg ligg den mellom Ramnestadstøylen og Rausetstøylen ca. 500-600 m o.h.

Nokre fakta

Sande, gard nr. 15, hadde 14 bruk i 1890. Folketalet var 80 i 1865 og var kome opp i 101 i 1900.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 3, side 150. Sandane 1988.
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR