Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 29. juni 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Kremmarleiet på Børholmen



Børholmen ligg heilt ut mot havet like sør for innløpet til Sognefjorden. Holmen ligg mellom Kversøy i vest og Grima og Lomannsøy i aust. Trass i den nære kontakten med Nordsjøen, ligg holmen lunt til for dei fleste vindar og i le for havdønningane. På austsida av Børholmen finn vi den gamle handels- og gjestgjevarstaden.

Børholmen var på 1700-talet ein livleg handelsstad. Her tok dei imot fisk som vart lagt i tønner og sendt vidare til Bergen.

Børholmen var på 1700-talet ein livleg handelsstad. Her tok dei imot fisk som vart lagt i tønner og sendt vidare til Bergen.

Eigar: Kystmuseet i Sogn og Fjordane.

Datering: før 1980.

Fotograf: Ukjend.

Privilegert handelsstad

Dei fyrste som budde her var truleg husmenn under Byrknes. Den fyrste som er nemnt er Laurits Holmen i 1653. Om lag ti år etter er det truleg ein slags handels- og gjestgjevarstad her. På 1700-talet var Børholmen kremmarleie den einaste privilegerte handelsstaden i Gulen skipreide. Rett nok vart det i nokre år drive næring med øltapperi og fiskehandel av ein strandsitjar i Vikingvåg på Byrknesøy, men handelen der var uprivilegert og såleis ulovleg.

Bilete av Børsholmen fra lufta.

Borgarar frå Bergen

Søfren Christensen Nagel tok til med handel og gjestgiveri på Børholmen kring 1660. I 1680 var det ein Albert Lampe som dreiv kremmarleiet. Lampe døydde i 1701, og på tinget i 1705 vart det opplyst at Børholmen hadde lege øyde nokre år, utan handel og vedlikehald. Tomas Rüüs eigde staden på byrjinga av 1700-talet, men det er uklårt om han dreiv handel. I 1746 selde han Børholmen til Johan Pettersen Fasmer og Cornelius Jansen Foerman. 17. Februar 1747 fekk desse kongeleg privilegium på å drive kremmarleie og gjestgiveri her. Foerman vart snart eineeigar og dreiv staden til han døydde i 1789.

Lyder Wentzel Nicolaysen og Søn

Firmaet 'Lyder W. Nicolaysen og Søn' fekk skøyte på fiskeværet Børholmen i 1789. Det var Nicolay Nicolaysen som dreiv firmaet på den tida. Dei dreiv truleg handelsstaden fram til 1829. I heile perioden frå 1746 til 1829, då staden var eigd av borgarar i Bergen, vart verksemda på staden driven av handelsgesellar. Desse var tilsette av kjøpmennene i Bergen. Deira viktigaste oppgåve var å ta imot fisk, leggja han i tønner og senda han vidare til Bergen. Småhandelen med den lokale befolkninga kom i andre rekkje.
Prost Dahl i Eivindvik kalla gjestgiveriet på Børholmen for eit "Satans Kapell og Pesthus". Sal av øl, vin og brennevin var den viktigaste innkoma for gjestgiveriet. Enno fortel segna om Børholmfylla.

Bufaste eigarar

Petter Jacobsen Mosevaag og Ole Andreas Severin Olsen Eikrem fekk i 1837 bygsel på Børholmen, og i 1840 kjøpte dei staden. Desse dreiv staden saman til dei i 1857 vart usamde. Ole Olsen fekk m.a. handelen, medan Petter Jacobsen tok seg av gardsdrifta. I 1868 vart husa til handelsmann Ole Olsen branntrygda for 1360 spesidalar. Han døydde 9. november 1882. I 1885 var det slutt på gjestgiveriet, og truleg også landhandlen. I folketeljinga i 1900 er eigaren kalla gardbrukar og snikkar. Korkje handelsmann eller gjestgjevar er nemnd.

Bilete av av tingstova (venstre) og sjøbua (høgre) på Børsholmen slek det såg ut mellom 1835 og 1839.

Bilete av fire bygninger på Børsholmen som stod der den andre halvdel av 1800-talet.

Rikke Bokken

Knut Johan Petterson, son til Petter Jacobsen, vart som 17-åring gift med Erika Larsdotter Bogen frå Kvalvågnes i Lindås. Ho vart kalla Rikke Bokken og var alt då ei vidgjeten kvinne. Ho gav seg ut for å vera synsk og var ofte "henrykt". Ho tala med englar og påstod at ho både kunne lesa tankane til folk og gjera under. Det var mange som trudde på henne. Ei bok om og av henne kom ut på Beyers Forlag i Bergen. Den 29. november 1854 vart Rikke Bokken dømd til eitt år i tukthus av Høgsterett. Dei meinte ho hadde fare med lygn, baktale og svindel.
Knut og Rikke fekk sju born. I 1879 selde dei Børholmen og flytte til Bergen.

Bygningane

Frå kremmartida står det framleis att eit våningshus, eit naust og ei sjøbu. Tingstova vart riven på 1990-talet. Huset vart rekna for å vera farleg for omgjevnadene då taket heldt på å rasa i hop. Like vest for dei gamle bygningane, på ein knaus, er bustadhuset til eigaren sett opp. Dette vart bygt på 1950-talet. Bygningane som finst på Børholmen per mars år 2001 er to bustadhus, to naust og ein sauefjøs.

Nye tider

Etter at det var slutt med gjestgiveriet og handelen vart folket på Børholmen fiskarar og småbrukarar. Jordbruket vart meir eller mindre lagt ned på 1950-talet. Heilt fram til i dag - mars år 2001, har det vore folk som har levd av fiske. No bur det fem personar her. Toralf Sande er fiskar og bur aleine i det nyaste av dei to bustadhusa. I det andre huset bur ein familie på fire. Ronny Helland arbeider i oljeindustrien i Nordsjøen. Kona hans, Hennie Lefdal, er sjukepleiar og helsesyster. Ronny og Hennie har to døtrer; Ane Marthe og Tale.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Munksgaard, Jan Henrik: Gamle handels- og gjestgiversteder på Vestlandet, Del 3. Sogn og Fjordane. Utgjeve av Kystmuseet i Sogn og Fjordane - Historisk Museum. Bergen 1980.
Kleiva, Ivar:Gulen i gammal og ny tid, Gards- og ættesoga, Band 3. Stavanger 1996.
Børholm, Kitty:
Informasjon om Børholmen i nyare tid.
Lefdal, Hennie Kristin:
Informasjon om Børholmen i dag.

PERMANENT IDENTIFIKATOR