Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Askvoll kyrkje



Askvoll kyrkje er ei langkyrkje i tre som står i bygda Askvoll. Kyrkja, som har 425 sitjeplassar, vart vigsla 13. desember 1863 av prost Johan Carl Christie. Kunstmålar Anders Askevold laga teikningane. Askvoll kyrkje er soknekyrkje for Askvoll sokn og hovudkyrkje i Askvoll prestegjeld.

Kyrkja i Askvoll er ikkje teikna av ein arkitekt, men derimot av bygdas store son, kunstmålaren Anders Askevold. Kyrkja er enkel og klassisk i forma.

Kyrkja i Askvoll er ikkje teikna av ein arkitekt, men derimot av bygdas store son, kunstmålaren Anders Askevold. Kyrkja er enkel og klassisk i forma.

Eigar: NRK - Sogn og Fjordane.

Datering: 2002.

Fotograf: Arild Nybø.

Omstridt tårn

Då kyrkja i Askvoll var ny, snakka bygdefolket mykje om at kyrkja var lite prektig å sjå til samanlikna med den som stod der før, og som brann ned berre tre år etter at ho vart bygd. Nyekyrkja var ei tradisjonell langkyrkje, den førre var ei uvanleg flott krosskyrkje. Det skulle gå nokre år før folk forsona seg med det nye byggverket som vart reist på branntomta nede ved fjorden.

Kyrkja vart vigsla i desember 1863, berre dryge fire år etter at kyrkjelyden sist var samla til vigslings-høgtid. Det var eit lynnedslag som gjorde ende på den førre kyrkja. Den nye vart både omtala og omskriven, og folkemeininga var ikkje særleg positiv. I sin Erindringsprotokoll skreiv pastor Bernt Askevold følgjande: "Den nye blev en Langkirke med noget av et Taarn, der ragede nogle Fot over Takmønet og endte i et andet Takmøne med et stort Trækors på Forenden. Men Folk har aldrig likt det kuede Taarn på Kirken."

Kritikken gjekk altså på at trekrossen var meint å skulle tene som tårn på kyrkja, og etter dryge 30 år, i 1896, vart det erstatta med eit skikkeleg tårn, høgt og spisst, som folk meinte gav eit litt meir stolt preg over gudshuset. Kunstmålaren Anders Askevold frå Askvoll hadde teikna kyrkja med tårnet som folk hadde innvendingar mot. Det nye tårnet vart sett opp etter teikningar av byggmeister P. Gabrielsen, men Askevold vart rådspurd på førehand og kom då med framlegg til kva som burde gjerast. Som modell nytta dei tårnet på Dale kyrkje i Fjaler. Dermed stilna etter kvart diskusjonane omkring kyrkjebygget.

Interiøret

Sjølv om kyrkja utvendig er svært tradisjonell, har ho fleire overraskande detaljar å by på når ein stig innom dørene. Mest uvant er galleria på kvar side av koret. I dag er dei berre til pynt, men rundt førre århundreskifte vart det fyrste orgelet i kyrkja (1898) plassert på galleriet på nordsida. Det andre galleriet må ein rekne med vart nytta av dei som ville ha godt oversyn over forsamlinga og samstundes få med seg så mykje som råd av det som gjekk føre seg fremst i kyrkja. Sjølve koret har fem sider av oktogonforma (åttekanten) og har ein uvanleg stor, oval alterring. På sidene er der blåmåla benker i same fargen som benkene i skipet. Taket går i eitt både i kor og skip, men lengst i aust er det avslutta etter forma på veggene. Både tak og veggbjelkar er måla i ein gråtone, medan søylene i skipet har ein dus rosafarge. Ein fin detalj på søylene er glaslampettane med krossen som motiv.

Det frambygde galleriet i vestenden vart utvida framover på sidene då kyrkja fekk nytt og mykje større orgel i 1927. Kyrkja har elles tre store og svært enkle vindauge på kvar av veggene i skipet, som gir godt lys både til galleriet og kyrkjerommet. I koret har dei to vindauga nærast altertavla ein smal kross i glasmosaikk, nesten like høg og brei som glaset. Vindauga over dei to små galleria gir også lys inn til sakristia under.

Fram gjennom åra har det vore utført diverse vedlikehaldsarbeid på kyrkja, ikkje minst på kyrkjetårnet, som fleire gonger har hatt lekkasjar. I 1995 vart det laga til nytt dåpsrom på sørsida av våpenhuset, og omsider fekk kyrkja toalett. Samstundes vart det bygt eige handikaptoalett på nordsida like innafor sidedøra. Kyrkja har oppgang til galleriet frå begge sidene i våpenhuset.

Altertavla

Av inventaret i kyrkja er altertavla med si dramatiske historie det mest særmerkte. Kunstmålaren Anders Askevold måla dette kunstverket i 1859, i ein alder av 25 år, og overrekte det til kyrkjelyden i samband med vigslinga av den førre kyrkja i Askvoll. Då krosskyrkja brann i 1862, var det nokre snarrådige menn som kom seg inn i kyrkja ved å hogge opp inngangsdøra. Det var ikkje så mykje inventar dei fekk med seg, men dei klarte å slå sund ramma rundt alterbiletet og redda det ut gjennom bakdøra.

Kommunen kosta ny ramme til biletet, og slik gjekk det til at det vakre biletet fekk heidersplassen i dagens kyrkje. Det viser Jesus i bøn i Getsemane, med sovande læresveinar i bakgrunnen. Ein engel med medlidande uttrykk, kom og styrkte han (Luk. 22,43). Under står teksten: "Se det Guds Lam, som bærer Verdens Synd! Joh: 1 Cap: 29 Vers." I 1860 måla Askevold same motiv til Solund kyrkje, i 1862 også til Brekke kyrkje. Seinare måla han tavla i Kaupanger (1865) og i Birkeland i Bergen (1879) med Jesu oppstode som motiv.

Kunst og inventar

På alteret står to lysestakar i messing frå 1696. Nattverdsutstyret er ein kalk og ein disk frå 1859, ei brødøskje frå 1939, og to vinkanner frå 1697.
Preikestolen og døypefonten er frå 1863. Dåpsfatet i sølv frå 1960, har innskrifta "Frå barna i Askvoll kyrkjelyd. Luk. 18, 15-17. 1960." Dåpsmugga i sølv er frå 1940. Lysekronene frå 1859 er frå kyrkja som brann ned.

Her er tre portrettmåleri. Det eine er frå 1890, og er eit portrett av sokneprest G. P. Harbitz, måla av Kr. Olsen. Det andre er eit portrett av sokneprest Johan C. Christie, og det tredje av sokneprest O. Lyngstad.

Orgelet er frå 1904 og har 14 stemmer, laga av Olsen & Jørgensen. Kyrkjeklokka frå 1882 har innskrifta "Kirkens klokke er oprindelig foræret av Askvolds Menighed 1863. Kom hjerte tag imod Naadens søde Bud. I dag! I dag! I dag!" Klokka som vart gitt i 1863, vart skadd i 1882. Klokkestøyparen selde den fyrst vidare utan å skaffe ny, men vart tvinga til å skaffe ny klokke som vart kjøpt hjå R. Wallendahl i Bergen. Klokka kom frå der Bochumer Verein für Gußstahlfabrikation.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR