Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Steffastøylen



Steffastøylen ligg ved riksvegen over mot Utviksida ca. 575 m o.h. Dette er støl for bruk nr. 1 på Fella, gard nr. 89. Det skal vere restar etter stølshus til dette bruket på Feldestølen. Sjå eigen artikkel om denne stølen. I 1860 åra skal det vere at dei flytta til noverande stad. Her har vi sel og fjøs med høyplass. Ei kvie ved stølen er fulldyrka og vart slegen fram til 1995 (Kjell Råd).

Steffastølen med fjøs, sel og dyrka mark.

Steffastølen med fjøs, sel og dyrka mark.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1999.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

I dag blir riksvegen brukt for begge stølane. Tidlegare var det å gå frå tunet oppover stølsråsa om lag ein times tid.

Bruk av stølen

Dei flytta til støls kring jonsoktider og var der truleg fram til kring barsok. Stølane vart brukt på vanleg måte med dagleg å gå til støls, mjølke og overnatte, mjølke og så heim att for å hjelpe til. Mjølka vart sett til syrning i mjølkeaskar. Rømmen skumma av etter 3-4 dagar. Rømmen vart frakta heim ein eller to gonger i veka. Skjøret som regel bore heim dagleg. Stølsdrifta vart slutt kring 1945-50.

Nokre fakta

Fella, gard nr. 89, Breim sokn, hadde 4 bruk i 1890.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 5. (Upublisert, november 2000).
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR