Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 31. januar 2024

Kategori

Kommune

Rå-data

Sverrestigen



Eit stykke middelalderveg mellom Husum og Borgund stavkyrkje. Ein veg for kongar i fred og ufred. No eit populært turistmål.

Kart eller "croqui" henta frå ein artikkel av Alf Torp om "Gamle veier i Lærdal" i Den Norske Turistforening si årbok for 1944.

Kart eller "croqui" henta frå ein artikkel av Alf Torp om "Gamle veier i Lærdal" i Den Norske Turistforening si årbok for 1944.

Stig, ikkje sti

Ein "stig", eller /steg/ som er lokal uttale, er eit bratt vegstykke. Me finn ordet i samansetningar andre stader i dalen òg som til dømes Heggsstigen. Ordet kan lett forvekslast med det meir boklege "sti" (smal gangveg) som ikkje har lokal forankring. I turistbrosjyrer, på skilt og kart har namnet "Sverrestien", noko feilaktig vore brukt.

Ridevegen

Dette er eit stykke av den gamle ridevegen gjennom dalen på strekninga Borgund stavkyrkje - Husum. Kyrkja var og er det naturlege midtpunktet her. Mange vegleier møtest i dette området.
Vegstykket, om lag 3 kilometer, rundar åskammmen Klanten på sørsida, medan det kjende partiet Vindhella ligg nord for Klanten. Vindhella er kortare i lengde, men mykje brattare.
Vegen ligg i vakker natur med idylliske parti gjennom skog og mark. Det går bratt opp frå Lamheller ved Husum. Her er vegen lagt opp på eit enkelt murverk og er ein skikkeleg "stig". Opp mot toppen av Klanten flatar det ut. På høgste punktet passerer me gardane i Tråo og gangvegar fører til gardane Nese som ligg nede i dalbotnen. Deretter er det for det meste svak unnabakke til me når Borgund stavkyrkje. Ein trefigur som førestiller kong Sverre, forma av ein lokal kunstnar med motorsag, står her i vegkanten. Ein rundtur gjennom Vindhella og Sverrestigen med utgangspunkt frå Borgund stavkyrkje eller Rimskjold ved Husum, er eit populært turalternativ for mange.

Dei fyrste veglovene

Dei fyrste reglane me kjenner til om vegvedlikehaldet er frå Gulating- og Frostatingslovene på 900-talet. Gjennom Magnus Lagabøter si landslov i 1274 vart det eins vegreglar for heile landet. "Tjodgata", eller allmannsvegen, skulle vera minst 8 alner (ca. 3,8 m), eller ei spydlengde brei, og godt rydda. Bøndene skulle halda vegen i orden. Tre gonger i året skulle dei møtast og i fellesskap vøla og rydda. Med mellomrom vart det halde inspeksjonar, såkalla "baugreid". Når kongens mann reid "baugreid" med eit spyd med vidjehankar på tvers over hesteryggen, laut bøndene betala ein ørtug sølv (9,83 g) for kvar kvist eller grein som reiv vidjehanken av spydet.
Kor lenge Sverrestigen var ein del av "hovudvegen" gjennom dalen og når ein byrja å bruka Vindhella-traséen, er usikkert. Fleire reisande nemner Vindhella alt på 1600-talet, men truleg var Sverrestigen i bruk heilt fram til 1790-åra då me fekk den fyrste køyrevegen for hest og vogn gjennom dalen.

Kongar i fred og ufred

Kong Sverre har gjeve namn til vegstykket. Han og mennene hans fór gjennom dalen fleire gonger mellom anna i 1177 på veg frå Austlandet til Sogn. Sverresoga fortel at bøndene låg i fjellet ovanfor vegen med stein og tømmervelter og venta på kongen. Men han hadde fått varsel om faren. Han samla sine beste menn og tok ein omveg og fall bøndene i ryggen. Nokre vart drepne og resten rømde, fortel soga.
Denne hendinga gjekk neppe for seg her i Sverrestigen; til det høver lendet lite. Meir truleg er det at dette hende lenger nede i dalen i dei tronge partia ved Galdane ein stad.
Elles var det truleg mykje trafikk på vegen i den tida. Borgarkrigstida om lag 1130-1230 førte med seg mykje reising mellom Aust- og Vestlandet og den snøggaste var over Filefjell gjennom Lærdal. Forrutan kong Sverre reiste kong Øystein Haraldson her i 1157 og i 1183 flykta Magnus Erlingson og mennene hans denne vegen frå Bergen. I 1212 rømde baglarar gjennom dalen då kong Sverre jaga dei i Sogn.

Snorre Sturlason kan fortelja at nokre hundreår før kjem Halvdan Svarte her frå Valdres på veg til Sogn, sidan Harald Hårfagre, og sjølvsagt Olav den Heilage på veg til Valdres i 1023 i kristningsferd.
Historikaren Yngvar Nielsen har sett litt på Snorre sine opplysningar i eit større perspektiv. Han kom fram til at det var fire hovudvegleier i Norge i Middelalderen. Den viktigaste var vegen mellom Oslo og Trondheim. Alle dei tre andre var sambandslinjer aust - vest. Den eine var Nordmannsslepa over Hardangervidda, den andre ein veg gjennom Røldal og den siste over Filefjell gjennom Lærdal. Den var, i følgje Nielsen, mest nytta.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Statens vegvesen - Lærdal kommune: Frå kongeveg til stamveg. Hermansverk/Lærdal 1993.
Kulturhistorisk vegbok Sogn og Fjordane. Lærdal - Sogndal. 1989.
Hvattum, Harald: På gamle vegar i Valdres. Valdres Forlag og Valdres Folkemuseum, Fagernes 1993.
Skoug, Stein E.: Kongeveien over Fillefjell. Grøndahl 1975.

PERMANENT IDENTIFIKATOR