Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 20. november 2001

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Kunstmålar Johannes Johannessen



I 1909 fekk bergensmålaren Johannes M. Johannessen (1859 - 1926) kjøpa seg tomt i Balestrand. Han bygde seg ein vakker villa like ved fjorden. Johannessen var sjølvlærd kunstmålar, og ein god ven av kunstmålaren Hans Dahl.

Det vakre huset til Johannes Johannessen sett frå sjøsida. Dette var bygt i ein annan stil enn dei andre kunstnarvillaene i bygda. Mange meiner dette er det vakraste.

Det vakre huset til Johannes Johannessen sett frå sjøsida. Dette var bygt i ein annan stil enn dei andre kunstnarvillaene i bygda. Mange meiner dette er det vakraste.

Eigar: Ingrid Melkild Hustavnes.

Datering: Ca. 1985.

Fotograf: Arne Melkild.

Villa ved Sognefjorden

I 1909 fekk Johannes Johannessen kjøpa ei tomt av Mons Hansson Bale. Johannes var fødd i 1859 i Bergen. Han likte seg godt i Balestrand. Før han fekk bygt huset, budde han ei tid på Kvikne's Hotell. Han leigde òg ei kort stund husvære hjå folk i bygda. Johannessen hadde etter det me kjenner til inga formell utdanning som kunstmålar, men han har måla mange vakre landskapsbilete, og han var ein flink portrettmålar. Han har måla to portrett som heng på Kvikne's Hotell i dag. Johannessen var gift med Clara Kretchmer (1868-1946) frå Berlin. Huset vart bygd i 1909 og eigedommen fekk namnet Solheim. Huset ligg vakkert til med vidt utsyn over Sognefjorden.

God ven med Hans Dahl

Den 15. januar skreiv kunstmålar Hans Dahl ein stad at han brukte å spela sjakk med Johannes Johannessen om ettermiddagen mellom kl. 18.00 og 20.00. Den 27. februar same året døydde Johannes berre 61 år gamal. Johannessen og Dahl var gode vener. Johannessen møtte kona i Tyskland, og det vert sagt at ho var velståande. Johannessen var ein koseleg mann, og han likte godt å fortelja historiar. Clara Johannessen vart buande i villaen Solheim. Ho var ein god ven med Antonette Thygesen frå Balahaugen. Antonette budde hjå henne, og fekk eigedommen etter at Clara var død.

Nye eigarar

Antonette Theodora Johanne Thygesen hadde eigedomen til 1955. Ho var oppvoksen på bnr. 27 ved Balahaugen, men budde kvar vinter hjå Clara Johannessen. Då Antonette døydde, gjekk heimelen over til Bjarne Johannessen og andre, før huset i 1955 vart seld til kaptein Olav Skaasheim og kona Julie Thue. Olav reiste i utanriksfart frå 1935 til 1965. Under krigen var han styrmann. Seinare var han kaptein på fleire ferjer i Fylkesbaatane. Det var han som sette opp stakittgjerdet mot vegen. I dag er det sonen Johannes som er eigar.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Urtegaard, Gunnar: Balestrand. Gards- og ættesoge. Bind II. Balestrand 1991.
Intervju med eldre folk i Balestrand.

PERMANENT IDENTIFIKATOR