Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. april 2013

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Silda bedehus



Bedehuset på Silda stod ferdig i 1941. I 2005 hadde Fjordenes Tidende oppslag om at bedehuset var blitt bygdemuseum med innsamla gjenstandar og anna «frå tidlegare tider», også frå organisert lagsarbeid. «Sildens Kvindeforeining» står det på koppane i eit gammalt servise.

<p>&Oslash;ya Silda ligg i V&aring;gs&oslash;y kommune, nord for kommunesenteret M&aring;l&oslash;y. Busetnaden og hamnene ligg p&aring; s&oslash;rsida av &oslash;ya. I 1946 budde det 121 menneske i 18 hus p&aring; Silda.</p>

Øya Silda ligg i Vågsøy kommune, nord for kommunesenteret Måløy. Busetnaden og hamnene ligg på sørsida av øya. I 1946 budde det 121 menneske i 18 hus på Silda.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2013

Fotograf: Hermund Kleppa

«primus motor»

Onsdag 20. februar 1974 fylte Fritjof Silden 80 år. Litt forseinka hadde bladet «Solstrålar», organ for Nordfjord Indremisjon, gratulasjon og omtale. Det går fram at Fritjof Silden i ei «årrekkje» hadde vore ein sentral person i det kristelege arbeidet på Silda. Fritjof Silden må ha vore den drivande krafta i arbeidet med å få bygt bedehus.

«Fritjof er ein kjær medarbeidar og trugen bror i Herren som i ei årrekkje har vore formann for Silda Indremisjon og «primus motor» for det kristelege arbeidet i bygda. «Betaniaheimen» som Fritjof og kona hans har på Silda, står open til alle tider for Herrens vitner og vi vil ynskje Guds fred og signing over heimen, og dagar og år framleis. Helsar med Esaias 46.4. Nordfjord Indremisjon.

(Esaias 46.4: «Alt til dykkar alderdom er eg den same, og til de grånar i håret, skal eg bera dykk; eg hev gjort det, og eg skal framleis lyfta dykk, eg skal bera og berga dykk.»)

Indremisjon

Fritjof Silden var «primus motor» for det kristelege arbeidet i bygda». Her vil det først og fremst seia at han var leiar for indremisjonsarbeidet og aktiviteten knytta til bedehuset. I 1979 hadde Nordfjord indremisjonsforeining eit «kontaktlag» på Silda. Fridtjof Silden var formann. Laget vart skipa i 1933.

Om huset

Jubileumsboka til Nordfjord Indremisjon 1979 opplyser at Silda bedehus vart bygt ferdig i 1941 og innvigt året etter. Av ei notis i Fjordenes Tidende 12. april 1948 går det fram at «indremisjonsforeningen på Silda» stod som eigar. I 1964 vart det bygt tilbygg med kjøkken, matsal, garderobe og toalett.

Orgel

Våren 1948 blei det sett i gang arbeid for å skaffa orgel til bedehuset. Finansieringa blei ordna ved kronerulling med fortløpande meldingar i Fjordenes Tidende. Folk kunne betala fem eller to kroner og utfordra namngjevne personar til å gjera det same. Pengane skulle sendast til Fritjof Silden, og Fridjof Silden var første mann til å betala og utfordra, nemleg Peder Sæteren, Anders Myklebust og Lars Flister. I oppslaget i FT om bedehuset som bygdemusem 2005, fortel Margunn Fure at dei også har eit «orgel». Venteleg er dette orglet bedehusfolket samla inn pengar til i 1948.

Skule i bedehuset

Det finst fleire døme på at bedehus vart brukte som skulehus. Som oftast var det ei mellombels løysing i påvente av nytt skulehus. Det var også tilfelle på Silda, men bedehuset på Silda blei også teke i bruk som politisk pressmiddel. Bedehusstyret truga med å seia opp leigeforholdet dersom Vågsøy kommune ikkje fekk fortgang i arbeidet med å byggja tenleg skulehus på øya.

Silda fekk skulehus i 1922. I 1966 vart huset kondemnert utan at det var kome nytt skulehus. Skuleåret 1966/67 starta med at lærar og elevar heldt til i bedehuset. Men folket på Silda tykte det gjekk tregt med å koma i gang med byggjearbeidet. Fjordenes Tidende hadde fleire oppslag om saka. Bedehusfolket òg engasjerte seg. Eit oppslag i FT hausten 1968 hadde denne tittelen: «Bedehusstyret på Silda setter Vågsøy komm. kniven på strupen». Vilkåret var greitt: Om arbeidet med å byggja ny skule ikkje var kome i gang «til våren», kom bedehusstyret til å stengja dørene. «Vi vil ikke bli holdt for narr av Vågsøy kommune lenger», var sluttorda i eit brev til Vågsøy kommune frå styret i Silda bedehus, underskrive av formannen, - Fritjof Silden.

Bygdemuseum i bedehuset

Fjordenes Tidende hadde 10. august 2005 oppslag om bygdemuseum på Silda, i bedehuset. Føregangskvinna for tiltaket var Margunn Fure. Ho fortel til avisa at dei har samla inn «mange gjenstandar frå tidlegare tider» og stilt ut i alle tre etasjane i bedehuset. Ikkje minst kjem det godt fram at Silda har vore verkeleg «store på fiskeri». Museet opna våren 2004 og var frå første stund godt besøkt.

Bygdemuseet på Silda «fortel» også bedehushistorie. Museumsbygningen er eit bedehus, det gamle bedehusorgelet er ein del av samlinga, og det finst truleg sikkert også anna bedehushistorisk tilfang.

Sluttmerknad

Artikkelen byggjer på svært avgrensa kjeldetilfang. Vi har ikkje hatt høve til å nytta eventuelt arkivtilfang frå bedehusstyret og indremisjonslaget, heller ikkje munnlege kjelder.

kjelder:

Wergeland, Norvald, o.fl: Nordfjord Indremisjon 100 år. 1979.
Fjordenes Tidende: 12.04., 00.05.1948, 12.07., 11.11., 13.12.1968, 10.08.2005
Ljosstrålar. Organ for Nordfjord indremisjon. Mars 1974(?)
Norsk Allkunnebok

PERMANENT IDENTIFIKATOR