Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Garden Erikstad på Svanøy


Erikstad - som lokalt uttalast<i>er'sta</i>- ligg vest på Svanøy. Gardstunet er bygd eit kort stykke opp frå Erstadvågen på nordsida av øya. Her er mange gamle hus og fleire velvaksne tuntre. Sauer går på inngjerda beite, og ein stad går det fleire hestar.

Gardstunet på Erikstad sett mot nord med hovudbygningen, Drengestova og Kjellarhuset til høgre og Gamlefjøsen, og den nyare fjøsen til venstre. Eit kjempestort tuntre mellom fjøsen og hovudbygningen måtte fellast i 2003.

Gardstunet på Erikstad sett mot nord med hovudbygningen, Drengestova og Kjellarhuset til høgre og Gamlefjøsen, og den nyare fjøsen til venstre. Eit kjempestort tuntre mellom fjøsen og hovudbygningen måtte fellast i 2003.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2004.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Gardsvegen

Frå Svanøybukt - båtstoppestaden på Svanøy - går vegen vestover, forbi Svanøy hovudgard og gardstunet på Solhaug. Midt på øya går ein veg sørover til garden Kvalstad. Vegen vidare går forbi Svanøy skule, og noko lenger ute står skiltet "Gamlevegen til Erikstad", no nærast ein skogsveg å rekna, med trebru over inste enden av Stryvatnet. Gamlevegen kjem innpå nyevegen like før innmarka på Erikstad, der det står "Erikstad gard" måla på ei attleten grind.

Gardstunet

Gardstunet på Erikstad har fem bygningar. På framsida av hovudbygningen, oppførd 1842, er pryd- og nyttehage, og på nordsida, ned mot sjøen, står ei rekkje store almetre. Aust på tunet ligg det eldste huset, Drengestova, ein låg raudmåla bygning som i eldre tid var bustadhus for tenarar. No er Drengestova nytta som uthus og gardsmuseum med ei mengd gamle husgeråd og reiskapar. Nadanfor dette står Kjellarhuset, i røynda ein stabbursbygning med ringeklokka på taket. Kjellaren vart brukt som potetkjellar, og av dette kjem namnet. I vest står to raudmåla fjøsbygningar, den eine kallast Gamlefjøsen. Eit stykke vest for desse ligg eit bustadhus av nyare dato.

Eigarar og brukarar

Hans Svanøe var ugift, men tok til seg seks foreldrelause born etter systera Bertha, som var gift med Endre Johannessen på Voss. I familien vart Hans Svanøe i ettertida omtala som Onkel Hans. Hans var ein driftig gardbrukar. Han bygde på fjøsen, grøfta og dyrka jorda, og sende smøret sitt til Bergen. Dessutan var han ein god kunstmålar.

Hans Svanøe overlet Erikstad til systersonen Endre Svanøe (1848-1941) som var utdanna landbrukskandidat, maskin- og bygningsingeniør. Neste eigar og brukar var sonen Einar som også i fleire år var kommunekasserar i tidlegare Bru kommune. Einar overlet garden til sonen Endre (1917-2000, gift med Alvhild, fødd 1930.
Endre interesserte seg for skogbruk og anla fleire granplantefelt. Dottera Solveig Svanøe fekk skøyte på Erikstad i 1985.

Ridesenter

Ridesenteret tilbyr kurs med opphald på staden. Området er særs veleigna for ridning. Her er på det næraste trafikkfritt og godt med skogsvegar i utmarka.

God hamn

Erstadvika ligg godt skjerma for ver og vind. Her er eit bra stort naust med båtstø og ei sjøbu med bryggje. Fyrst på 1900-talet var det frå tid til anna stor aktivitet på sjøbua med sildesalting og tønneproduksjon.

Gardsnamnet

Æirikstodum (Bergens Kalvskinn, jordebok, 1300-talet), Erichstad, Erickstadt 1563, Erichstad 1603, 1608, Ericsta 1667, og Erichstad 1723. Rygh nemner elles at garden kan ha fått namnet fyrst på 1300-talet.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Rygh, Oluf: Norske gaardnavne
Stavang, Harald J.: Flora. Kulturhistorisk vegvisar. Selja Forlag 1999.
Helland; Amund: Topografisk-statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus Amt. 2. del. Kristiania 1901.
Norsk Biografisk Leksikon. Schou, Alhed: Svanøen i Søndfjord. Kristiania 1912.
Opplysningar frå: Alvhild Svanøe, Flora, 2004.

PERMANENT IDENTIFIKATOR