Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 20. september 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kommune

Rå-data

Gravminne frå mellomalderen - på Indre Hafslo



"Eit interessant gravminne frå mellomalderen, truleg frå 1200-talet, og eit verdfullt minne om Fet som gamal kyrkjestad og kyrkjegard." Det uttalte Riksantikvaren i 1994 om eit heilt spesielt gravminne i kleberstein på kyrkjegarden ved Fet kyrkje på Indre Hafslo. Men han var uroleg for at det kunne koma til å forvitra og "til sist gå tapt."

Gravminne frå mellomalderen på kyrkjegarden ved Fet kyrkje. Det er i ferd med å gro over av gras, mose og lav.

Gravminne frå mellomalderen på kyrkjegarden ved Fet kyrkje. Det er i ferd med å gro over av gras, mose og lav.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2005.

Fotograf: Hermund Kleppa

Gravminnet 2005

Mellomalder-gravminnet på Indre Hafslo ligg eit stykke aust for kyrkja, på eit felt av kyrkjegarden der det er få gravminne. Det er kraftig overgrodd med mose og lav og ligg nesten plant med grasbakken. Ved fyrste augekast legg ein merke til at gravminnet består av to deler, ein smal, kring halvannan meter avlang stein og eit halvt synleg "hjul" med to hol ved den eine enden. Steinen er godt og vel 20 cm brei i eine enden og snaut 40 i den andre. Frå smalaste enden går etter ryggen ein "profil" som endar i ein kross, men sjølve krosspartiet var sommaren 2005 så overgrodd at ein nesten måtte vita om det for å sjå noko som helst.

Omtale i 1926

Antikvar Anders Bugge omtalar gravminnet i "Vore gravminder" (1926):
"en kistelaagformet klæberstensplate (..) med et enkelt elegant processionskors uthugget i relief midtefter ryggen og cirkelformede endestykker med gjennembrutte kors.

Riksantikvaren har datert gravminnet til 1200-talet men nærare tidfesting er vanskeleg.

Vernande kraft i krossmerket

Prosesjonskrossen har til alle tider vore brukt i den katolske kyrkja; i dei seinare åra også meir og meir i den lutherske kyrkja. Og krossmerket har alltid vore tillagt guddommeleg og vernande kraft i mange samanhengar, ikkje minst i samband med død og gravlegging. Ei innskrift på ein liknande stein frå Vereide kyrkje, talar tydeleg om dette. Det står:

"Gid alt ondt vige langt bort ved korsets tegn og gid hvert rike frelses ved det samme tegn."

Tilstand - naudsynt å gjera noko

Riksantikvaren har hatt fagfolk på staden to gonger, sist i 1978. Det er i seg sjølv uttrykk for at dette mellomalder-gravminnet er av stor kulturhistorisk verdi. Etter at Riksantikvaren i 1994 hadde fått tilsendt fotografi som synte korleis gravminnet såg ut då, gav han uttrykk for uro over tilstandet:

".. det er forurolegande å sjå kor mosegrodd den [steinen, gravminnet] er blitt i desse 16 åra som er gått. Det er heilt naudsynt at den vert rensa for mose og bragt under tak. Dersom det ikkje vert gjort, vil den forvitra vidare og til sist gå tapt."

Kven har ansvar for å ta tak?

År 2005 er stoda den same. Gravminnet er endå meir mosegrodd og framleis i ferd "med å gå tapt." Kven har ansvaret for å gripa inn? I fyrste instans forvaltaren av kyrkjegarden, det kyrkjelege fellesrådet, seier Riksantikvaren (august 2005.). I siste instans Riksantikvaren, kan det leggjast til.

kjelder:

Bugge, Anders: Vore gamle gravminder. I serien Fortidsminder, nr. VIII. Oslo 1926.
Informasjon frå:
Riksantikvaren.

PERMANENT IDENTIFIKATOR