Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Kaihuset i Holmen



Det er kring dampskipskaien dagens Balestrand har vakse fram, og teke form, og her har ekspedisjonshuset vore sentralt i kailivet sidan det vart bygt i 1890-åra.

Kaihuset, eller <i>Gamleposten</i> som huset også vert kalla (til venstre på biletet), står slik som då det vart bygt i 1890-åra. Fargane er typiske for denne tida; engelskraud kledning med kontrastar i kvit og grønt for å framheve dører og dekor. Til høgre <i>Bom Bom</i>-huset.

Kaihuset, eller Gamleposten som huset også vert kalla (til venstre på biletet), står slik som då det vart bygt i 1890-åra. Fargane er typiske for denne tida; engelskraud kledning med kontrastar i kvit og grønt for å framheve dører og dekor. Til høgre Bom Bom-huset.

Eigar: Norsk Reiselivsmuseum.

Datering: 2000.

Fotograf: Solveig Jordal.

Kaihuset eller "gamleposten"

Ekspedisjonshuset står omtrent slik som då det vart bygt, ein toetasjes, raudmåla bygning i enkel sveitsarstil. Det kvitmåla listverket og den beskjedne dekoren på taksperrer og kring inngangsdørane gir bygget karakter.
Som namnet seier ligg huset på kaien. Då det vart bygt var det postopneri og godsekspedisjon i første høgda. I andre høgda budde ekspeditøren med familien sin. I eit tilbygg til huset var det stall og fjøs, for hestar og andre dyr, som skulle fraktast, eller kom med båten.
Ekspedisjonskontoret vart ei tid flytta til nabohuset Bom Bom, før både posten og godsekspedisjonen fekk nye, tidsmessige lokale på byrjinga av 1960-talet. Mot slutten av 1980-talet vart Kaihuset overteke av Norsk Reiselivsmuseum.

Ekspeditørane

Då båtrutene starta opp på 1800-talet, var det ofte landhandlarane som var ekspeditørar. Slik var det også i Balestrand. Den første tida hadde landhandlar Danielsen også ekspedisjonen, seinare Ole Kvikne. Etterkvart kravde post- og båttrafikken ein eigen mann. Jens O. Kvikne vart ekspeditør og hadde postopneri. I hans tid vart det også bygt ny bryggje og sjøbu (1911). Sonen Ingolf Kvikne overtok ei tid som ekspeditør og seinare finn vi Ragnvald Kvikne, Marta Kvikne og frå 1962 Reidar Skjolden. Han arbeidde her til ekspedisjonen vart nedlagd i 1994.

Sjøen var vegen

Dei første dampskipa kom på Sognefjorden i 1840-åra og frå 1858/59 hadde Nordre Bergenhus Amts Dampskibe (seinare Fylkesbaatane) etablert faste ruter mellom Bergen og Sogn. Dei første rutene var først og fremst post- og godsruter, men raskt vart passasjertrafikken også viktig.
Kring 1900 var det ikkje berre rutebåtane som prega fjorden og stoppestadene. Dette var den store tida for dei flytande hotella med sine gjester. I Esefjorden kunne det liggje fleire slike skip samstundes og det var eit yrande liv både på sjø og land desse skipsdagane.

Det moderne bygdesenteret

Kommunestyret i Balestrand hadde alt i 1856 vedteke å flytte stoppestaden for dampbåten frå Flesje til Balholm. Her låg gjestgiveriet, som etterkvart vart bygt ut til Kviknes Hotell og det var kring gjestgiveriet og kaien at det moderne bygdesenteret Balholm tok form.
I Holmen kom det butikk og handverkarar, meieri, bank og andre tenestetilbod til fastbuande og etterkvart turistar. Så lenge sjøen var den faste ferdslevegen var kaien samlingsstad for bygdefolket. Her hadde karane sin faste møtestad på Rotabenken der dei kunne fylgje med på dei reisande og høyre nyhende frå nær og fjern. Med nye ferdslemønster har også dette endra seg.

"..af de mest begunstigede Anløbssteder.."

Frå 1890-åra vart Balestrand eit ettertrakta reisemål for turistar. Turistferdsla viste att både i passasjerstatistikkane og i livet på kaien sommarsdag. Frå 1893 var Balestrand mellom dei stoppestadene i fylket som har hatt størst passasjertrafikk. På denne tida gjekk Alden, Sogn eller Kommandørendaglege ruter mellom Bergen og Sogn.
I 1922 skriv reiselivsmannen Scarlett at Balestrand har vorte "af de mest begunstigede Anløbssteder for Nordre Bergenhus Amts Dampskibe og Bergenske & Nordenfjeldske Fjordture, ligesom for alle "de flydende Hoteller".
På Vestlandet heng båtrutene og utviklinga av reiselivet nøye saman. Dampskipa og tilrettelegging av rutetilbod var ein føresetnad for at det kunne kome turistar hit på 1800-talet og direkte grunnlag for nyetableringar og vekst i reiselivsbedriftene. Den første og største veksten innan reiselivet fann stad i bygdene med hyppigst rutesamband til Bergen. På den andre sida har turisttrafikken også vore med å sikra rutetilbod for dei fastbuande.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Førsund Finn Borgen : Dampen og kaia. Førde 1998.
Scarlett, F.: Turistlandet Norge. Kristiania 1922.
Wulfsberg, J. G.:Kvikne's Hotel og Landhandleri, Balholm - 50 aar. 1927.
Urtegaard, Gunnar: Balestrand II. Balestrand 1991.

PERMANENT IDENTIFIKATOR