Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. august 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Gravminne frå mellomalderen på Kinn



Det ligg ein lang stein attmed våpenhuset på Kinnakyrkja. Ser du nærare etter, oppdagar du ein kross, ein malteserkross i relieff. Kva slag stein er det?

Steinen med malteserkross i relieff  på Kinn ligg attmed sørveggen til våpenhuset.

Steinen med malteserkross i relieff på Kinn ligg attmed sørveggen til våpenhuset.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2007.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Malteserkross
Malteserkrossen er kjenneteikna ved den krossforma som dannar seg når fire triangel går med spissane mot kvarandre. Splitta endar høyrer og med som kjennemerke. Eit anna ord er johannitterkross, etter den kristne munkeordnen johanittarane, oppretta på midten av 1000-talet. Ordenen går også under namnet malteserordenen. Teiknet til St. Olavs Orden har malteserkross.

Steinen på Kinn
Steinen med malteserkross i relieff på Kinn ligg nesten nede på marka langs sørveggen av våpenhuset. Han kviler på steinar. Lengda er 234 cm, breidda 68 cm i den eine enden og 58 i den andre, tjukna 6-7 cm tjukk.

Triangla eller krossarmane går frå ytre umarkerte sider i steinen i avkorta triangelspissar inn mot eit ringliknande sentrum. Relieffet er lågt. Liknande steinar andre stader har meir markert kross, høgare relieff, t.d. ved Ortnevik kyrkje, Høyanger og Årdal kyrkje, Hjelmeland i Rogaland.

Bergart
Bergarten minner unekteleg om bergarten i Hyllestad der det alt frå førhistorisk tid vart produsert store mengder kvernsteinar og andre gjenstandar som t.d. steinkrossar. Steinsorten er kjenneteikna av gråblå farge og tydeleg "knudret" overflate danna av granatar, på fagspråk nemnt som kyanittførande glimmerskifer.

Lars Larsen oppdaga steinen

Under ei synfaring to år seinare fortalde Jansen at steinen låg under sørveggen av eit tidlegare våpenhus. Steinen låg i retning aust-vest, kring 30 cm ut frå kyrkjemuren og ca 30 cm under dåverande overflate på kyrkjegarden. Det låg småstein og teglsteinbrot både under og på sidene av steinen. Jansen meinte at steinen ikkje låg i opphavleg posisjon over ei grav, men at han var plassert der som fundament for eit tidlegare våpenhus.

Krossen
Det var antikvar Christie som var på synfaring i 1982. Han tok mål og laga beskrivelse og teikningar. Eit avsnitt i innberetninga handlar om krossen. Mellom anna få me kjennskap til korleis steinsmeden gjekk fram då han laga krossen. Det står:

"På stenens overside er hugget inn et kors. Øvre og nedre korsarm samt de to tverrarmene har plan overflate som står noe fram fra partiene mellom korsarmene. Konturene for korset er hugget ca 1,5 cm ned i stenen slik at de danner en ca 2 cm bred fure. Dernest er partiet mellom korsarmene hugget ned nesten til konturfurens dybde, men midtre del av disse partier buler noe opp.

Korsets sentrum dannes av en tilnærmet ellipseformet plate med største diameter på tvers av stenen. Mot øvre og nedre korsarm er det dobbeltkontur. Det må oppfattes som en ring eller et bånd som er lagt over øvre og nedre arm og under tverrarmene i entrelac [ein strikketeknikk]. Korsarmenes konturer er noe utsvunget slik at det ligner Malteserkors."

 

kjelder:

På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane, 1. Nordfjord og Sunnfjord. 2000. Store norske
Innberetning av Hákon Christie, datert 14.10.1982.

PERMANENT IDENTIFIKATOR