Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Dimma øvre



Dimma øvre er støl for gard nr. 54 Hjelmeset og gard nr. 55 Andenes i Gloppen. Rett ved sida av ligg stølen Dimma nedre. Dimma øvre ligg ca. 540 m o.h. på fjellet aust for gardane Rye og Føleide. Dimmastølane ligg ved sida av Sageelva som har hatt ei demning rett ovanfor stølen. Denne demninga har truleg gitt området namnet Dimma. Husa på stølen er tett plasserte på felles grunn. Fjøsa ligg stort sett i øvre kviegard bortsett frå "storefjøset", ein felles stall for hestar, som låg utanfor kvia. Frå 1920 hadde kvart bruk to slåtteteigar på kvia.

Dimma øvre sett frå Dimma nedre.

Dimma øvre sett frå Dimma nedre.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1997.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

Då stølen var i bruk, var det så pass lang veg å fylgje råsa, at stølsjentene gjekk heim annankvar dag og avdrotten vart kløvja. I dag er det bygdeveg opp til Føleide. Vidare 5 km skogsbilveg og 0,5 km rås fram til stølen.

Bruk av stølen

Stølstida varte i vel to månader og stølsdrifta heldt fram til kring 1960. Stølsjentene gjekk heim annankvar dag. Dei gjekk ikkje heim same dagane så det var alltid folk att på stølen. Rømmen og skjøret vart henta med hest 2-3 gonger i veka etter som avdrotten var. Det tok minst 3 timar å hente ei kløv. Om dei vart noko seine om kvelden, overnatta dei og hestane stod på felles stall.

Første veka i august skulle stølsslåtten takast. Då kom det to frå kvart bruk som i tillegg til stølsjentene slo og fekk høyet i hus. Høyet vart så likt fordelt på bruka. I 1920 vart det utskilt 2 slåtteteigar pr bruk og slåttefellesskapet gjekk meir av bruk. Sjå artikkel om Dimma nedre der det er teke med interessant stoff om tjøremiler i skogen kring stølen.

Nokre fakta

Hjelmeset, gard nr. 54, Vereide sokn, hadde tre bruk i 1890. Andenes, gard nr. 55, hadde same året fire bruk. Folketalet på Hjelmeset var 31 i 1865, i 1900 var talet 19. På Andenes budde det 57 personar i 1865, medan berre 29 vart registrerte i 1900.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 4, side 243, 254. Sandane 1992.
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR